Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny roman frå Mona Høvring; "Soga om Fråid"

    Tenåringen Fråid styrer huset i Urskogen 13 saman med storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva, medan skipperfaren Vulgaris er ute på sine seilasar. Men ein dag kjem faren heim med ei stemor til ungane, Demona de Sjavy. Ho rokkar ved familiedynamikken, og alle må forholde seg til hennar labile humør. Men Fråid trivst med dei nye, kaotiske kvardagane. Han er fascinert av det uredde ved stemora

  • Kari Anne Bye med treffande diktbok om kjærleiken og samlivet etter Tinder-matchen; "Eg bur her no"

    Kari Anne Bye hadde ein sterk debut med boka Eg et før eg kjem i fjor, der ho skildrar Tinder-datinga som det humoristiske og litt tragiske feltet det kan vere. 
    I den nye boka, Eg bur her no, følgjer vi ei kvinne i trettiåra som treff ein mann nett på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken

  • Jeaninne Masika Harrysson aktuell med boksingelen "Alt godt som enno ventar"

    Alt godt som enno ventar er ein boksingel med fire dikt av Jeaninne Masika Harrysson.
    Desse dikta utforskar mellomrom. Dei som oppstår mellom orda i ein setning. I romma mellom eit dikt og ei diktsamling. Mellomromma i livet. Dikta er den staden dagen går for å kvile, den staden hjartet går for å finne igjen rytmen. For midt i og mellom alt, finst alt det gode som enno ventar.
    Blir verkeleg

  • Ny novellesamling om menn i krise; "Avsporingar" av Gaute M. Sortland

    Kva om det verste skjer? Det får hovudpersonane i Gaute M. Sortlands nye novellesamlinga kjenne på.Ein forfattar er endeleg i flyt, han har aldri vore betre og no må han skunde seg å få ut boka si før den store katastrofen inntreffer og gjer prosjektet hans irrelevant. Ein familiefar har fått ein beskjed som snur om på heile livet hans og på livet til ungane, skal dei for alltid bli den familien a

  • Ny bok om fattigdom i Noreg; "Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom" av Maria Lavik

    Sidan 2001 er delen fattige barn meir enn tredobla i Noreg. Korleis opplever ein fattigdom i verdas rikaste land? I den nye boka Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom fortel Maria Lavik frå denne verkelegheita. 
    Lanseringsarr. på Månefisken i Oslo 13.8.: https://bit.ly/37AJ3Fu
    Digitalt lanseringsarr. på Facebook: https://bit.ly/3fVmzDN
    Lanseringsarr. på Arendalsuka: https:/

  • Haustlista frå Samlaget 2021

    Jon Fosse toppar Samlagets haustliste med tredje og siste band i Septologien, Eit nytt namn, som blir lansert på opningsdagen av Den internasjonale Fosse-festivalen 3.9. 
    Her kan du bla i heile lista: 
    https://issuu.com/detnorskesam...
    Pdf av haustlista og lanseringsdatoliste ligg også ved.
    Lanseringsdatoar skjønnlitteratur for vaksne:
    Gaute Sortland, Avsporingar. Pre- og postapokal

  • Rune F. Hjemås debuterer som barnebokforfattar


    Rune F. Hjemås debuterer som barnebokforfattar med romanen Ein bror i verdsrommet, august 2021.

    I Ein bror i verdsrommet møter vi Elias som gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehus

  • Agnes Ravatn kan vinne internasjonal pris

    Agnes Ravatn kan bli den første norske forfattaren til å vinne den internasjonale Dagger-prisen. Ravatn er blant dei fem finalistane til årets beste krimroman omsett til engelsk.
    Ravatn er nominert for den siste romanen sin, Dei sju dørene, som blei utgitt på engelsk med tittelen The Seven Doors i 2020.
    Ravatn er den tredje norske forfattaren som har nådd finaleheatet til  Dagger-prisen. Jo

Vis mer