Gå videre til innhold

Siste nytt

  • Lyrikar Thor Magnus Tangerås mikrodoserer dikt

    At naturen er lyrisk, og lyrikk er naturleg, er premissane for Tangerås’ fjerde diktsamling, "Mikrodosering av dikt". Men natur og biomangfald er truga, og vår evne til merksemd, den ro og konsentrasjon som dikt krev, er svekt. Kan difor små, daglege dosar med dikt, «gylne drypp av nåde, små sting av nå», hjelpa oss til å koma nærare på naturen, oss sjølve og kvarandre? Denne boka er eit moderne d

  • Herborg Kråkevik klar med nytt Juleroser-hefte og ny juleforestilling på Det Norske Teatret

    Erlend Loe, Espen Lind og Musti er alle med i den 12. utgåva av juleheftet Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør. Og dei to siste søndagane før jul står dei på scena på Det Norske Teatret i den 3. utgåva av Juleroser-framsyninga. Espen Lind har laga ei ny nordnorsk julesalme "Sørrafør her", og Loe og Musti bidreg med eigne tekstar frå juleheftet. Hovudtemaet i årets hefte er fuglar – i fugle

  • Ny romantrilogi om dei første norske mormonane; "Riv meg frå alt som held meg tilbake" av Svanhild Olianna Nessa

    Svanhild Olianna Nessa kjem med romanen Riv meg frå alt som held meg tilbake om Nils frå Nessa som dreg til Salt Lake Valley og blir mormon. Rotnorsk bondekultur står mot den nye amerikanske draumen i første bandet av denne historiske romantrilogien, som tar for seg eit nokså ukjent kapittel i norsk historie, dei første norske mormonane.
    Nessa utanfor Stavanger, året er 1850. Nils har eigen gar

  • Arne Hjeltnes klar med boka "Det går sikkert bra: folk eg har møtt, og ting eg har lært"

    Arne Hjeltnes har alltid vore på farten. I oppveksten på Voss rasa han rundt på sykkel og ski. I 90-åra vart Hjeltnes landskjend for reiseprogrammetGutta på tur på TV 2.Han har skapt seg eit namn i næringslivet og er kjend som ein entusiastisk formidlar av norsk matkultur, lokal tradisjon og historie.I den nye boka Det går sikkert bra: folk eg har møtt, og ting eg har lært, fortel Hjeltnes levande

Sosiale medier

I dag lanserte vi Mikrodosering av dikt, og @permagnussenbokhandel var på plass med boksal. Dropen ytst på hasselbladet og dropen inst i augekråa, er han den same? At naturen er lyrisk, og lyrikk er naturleg, er premissane for Thor Magnus Tangerås sin fjerde diktsamling. Men natur og biomangfald er truga, og vår evne til merksemd, den ro og konsentrasjon som dikt krev, er svekt. Kan difor små, daglege dosar med dikt, «gylne drypp av nåde, små sting av nå», hjelpa oss til å koma nærare på naturen, oss sjølve og kvarandre? Denne boka er eit moderne drottkvætt, eit hyllingsdikt til ei dronning – naturen sjølv. Dronninga vår er sjuk, og berre ein heilande age for alt levande kan gjera henne frisk igjen. Gjennom ein serie korte dikt, «destillerte av tårer og puss», blir lesaren invitert med på skogbad i bøkeblad, sommarvals i enga og hugsvalande svalestup. Drope for drope, som ei skål i ein stein, blir merksemda – om små skapningar, dvergmusa høgt på eit strå, og om små rørsler, solgangsbrisen i sivet – slipa og forma slik at kontakten med «fivrelde i kroppen» kan gjenopprettast.

(Skamlaus bruk av søte kattar i marknadsføring, del … veit ikkje) 🥰 Ida Eva Neverdahl er tilbake med ei ny barnebok om Lucy! Lucy er ei jente som klarer alt, absolutt alt. Og i dag vil ho prøve noko nytt: Ho vil bli kjendis. Det er berre eitt lite problem: Det er ikkje så mange som kjenner til henne! Men dette er sjølvsagt ikkje til hinder for Lucy. Ho har nemleg klekt ut ein plan. I kjent stil har forfattaren laga ein original og fargerik bokserie for dei minste. «Lucy klarer alt: Kattekjendisen» er andre bok med oppfinnsame Lucy i hovudrolla. Igjen får lesaren bli med på alt det rare ho finn på for å gjere kvardagen ekstra gøyal.

