Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok: "Sy & sy om: redesign gamle plagg og tekstilar" av Christine Fure Schwarz

    Klar for nye, kreative prosjekt? Med denne boka lærer du å sy trendy klede med det du har i skåpet frå før.Dei beste plagga er dei med ei historie, og den historia kan ein fortelje ved å sy sine eigne klede. Sy-entusiast Christine Schwarz er oppteken av miljø og av å sjå moglegheiter i plagg og tekstilar ein alt har kjøpt og belasta naturen med. For det er ikkje alltid så mykje som skal til før ei

  • Ny bok; "100 handlaga gåver", av Ingvild Grane, viser korleis du kan spare penger og miljøet

    I boka 100 handlaga gåver viser Ingvild Grane korleis du kan spare pengar og miljø med å lage gåvene dine sjølv. Året er fullt av dagar der du gir og får gåver. Di fleire gåver me kjøper, di meir belastar me både naturen og lommeboka. Med denne boka vil Ingvild Grane inspirere oss til å tenke nytt om kva ei gåve kan vere. Her finn du tips til 100 gåver ein enkelt kan lage sjølv gjennom heile året

  • Ny bok om takkebakst; "Takkefest. Jorda rundt med enkle flatbrød, lomper, lefser og pannekaker" av Aaste Kveseth

    I den nye boka Takkefest! har takkeentusiast Aaste Kveseth funne fram kjevlet og invitert nordmenn med røter frå ulike verdshjørne til å vise fram noko av variasjonsrikdomen som finst av takkebakst. Saman gjev dei deg eit rikt utval av gode oppskrifter og viser deg kor lett du kjem i gang.
    Flat mat er ein av våre eldste, enklaste og mest utbreidde mattradisjonar. I denne boka møter du menneske

  • Anders Totland klar med ny roman; "Til jord skal du bli"; ein tragikomisk noir frå Finnskogen

    I Anders Totlands nye roman blir det  mykje på ein gong for hovduperson Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Is

  • Ny roman frå Agnes Ravatn; "Gjestene"

    Agnes Ravatn er klar med den nye romanen Gjestene. Boka er eit skarpt og humoristisk kammerspel om hierarki, misunning og sjølvframstilling.Karin og Kai takkar motvillig ja til å låne ei luksuriøs hytte ved Oslofjorden. Men Karin er ikkje noko skjergardsmenneske, og det som kunne ha blitt eit fint avbrekk frå kvardagen, blir i staden ei påminning om alt det ho ikkje har. I møte med hyttenaboane, e

  • Inspirerande biografi om Erling Braut Haaland

    Det Norske Samlaget lanserer ein illustrert biografi om Erling Braut Haaland, ei gåvepakke til alle fotballinteresserte barn! Her får vi lese om fenomenet Haaland og om korleis han blei ein av dei beste i verdas største idrett.

  • Debutant Hege Blom aktuell med romanen «Eg reiser aleine»

    Debutant Hege Blom er aktuell med romanen «Eg reiser aleine» som handlar om minne og draumar, og at livet stadig kan by på nye sjansar.
    Mari blir invitert til Hawaii, der ungdomskjærasten Leo og vennen Todd busette seg i 1970-åra, og ho bestemmer seg for å ta reisa som ikkje blei noko av 42 år tidlegare. Ho har alltid hatt interessa for Hawaii med seg, for den særprega naturen og kulturen, sur

  • Hardtslåande diktsamling frå den prisvinnande amerikanske poeten Terrance Hayes ute på norsk

    Den prisvinnande amerikanske poeten Terrance Hayes er ute på norsk med diktsekvensen Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar.Som svart mann i dagens USA har Terrance Hayes inngåande kjennskap til det konstante trugsmålet om rasistisk vald. I denne diktsamlinga teiknar han det skjøre omrisset kring spørsmål om rase, kjønn og undertrykking med utgangspunkt i samtidas politisk

  • Karl Seglem ute med ny diktamling; "Djup redsle. Djup ro"

    Karl Seglem er aktuell med si femte diktsamling; Djup redsle. Djuk ro. Med utspring ein plass i det vestnorske landskapet sildrar dikta til Seglem som ei lita å ut i verda. Først lydleg og musikalsk, men med gradvis større vassføring utviklar den seg til ei vill og veldig elv som tek opp i seg personlege og globale drama som saman utgjer den verdsomspennande miljøkatastrofen me alle står i. Djup r

Vis mer