Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Maria Parr, Agnes Ravatn, Olaug Nilssen og Tore Kvæven blant namna på haustlista til Samlaget

    Det er ei storhending når Maria Parr kjem med ny bok, og 15.8. lanserer Samlaget barneromanen Oskar og eg. Olaug Nilssen, Tore Kvæven og Brit Bildøen kjem alle med romaner i haust, og i slutten av august lanserer vi Agnes Ravatns nye essaysamling. Ståle Eskeland, kjent som Sinnamekkern, kjem med boka Bilalbum. Bilar med sjel og i oktober lanserer vi biografien om Arvid Mæland, kjent frå NRK-serie

  • Ny ungdomsroman frå Sigrid Agnethe Hansen

    Ny ungdomsroman frå Sigrid Agnethe Hansen. Du veit ingenting er ein varm roman om søskenkjærleik og om å stå opp for nokon andre når det verkeleg trengst. Rettane til boka er selt til Danmark.

  • Nynorsk barnelitteraturpris til "Kåre og Marimba hjelper til" av Markus Lantto og Camilla Kuhn


    Kåre og Marimba hjelper til er av juryen for Nynorsk barnelitteraturpris kåra til den beste nynorske barneboka i 2022. Boka er skriven av Markus Lantto og illustrert av Camilla Kuhn.

    Det er Noregs Mållag som står bak prisen, og den er på 50 000 kroner.
    Frå grunngjevinga til juryen: "Dette er ei bok som viser barn si ukompliserte oppfatning og tiltru til medmenneske. Hovudpersonane i

  • Benjamín Labatuts roman "Det blinde lyset" endeleg på norsk.

    I Benjamín Labatuts roman Det blinde lyset møter vi store tenkjarar som beveger seg ut i farleg, ukjent terreng. Labatut viser korleis oppdagingane deira gir verda revolusjonanerande nyvinningar og leiar til grufull pinsle. Linjene mellom dei to er aldri heilt tydelege.
    Då Det blinde lyset – Labatuts tredje bok – kom ut i 2020, blei han raskt eit namn over heile verda.
    Labatut lar oss bli k

  • No kjem boka "Blokka på Bjerke. Tretten år i tredje etasje" av Bjørn Hatterud

    Lansering på Deichman Bjerke i Oslo 31.5. kl 18: https://www.facebook.com/event...
    I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ei

  • Doblougprisen 2023 til Brit Bildøen

    Brit Bildøen blir tildelt Doblougprisen 2023. Prisen er på kroner 200 000,–. Tildelinga gjekk føre seg i går kveld, tysdag 23. mai, på Litteraturfestivalen i Lillehammer.
    Brit Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut ei rekkje kvalitetslønte romanar, barnebøker og essay, og har samstundes vore verksam som omsetjar og gjendiktar. Bøkene til Bildøen er omsett

  • Litterær superstjerne Ocean Vuong aktuell med ny bok på norsk og besøk i Oslo og på Lillehammer

    Ocean Vuongs nye diktsamling Tida er ei mor kjem 19.5. Same helg kjem forfattaren til Noreg for å bli innlemma i Framtidsbiblioteket. Vuong skal også til Litteraturfestivalen på Lillehammer.
    Vuong (f. 1988) er fødd i Vietnam og oppvaksen i USA. Han var den første i familien sin som lærte å lese. Han er poet, romanforfattar og essayist og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Whiting Award 2

  • Alf Helleviks mediemålpris 2022 til Vidar Eidhammer

    Alf Helleviks mediemålpris for 2022 går til Vidar Eidhammer!

    Prisen vart delt ut som ei overrasking under eit fredagsmøte på NRK 5. mai 2023.
    Juryen seier mellom anna følgande om Eidhammer:
    "Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke, ein dagleg nynorsk-garantist i NRK sine nyheitssendingar på radio. Vidar Eidhammer er eit viktig symbol for at det nynorske normaltalemålet sk

  • Oskar Stein Bjørlykke er klar med den nære og poetiske barndomsskildringa "Litle meg"

    I den nye romanen til Oskar Stein Bjørlykke møter vi Heine Bakke som blir fødd 3. januar 1939 og veks opp i den vesle bygda Hadlo på Vestlandet. Barndomen hans blir prega av både krig og fred, vonde og gode erfaringar, men det er likevel dei store og små sansingane i kvardagen som gjer størst inntrykk på Heine. Gjennom eit ope og undrande barneblikk teiknar Bjørlykke eit nært og poetisk portrett a

  • Ruth Lillegraven med ny diktsamling for barn

    Ny diktsamling for barn frå prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven. Badesommar er forteljande dikt om starten og slutten på livet. Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.

Vis mer