🍪Konkurranse🍪 Vinn Helle Berg Leirens favorittutstyr til muffinsbaking! Ein heldig bakar får muffinsbrett, muffinsformer, sprøytetippar, sprøyteposar og åtte ulike pastafargar 🥰 For å delta må du kommentere denne posten med ditt favoritt-bakverk. Vinnaren blir trekt fredag 20. november. Lykke til! Psst! Har du fått med deg bakeboka hennar? Helle tok Noreg med storm då ho vann Bakemesterskapet junior tidlegare i år. Med lekre bakverk og smakfulle kaker imponerte ho ein heil nasjon unge bakarar. No deler ho sine aller beste tips og triks for at både store og små kan lykkast på kjøkkenet. Kanskje får vi nokre forteljingar frå innspelinga og litt sladder frå bak kulissene også? Dette er ei bakebok som famnar om alt frå den heilt ferske som prøver seg framfor bakebollen for første gong, til den bakeglade som vil teste ut noko litt meir avansert. Helle deler sine favorittoppskrifter på alt frå brownies og cookies til kanelknutar og dekorative cupcakes. Her er noko for kvar smak, uavhengig om du har prøvd deg fleire gongar med slikkepotten i hand eller skal prøve for aller første gong. Bak med Helle høyrer heime i alle heimar med bakeglade barn!

Lucy er tilbake! 😻 Lucy er ei jente som klarer alt, absolutt alt. Og i dag vil ho prøve noko nytt: Ho vil bli kjendis. Det er berre eitt lite problem: Det er ikkje så mange som kjenner til henne! Men dette er sjølvsagt ikkje til hinder for Lucy. Ho har nemleg klekt ut ein plan. I kjent stil har Ida Eva Neverdahl laga ein original og fargerik bokserie for dei minste. Lucy klarer alt. Kattekjendisen er andre bok med oppfinnsame Lucy i hovudrolla. Igjen får lesaren bli med på alt det rare ho finn på for å gjere kvardagen ekstra gøyal. Ute no!

✨JULEROSER PÅ DET NORSKE TEATRET✨ I desember inviterer Herborg Kråkevik, Erlend Loe og Espen Lind til ein varm førjulsfest på Hovudscenen! Med Juleroser har Herborg Kråkevik løfta fram ein rik, norsk juletradisjon og fylt den med nytt innhald. I 2026 kjem det litterære juleheftet i si tolvte utgåve med Kråkevik som redaktør. Det blir også fjerde gong du kan oppleve nokre av høgdepunkta på scenen, når Det Norske Teatret inviterer til den etter kvart tradisjonsrike juleframsyninga på Hovudscenen. Espen Lind har skrive årets julelåt «Søraførr her», om lengsel etter å dra heim igjen, til fjell og fjord i nord. Den framfører han på scenen i årets julekonsert 12. og 13. desember. Erlend Loe har skrive teksten «Riesenschnauzer», om den jula han tok ein uspesifisert «hopp-på-tur» til Kanariøyane heilt åleine, og om hunden han møtte der. Han er med på scenen på alle framsyningane. I tillegg møter du Musti (20. desember), Birkelunden Mannskor, band og skodespelarar frå Det Norske Teatret. Vi kan love musikk, forteljingar, humor og tradisjonsrik julestemning. I spissen for det heile står seremonimeister Herborg Kråkevik. Billettar finn du på detnorsketeatret.no 🥰🎄

Trude Tjensvolds «Hopp i havet!» er nominert til Brageprisen for beste sakprosabok for barn og unge! Juryen kallar boka «ei skikkeleg opplevingsferd gjennom havet» før dei held fram: «I første del blar vi oss djupare og djupare ned i havet og får møte mange av dei ulike artane som lever der. Deretter snur vi boka og blar oss opp att gjennom havet sine landskap. Dette er engasjerande og leiken fagfor-midling som vekker både undring og lærelyst.» Dette er så stas! Gratulerer, Trude 🥰

Fem profilar, fem bøker, ein vinnar. Gjennom heile oktober har titusenvis lesarar valt seg lag og bok i Leseklubbens Boktober-konkurranse. I dag kan vi gratulere Sigrid Bonde Tusvik, Agnes Ravatn og «Fugletribunalet» med sigeren!🎉 Sigrid har på eminent vis losa sine medlesarar gjennom Boktober og boka «Fugletribunalet» av Agnes Ravatn. Med sin leselyst og smittande engasjement har ho klart å få flest menneske til å melde seg på Boktober og laget «De skandaløse». Takka vere dette har «Fugletribunalet» vore på bestseljarlistane til bokhandlane heile månaden og ført til lange ventelister på biblioteket. Hurra og gratulerer 🥳