Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Gaute M. Sortland aktuell med ny novellesamling; "Sanne historier"

    Menneska i den nye novellesamlinga til Gaute M. Sortland, strevar alle med sitt. Dei er gjerne på veg ein plass, over i ein ny livsfase, til dømes, eller meir bokstaveleg, om bord i eit framkomstmiddel, gjerne ein buss. Hadde det gått eit tog, kunne nokon tatt det. For andre skjer forflyttinga gjennom kjærleikssorg eller sjukdom. Jamvel ved hjelp av fleinsopp eller ei mongolsk badstove. Vel framme

  • Aina Basso med ny bok om mellomalderens tekstmeldingar; "Eg rissa desse runene"

    I novellesamlinga "Eg rissa desse runene" pustar Aina Basso liv i menneska og mellomaldersamfunnet. Ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.
    21.9. gjestar ho Litteraturhuset i Bergen og samtalar med Gunnstein Akselberg og Marte Spurkland om runene og oss:
    https://www.litthusbergen.no/a...

    Fiskaren Ragnar dreg opp eit

  • Ny roman frå Brit Bildøen; "Gult farevarsel"

    Brit Biløden er aktuell med den nye romanen Gult farevarsel; eit familiedrama om vår plass i naturen.
    Det bryggjer opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban.
    Allereie da ho kjem fram, a

  • Lansering av "Noregs musikkhøgskole: Femti år med notar, unotar og fotnotar" av Alfred Fidjesøl

    3. september blir boka om Noregs musikkhøgskole lansert. Alfred Fidjestøl står bak jubileumsboka.
    Lanseringsarr på NMH 3.9. kl 1630: https://nmh.no/arrangementer/b...
    Hausten 1973 opna Noregs musikkhøgskole, i enkle og provisoriske lokale basert på det gamle Musikkonservatoriet i Oslo. I 2023 har denne høgskulen arbeidd seg fram til å bli ein av dei leiande musikkutdanningsinstitusjonane i

  • Ny bok frå Agnes Ravatn: "Alle mot alle. Essay, artiklar og gjeldsbrev"

    I Alle mot alle finn du eit rikt utval av Agnes Ravatns vittigaste og skarpaste tekstar. Vi får bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag, og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten.
    Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på b

  • Maren Barlien debuterer med Einbreid bru; ein roman om fluktinstinkt og naturkrefter

    Maren Barlien debuterer med Einbreid bru; ein roman om fluktinstinkt, naturkrefter og det å vere ein fange av eigne og andres forventningar.
    Astrid fortel familien sin at ho skal studere musikk i Reykjavík, men i staden reiser ho ut på bygda for å arbeide med hestar. Langt frå musikken, tett på naturen, på den avsidesliggande garden til den aldrande psykologen Gudmundur Gudmundsson. Sakte bli

  • Dordi Strøm aktuell med rå og suggererande roman; "Odel"

    Scenograf, kostymedesignar og forfattar Dordi Strøm er klar med sin andre roman Odel. På garden Stein bur Olov og Inga med dei vaksne ungane Ommund og Odel. Ommund har hunden Bowie. Odel har dottera Liv. Men kven er far til Liv?
    Det er haust, og dei velståande jegerane frå Austlandet har komme til garden for den årlege hjortejakta. Medan dei er ute i skogen, blir Bowie påkøyrd av ein bil, og l

  • Original og prisvinnande dansk krim på norsk; "Tretti dagars mørke" av Jenny Lund Madsen

    Den snobbete og drikkfeldige forfattaren Hannah Krause-Bendix, som attpåtil har skrivesperre, inngår i ein svak augneblink eit veddemål om å skrive ein kriminalroman på tretti dagar.
    Redaktøren sender henne til Island for å finne inspirasjon og arbeidsro der, og ho installerer seg hjå gjestmilde Ella i den vesle, fredelege tettstaden Húsafjör.ur. Under den rolege overflata viser det seg snart å

  • Maria Parr er endeleg tilbake med ny barnebok

    15.august lanserer vi ei ny barnebok av Maria Parr. Parr er ein av dei fremste barnebokforfattarane i Norge, og er i haust aktuell med boka Oskar og eg, ein hyllest til søskenforhold og kvardagen.

  • Maria Parr, Agnes Ravatn, Olaug Nilssen og Tore Kvæven blant namna på haustlista til Samlaget

    Det er ei storhending når Maria Parr kjem med ny bok, og 15.8. lanserer Samlaget barneromanen Oskar og eg. Olaug Nilssen, Tore Kvæven og Brit Bildøen kjem alle med romaner i haust, og i slutten av august lanserer vi Agnes Ravatns nye essaysamling. Ståle Eskeland, kjent som Sinnamekkern, kjem med boka Bilalbum. Bilar med sjel og i oktober lanserer vi biografien om Arvid Mæland, kjent frå NRK-serie

Vis mer