Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Erlend Flornes Skaret er ute med romanen "Caninevangelium"

    Jon står i vindauget og ser Guttmann Kornelius, hans einaste venn i Steyr i Austerrike, komme for å jule han opp. Jon kan tenke seg fleire relaterte grunnar til at han no er i denne situasjonen, kanskje først og fremst ei misforståing omkring avtalen om å vatne yuccapalmen til Kornelius. Men for Jon har ikkje situasjonar noko tydeleg startpunkt eller noka enkel årsaksrekke. Han trur ikkje på tid o

  • Lansering av boka "Foxi. Sledehunden ingen ville ha" av Line Nagell Ylvisåker

    Foxi - sledehunden ingen ville ha er ei forteljing om Foxi, men også om hundekøyring, sledehundar, Iditarod og det heilt spesielle forholdet mellom hund og menneske. 
    Sommaren for tolv år sidan vart polarhunden Foxi fødd på Svalbard. Hunden var liten og svak og åt dårleg. Eigaren, den ivrige hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruke henne som sledehund. Han ville kvitte se

  • Lansering av romanen "Du er bonde" av Kristin Auestad Danielsen

    Kristin Auestad Danielsen er aktuell med romanen «Du er bonde», ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.
    «Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere pr

  • "Septologien" av Jon Fosse på kortlista til Den internasjonale Bookerprisen


    Jon Fosse er inne på kortlista til Den internasjonale Bookerprisen for det tredje og avsluttande bandet i Septologien, Eit nytt namn som kom ut i fjor haust. Den internasjonale Bookerprisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk. Prisen er på 60 000 pund. Fosse var på langlista for den gjeve prisen for band e

  • Ragnar Hovland blir 70 år 15. april

    Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han gitt ut over femti bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Stadig nye generasjoner lesarar lar seg begeistre og fascinere av Hovlands litterære univers og pussige karakterer. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Doblo

  • Mette Karlsvik ute med ny roman; "Surtsey"

    Den kritikarroste og prisvinnande forfattaren Mette Karlsvik er klar med romanen Surtsey der ho tek for seg kreftene i naturen og i menneska. 
    Det er jonsok på den islandske øya Heimaey, og ungdommane feirar på Tollbua. Soley kjem i prat med Vidar, og i hamna finn dei ein båt som dei seglar ut på havet med. Å vere to i same båt er nytt og rart, men når sterke naturkrefter blir sleppte laus unde

  • Maren Uthaug aktuell med romanen "Og sånn blei det"

    Maren Uthaugs roman Og sånn blei det er ei barndomserindring om å bli trekt opp med rota. Med sitt sedvanlege skråblikk og glimt i auget fortel Uthaug om familieløyndommar, overtru og forboden kjærleik.  Romanen er Uthaugs debut frå 2013.  Uthaug er basert i København, og har trøndersk og samisk familiebakgrunn. Frå før har Samlaget gitt ut to andre romaner av Uthaug, Der det finst fuglar og Ein l

  • Mathias Samuelsen aktuell med minneroman om familietraume; "Schonung"

    I sin første roman, Schonung, stiller Mathias Samulsen spørsmålet; Kan ein fri seg frå eit familietraume ved å fortelje ein gong til?
    Då Kaare R. Samuelsen hamna på sjukehus i 1946 etter fangenskap i konsentrasjonsleiren Natzweiler, fekk han ei skrivemaskin for å skrive ned erfaringane sine. Barnebarnet hans les vitnesbyrdet og reflekterer over kva overlevinga har betydd for slekta og han sjølv

  • Elena Ferrrante ute med ny essaysamling; "Innanfor margane. Om gleda ved å lese og skrive"

    Elena Ferrante er ein av dei mest lesne og kritikarroste forfattarane på 2000-talet. I den nye essaysamlinga som ho skreiv medan korona-pandemien herja i Italia,  fortel ho meir om kva som ligg bak skrivinga av Napoli-kvartetten og hennar siste roman, Dei vaksnes løgnaktige liv.  Ferrante forklarer dei ulike tekstlaga i romanane og korleis dei inneber eit skifte frå den tidlege forfattarskapen hen

  • Sigrid Merethe Hanssen aktuell med ny roman; "Kom ei jente gåande"

    I Sigrid Merethe Hanssens nye roman Kom ei jente gåande besøker ei jente mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste om barndommen sin. Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida. Vi blir tatt med til ei lita nordnorsk bygd på 1960-talet, der eit barn bur saman med Molle, ei eldre kvinne. Grytidleg ein sommarmorgon står barnet opp og går ut. Ho vandrar åle

Vis mer