Nynorsk litteraturpris 2013 til Sigrun Slapgard
Vinnaren av Nynorsk litteraturpris 2013 er Sigrun Slapgard for boka ”Englestien”.
Vinnaren av Nynorsk litteraturpris 2013 er Sigrun Slapgard for boka ”Englestien”.
Lanseringsarrangement i Bergen og Trondheim 10. og 11.4. Morten Søberg i samtale med Ola Borten Moe, om boka og om livet i regjering
Jostein Fets nye bok Stemmer frå ei fjern tid. Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550-1814 dokumenterer korleis folk på bygdene las langt meir enn vi før har trudd. Fet fortel levande om fleire bøker frå den dansk-norske elitens litteratur, bøker
som på forunderleg vis hamna i allmugehender og fekk ein særskild
funksjon der.
Her lærer vi å kjenne ein ukjend
Anne Bergset Oikonomaki har lagt korrupsjonen i Hellas og eit storpolitisk spel som bakteppe for ein mann sine vanvitige planar for å stille si eiga grådigheit. Boka er skrive med inngåande kjennskap til Kreta, solparadiset nordmenn aldri sluttar å elske.
Kari Smeland er klar med ny, sprelsk barnebok, "Sirkus Spetakkel". Smeland debuterte med den kritikarroste boka "Familien Kråkestup og nyset i nabohuset" i 2012. Debutboka er selt til Tyskland, Frankrike, Tjekkia og Danmark.
"Dødeboka" er ei råspennande fantasyforteljing der gammelegyptisk religion dannar bakteppet. Boka er ein oppfølgjar til Mæhles store suksess frå 2009, "Landet under isen", som blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og også vart nominert til Brageprisen og Ungdommens kritikarpris.
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold, og om det å vere pårørande til ein rusmisbrukar.
"Vaffelhjarte" er nylig selt til India (på hindi) og til Georgia, og "Tonje Glimmerdal" til Spania. Parr er blant dei mest omsette norske barnebokforfattarane dei siste åra, og fleire land kjem stadig til. Parrs agent Eirin Hagen forhandlar med fleire andre land om utgjevingar av bøkene til Maria Parr framover
Agnes Ravatn har stor suksess med sin siste roman, Fugletribunalet. Før i år vann ho P2 Lytternes Romanpris og i dag valde ungdommane henne til vinnar av Ungdommens Kritikarpris. Boka som kom i september i fjor er også selt til Tyskland, til det anerkjente forlaget Random House Germany.
Brageprisvinnar Ruth Lillegraven og illustratør Inger Landsem er klar med si fjerde bok i serien om Mari og Magnus; "Mari og Magnus hos bestemor".
Jon Hjørnevik har gått på ein smell. No har han samla sitt bitre tankegods mellom to svarte permar i "Heimekontor i gravferda".
Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møklebys (ill.) biletbok Førstemamma på Mars fekk to prestisjeprisar i dag; Kulturdepartementets biletbokpris og Kritikarprisen. Førstemamma på Mars er forteljinga om ei lita jente som nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege versjonar av kvar mor har tatt vegen. Kanskje er ho på handletur? På røvarjakt? Eller rett og slett på