Bibliotekets litteraturpris til Bjørn Hatterud for "Mjøsa rundt med mor"
Bjørn Hatterud får Bibliotekets litteraturpris for Mjøsa rundt med mor (2020). Prisen er stemt fram av bibliotekstilsette og lesarar over heile landet og går til den beste boka gitt ut dei siste fem åra. Prisen vart delt ut på Kapittel-festivalen i Stavanger i kveld.
I memoarboka reiser Bjørn Hatterud heim for å kjøre rundt Mjøsa med mor. Men kva er eigentleg heim, etter eit halvt liv i Oslo?