Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Foto: Agnete Brun

    Samlagsprisen til Alfred Fidjestøl

    Alfred Fidjestøl får Samlagsprisen 2022 på kroner 50 000,– for forfattarskapen sin. Utdrag frå grunngivinga til juryen: "Alfred Fidjestøl er ein god forteljar som skriv forteljingar ein kan stole på. Han er systematisk og grundig, og han er solid og nyansert. Det er han anten han skriv om Per Sivle eller Georg Johannesen, anten han skriv om Det Norske Teatret eller apen Julius."

  • Olaug Nilssen redaktør for ny diktantologi; "Eg vil vere her. Dikt til trøyst"

    Olaug Nilssen redaktør for ny diktantologi; "Eg vil vere her. Dikt til trøyst"

    I Eg vil vere her. Dikt til trøyst har Olaug Nilssen samla dikt frå mellom andre Tor Jonsson, Karoline Brændjord, Gunvor Hofmo, Marie Takvam, Hans Sande, Åse- Marie Nesse, Kolbein Falkeid og Sigrid Moldestad.
    Iblant tek livet vendingar som gjer at ein står der rådlaus og leiter etter ord. Då kan det bety mykje å finne dikt der andre har sett ord på det vanskelege, for gjenkjenning og eit nytt o

  • Ragnhild Kolden med ny roman, "Krig"; om vanlege menneske og kvardagslivet deira under andre verdskrigen

    Ragnhild Kolden med ny roman, "Krig"; om vanlege menneske og kvardagslivet deira under andre verdskrigen

    Ragnhild Koldens nye roman Krig viser korleis andre verdskrigen kunne bli opplevd av heilt vanlege menneske som måtte ta avgjerande val i ei kaotisk tid. Kolden skriv fram ei fiktiv bygd i boka, men ho bruker si eiga heimbygd Lom som eit bakteppe. Ei bygd med mange NS-sympatisørar under krigen, og der motstandsarbeid på lang veg må ha vore umogleg, og med ein nazi-ordførar som fekk ny tillit etter

  • "Bomullsengelen"; storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar

    "Bomullsengelen"; storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar

    Bomullsengelen av Susanna Alaskoski er første bok i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.
    Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mora vert øydelagt av f

  • Foto: Ottar Fyllingsnes

    Ny bok med Johannes Gjerdåkers gjendiktingar

    Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid, og har fått fleire prisar.
    Den nye samleboka; Gjendiktingar, inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og plater. Nokre t

  • Vårbøkene frå Samlaget

    Vårbøkene frå Samlaget

    På Samlagets vårliste finn du mellom anna Jon Fosses forteljing Kvitleik, som toppar bestseljarlista for skjønnlitteratur denne veka. I februar lanserer vi Susanna Alakoskis Bomullsengelen som er første bok ut i ein sterk kvartett om fire generasjonar kvinner, mødre og døtre, i Finland og Sverige på nittenhundretalet. I mars kjem dansknorske Maren Uthaugs roman 11 %, om eit framtids-Danmark styrt

  • Foto: Agnete Brun

    Ny forteljing frå Jon Fosse; "Kvitleik"

    Jon Fosse er aktuell med Kvitleik; ei lysande forteljing om grensa mellom liv og død.
    Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå ette

  • Foto: Nicolas Tourrenc

    Blix-prisen til teikneserieforfattar Jens K. Styve

    Minneprisen etter Emma og Elias Blix skal delast ut til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det om mogleg skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar.
    Juryen grunngir tildelinga av prisen slik:
    Komiteen for tildeling av Blix-prisen har i år falle ned på ei original og n

Vis mer