Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Bildebokprisen til "Kåre og Marimba hjelper til" av Markus Lantto og Camilla Kuhn (ill.)

    Bildebokprisen til "Kåre og Marimba hjelper til" av Markus Lantto og Camilla Kuhn (ill.)

    Kulturdepartementets Bildebokpris på 50 000 går til Markus Lantto og Camilla Kuhn (ill.) for Kåre og Marimba hjelper til.

    Om boka: Kåre og Marimba kjedar seg. Fornuftige Kåre foreslår at dei kan rydde rommet, men Marimba vil ete is. Til slutt blir dei einige om å bruke tida på å hjelpe den første dei møter. Det blir Torsten, ein mann som står og fiklar med låsen på ein sykkel og absolutt

  • Debutantprisen Trollkrittet til sterk ungdomsroman; "Sting" av Therese Garshol Syversen

    Debutantprisen Trollkrittet til sterk ungdomsroman; "Sting" av Therese Garshol Syversen

    Trollkrittet er NBUs (Norske barne- og ungdomsbokforfattarar) debutantpris og går til ein lovande barne- eller ungdomsbokdebutant. I år går prisen til Therese Garshol Syversen for ungdomsromanen Sting.
    I boka tek Garshol Syversen opp korleis ein kan halde ut det som ikkje er til å halde ut. 16 år gamle Emma er einaste overlevande etter ein familietragedie. Ho må flytte til mormora si langt ut

  • Foto: Agnete Brun

    Jon Fosse nominert til den amerikanske kritikarprisen; National Book Critic's Circle Award

    Natt til fredag vert prestisjeprisen National Book Critic's Circle Award delt ut og Fosse er ein av dei nominerte for Septologien, band 3. Eit nytt namn (A New Name, omsett av Damion Searls) . Amerikanske kritikarar røystar fram dei nominerte og vinnaren. I klassen for skjønnlitteratur kan alle bøker, både dei skrivne på engelsk og omsette, nominerast. Det er svært sjeldan omsette har vore kortlis

  • Ny bok frå Kristin Fridtun: "Klok kvinne eller digg dame?: eit stridsskrift om kjønn og Håvamål-omsetjing"

    Ny bok frå Kristin Fridtun: "Klok kvinne eller digg dame?: eit stridsskrift om kjønn og Håvamål-omsetjing"

    Kristin Fridtun si nye bok er eit feministisk djupdykk i Håvamål.
    Lanseringsarrangement: Litteraturhuset i Oslo 28.3.: https://www.facebook.com/event...
    Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, men kven er det som står bak omsetjingane? Og kor frie har omsetjarane tillate seg å vera, til dømes i framstillinga av kvinnefigurar?

  • Morten Svartveit. Foto: Siren Høyland

    Hulda Garborg-stipendet 2022 til Morten Svartveit

    Hulda Garborg-stipendet 2022 går til Morten Svartveit. Juryen: "Han har eit vinnande scenisk vesen og varm utstråling". Prisutdelinga gjekk føre seg torsdag kveld etter ei framsyning av Sluttspel av Samuel Beckett på Det Norske Teatret. Svartveit speler sjølv i framsyninga. Etter applausen kom to representantar frå juryen opp på scena, og overrekte blomar og diplom til prisvinnaren, til stor jubel

  • Foto:Simon Klein-Knudsen

    Dansk storsuksess på norsk. Maren Uthaug klar med feministisk framtidsfabel; "11%"

    Maren Uthaugs nye roman 11% ligg på bestseljartoppen i Danmark denne våren og vann nylig den høghengande bokhandelprisen De gyldne laurbær. Den norske utgåva kjem 16. mars og er omsett av Ingvild Holvik.

    26. april kjem Uthaug til Litteraturhuset i Oslo og skal samtale med Wenche Muhleisen.
    I Uthaugs framtidsfabel blir vi tatt inn i eit matriarkalsk samfunn utan menn. Med unntak av nokre

  • Foto: Marius Fiskum

    Therese Bakkevoll klar med debutromanen "Tallboy" med handling frå innsida av psykiatrien

    Therese Bakkevoll debuterer med Tallboy, ein sterk roman frå innsida av psykiatrien med lanseringsdato 14.3.
    I Tallboy tek Bakkevoll oss med inn på eit psykiatrisk sjukehus der både tilsette og pasientar kjempar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den ti

  • Foto: Ingunn Moen

    Kaisa Aglen med ny diktsamling om konsekvensane av å leve med sjukdom og skade

    I boka Eit større regn undersøker Kaisa Aglen dei eksistensielle konsekvensane av å leve med sjukdom og skade. Korleis det påverkar synet på verda og ein sjølv, korleis det grip inn i og endrar nære relasjonar, og kor sårbar ein kan vere ovanfor endringar i politikk og samfunn.
    Tekstene strekk seg både mot det språket neppe kan gripe, og det som rådande samfunnssyn gjer stumt: Kva sanningar og

  • Foto: Emma Sukalic

    Ellen Løvhaug Harrisons debuterer med boka "Søv berre når du søv"; eit ømt og stilsikkert portrett av ein far.

    Ei dotter sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie.
    Dikta forsøker å halde fast på ein person, på tvers av grenser mellom død, liv, hav og tid. Det er ei familiehistorie som ikkje forsøker å forstå kvifor ting vart som dei vart, men som ser etter

Vis mer