Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny samtalebok: Eskil Skjeldal og Jon Fosse om mysteriet i trua

    I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse melde seg i protest ut av Den norske statskyrkja som 16-åring, men fann seinare attende til ei religiøs livsforståing gjennom skrivinga. Han har vore oppteken av gnostisisme, kristen mystikk og har kjent seg nær kvekarrørsla, men er no altså katolikk. Kva har skjedd?

  • Kroken og Kolden med ny krim frå Gudbrandsdalen; "Død manns kiste"

    Kroken & Kolden lanserer ny krim under Krimfestivalen i Oslo 5.3. Møt dei i Teaterkjeller´n på Centralteatret kl 16 på fredag.
    Ein kontroversiell dyrlege blir sporlaust borte i Lom. Det viser seg snart å vere fleire mistenkte i saka. Og enklare blir det ikkje då eit lik blir oppdaga i ein bekk: Det er ikkje dyrlegen, men ei som har lege død i lang tid. Når soknepresten i Lom, Einar Gelius,

  • Ny krim frå Rune Timberlid; "Satans mor"

    ​Midt under ein heftig debatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at mange av innbyggjarane i distriktet også har motiv for å stå bak ugjerninga.

  • Nytt Syn og Segn ute; om mellom anna barn og medisinbruk, Tyskland, Oslo-biskopen og alderdom

    I siste utgåve kan du lære meir om biskop i Oslo, Bernt I. Eidsvig, som snakkar om Gud, fengselsopphald, KGB og faste – ført i pennen av forfattar Mette Karlsvik. Temaartiklane er denne gongen om alderdom og er skrive av Geir Tryggve Hellemo, Lene Dieserud Ertner og Kristoffer Aune Kostveit. 
    Ida Habbestad har intervjua professor Ingeborg Hartz om barn og medisinbruk. Skribent og kioskeigar Ali

  • Brit Bildøens roman "Sju dagar i august" kjem ut på engelsk

    Dei engelske rettane til Brit Bildøens kritikarroste roman Sju dagar i august (2014) er selde til Seagull Books, som mellom anna gir ut Tomas Espedal og Torvald Steens bøker. 
    Bildøen, som nylig vann P2 lytternes romanpris, fekk svært god mottaking for boka då ho kom ut i august i fjor. Sju dagar i august er den første norske romanen som behandlar 22. juli-tematikken. Bildøen vert rosa for si t

  • Jon Fosse nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien

    Juryen kallar trilogien "et høydepunkt i nyere norsk romanlitteratur."
    Andvake-trilogien er ei intens forteljing om to elskande, Asle og Alida, som prøver å finne sin stad i verda.
    Dei tre delane i trilogien, Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) har blitt hylla av kritikarane for å vere eit meisterverk, og noko av det finaste og vakraste Fosse har skrive. Forteljingane

  • Ny novellesamling frå Øystein Orten, "Risp i berget"

    I si nye bok Risp i berget, tek Ortens utgangspunkt i eit lite lokalsamfunn, der han lèt oss møte rotlause skapningar frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Forteljingane hentar hovudsakleg råstoffet sitt frå ei fjordarm på Sunnmøre. Med innsikt og språkleg eleganse formidlar han det uforanderlege hos mennesket gjennom tidene i ulike kortsjangrar som noveller, bånsullar, kulokkar, balladar, p

  • Terje Sander debuterer med science fiction-roman; Daudmannaland"

    Debutant Terje Sander vaks opp i Bergen og lesaren skjønar tidleg at det er Bergen som er inspirasjon for byen i Daudmannaland. Sanders ambisiøse science fiction-verk er ein kollasj av kolliderande skjebnar. På tre døgn ser vi nitten livsløp renne saman – frå den grublande borgherren som vakar einsam over riket sitt til den unge truande som leiter etter lagnaden. Unge og gamle, kvinner og

  • Nytt nummer av Syn og Segn; om Russland, OBOS og sosial bustadbygging, monarki m.m.

    EMNE: Korleis er kvardagen for russiske journalistar, forfattarar og opposisjonelle kunstnarar i Russland i dag? Kva veit vi om det historiske samkvemmet mellom Noreg og Russland sidan 1814? Går vi mot ein ny kald krig? Mikail Eldin, Lene Wetteland, Ingunn Lunde, Kari Aga Myklebost og Jens Petter Nielsen skriv om Russland frå ulike synsvinklar.
    SAMTALEN: «No er sosial bustadpolitikk sosialhj

Vis mer