Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Suksess i utlandet for instagram-boka "Leik med maten"

    Ida Skivenes deler matglede og kreative frukostar med over 150 000 følgarar frå heile verda på Instagram under namnet idafrosk. No deler ho også oppskriftene i bokform på både norsk og engelsk. Opplaget av den engelske utgåva ("Eat your art out") forsvann med det same ho kom på marknaden, og andre opplag av både norsk og engelsk utgåve er snart klare. Samla opplag er 10 000.

  • Bøker som får ungdom til å lese

    Velkomen til arrangement på Nasjonalbiblioteket, Halvbroren, Observatoriegt. 1B, Oslo. Onsdag 18. september kl 18.00.

  • Jan Roar Leikvoll får Stig Sæterbakkens minnepris

    Snart bokaktuelle Jan Roar Leikvoll er årets vinnar av Stig Sæterbakkens minnepris på 100 000. 25.9. kjem Leikvolls nye roman "Songfuglen" ut. Det er andre gongen minneprisen vert delt ut. I fjor gjekk prisen også til ein Samlagsforfattar, Mette Karlsvik.

  • Agnes Ravatn med ny roman, Fugletribunalet

    Boka er alt selt til Tyskland, til det anerkjente forlaget Random House Germany (tidlegare Bertelsman). I Fugletribunalet følgjer vi to menneske som har søkt eksil i eit avsidesliggande hus ved havet. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?

  • Atle Hansen skriv om asylbarn i ny spenningsbok for ungdom

    Rett under fjellet ligg det eit tomt hus, som plutseleg ikkje er tomt lenger. Nokon har flytta inn, men vil ikkje bli sett. Er det dei rømte asylbarna, eller kanskje den farlege fangen som har slått seg til der? Og kva i all verda gjer ein når ein oppdagar noko som er hemmeleg?

  • Ny ungdomsroman frå Magnhild Bruheim, "Det som er sant"

    Kva er sant, og kva er rykte? Linn og Solveig er bestevenninner, men vennskapen blir sett på ein vanskeleg prøve når Hanna og Sander har to ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde på det rommet på den festen. "Det som er sant" engasjerer lesaren frå første side og er ei høgaktuell bok om sex, vennskap, overskriding, grensesetting og hemningslaus ryktespreiing på sosiale medium.

  • Dyrlege Anne Viken klar med ny hestebok

    Anne Viken er klar med ny hestebok, "Elise og mysteriet på hesteklinikken". Ho debuterte i 2012 med den første boka i serien om Elise, "Elise og mysteriet med dei døde hestane". Anne Viken er sjølv dyrlege og har stor kunnskap om og kjærleik til dyr. Resultatet er ein nyskapande hestebokserie med stort driv.

  • Instagramfenomenet Ida Skivenes lanserer kokeboka "Leik med maten"

    Ida Skivenes deler matglede og kreative frukostar med 150 000 følgarar frå heile verda på Instagram under namnet idafrosk. No er ho klar med boka "Leik med maten" som kjem ut på både norsk og engelsk. "Eat your art out" som den engelske utgåva heiter vert distribuert m.a. via Amazon. Samlaget er utgjevar av begge bøkene.

  • Nynorsk for dumskallar

    -Nynorsk er ikkje vanskeleg, seier Kristin Fridtun, forfattar bak Nynorsk for dumskallar. I boka viser ho at den nynorske jungelen ikkje er så skummel som mange trur.

  • Førstemamma på Mars - Biletbok om mamma som er sjuk

    Med utgangspunkt i eigne erfaringar har dramatikar og forfattar Gyrid Axe Øvsteng skrive ei sterk forteljing om ei lita jente som nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege versjonar av kvar mor har tatt vegen. Kanskje er ho på handletur? På røvarjakt? Eller rett og slett på Mars?

Vis mer