Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Oskar Stein Bjørlykke er klar med den nære og poetiske barndomsskildringa "Litle meg"

    I den nye romanen til Oskar Stein Bjørlykke møter vi Heine Bakke som blir fødd 3. januar 1939 og veks opp i den vesle bygda Hadlo på Vestlandet. Barndomen hans blir prega av både krig og fred, vonde og gode erfaringar, men det er likevel dei store og små sansingane i kvardagen som gjer størst inntrykk på Heine. Gjennom eit ope og undrande barneblikk teiknar Bjørlykke eit nært og poetisk portrett a

  • Ruth Lillegraven med ny diktsamling for barn

    Ny diktsamling for barn frå prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven. Badesommar er forteljande dikt om starten og slutten på livet. Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.

  • Ny bildebok frå årets festspeldiktar Kari Stai

    Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.

  • Martin Ingebritsen aktuell med "Bukk & Sigd"; ei bok om alt poesien kan vere

    Ein poet sit på heimekontoret, omgitt av flytteesker med bøker. Gjennom loftsvindauget har han utsikt over heile Trondheim. Frå dette utkikkspunktet snakkar han med døde barndomsvenner, familiemedlemmer og kunstnarar, i ein samtale som vandrar frå superheltteikneseriar, filmteori og uskuldige piggsvin til oppvekst, tid og økonomi. Heile tida vaker spørsmåla i randsona: Kvifor er eg poet? Kvifor le

  • Ny bok; "Annleislandet Svalbard. Små liv i storpolitikken" av Line Nagell Ylvisåker

    Journalist Line Nagell Ylvisåker, som har budd på Svalbard sidan 2005 gir oss i den nye boka Annleislandet Svalbard ei spennade innføring i denne spesielle staden; dei storpolitiske tilhøva og korleis det fungerer å ha eit liv der.Svalbard er den einaste plassen i verda der menneske kan slå seg ned utan visum eller opphaldsløyve. Alle kan busetja seg der, men ein må ha jobb eller pengar nok til å

  • Lansering av boka "Den store norske siderguiden» med oversikt over sider frå heile landet

    Den store norske siderguiden av Thomas Digervold er den første boka som gir deg ei innføring i polets breie utval av sidarar frå heile landet.
    Noreg er eit av dei mest spennande siderlanda i verda akkurat no. Digervold har smakt seg gjennom kassevis med sprudlande eplevin for å hjelpe deg å finne dei beste polkjøpa frå norske fruktgardar. Du lærer også korleis du luktar og smakar, og får ein le

  • Bildebokprisen til "Kåre og Marimba hjelper til" av Markus Lantto og Camilla Kuhn (ill.)

    Kulturdepartementets Bildebokpris på 50 000 går til Markus Lantto og Camilla Kuhn (ill.) for Kåre og Marimba hjelper til.
    Om boka: Kåre og Marimba kjedar seg. Fornuftige Kåre foreslår at dei kan rydde rommet, men Marimba vil ete is. Til slutt blir dei einige om å bruke tida på å hjelpe den første dei møter. Det blir Torsten, ein mann som står og fiklar med låsen på ein sykkel og absolutt ikkj

  • Debutantprisen Trollkrittet til sterk ungdomsroman; "Sting" av Therese Garshol Syversen

    Trollkrittet er NBUs (Norske barne- og ungdomsbokforfattarar) debutantpris og går til ein lovande barne- eller ungdomsbokdebutant. I år går prisen til Therese Garshol Syversen for ungdomsromanen Sting.
    I boka tek Garshol Syversen opp korleis ein kan halde ut det som ikkje er til å halde ut. 16 år gamle Emma er einaste overlevande etter ein familietragedie. Ho må flytte til mormora si langt ut

  • Jon Fosse nominert til den amerikanske kritikarprisen; National Book Critic's Circle Award

    Natt til fredag vert prestisjeprisen National Book Critic's Circle Award delt ut og Fosse er ein av dei nominerte for Septologien, band 3. Eit nytt namn (A New Name, omsett av Damion Searls) . Amerikanske kritikarar røystar fram dei nominerte og vinnaren. I klassen for skjønnlitteratur kan alle bøker, både dei skrivne på engelsk og omsette, nominerast. Det er svært sjeldan omsette har vore kortlis

  • Ny bok frå Kristin Fridtun: "Klok kvinne eller digg dame?: eit stridsskrift om kjønn og Håvamål-omsetjing"

    Kristin Fridtun si nye bok er eit feministisk djupdykk i Håvamål.
    Lanseringsarrangement: Litteraturhuset i Oslo 28.3.: https://www.facebook.com/event...
    Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, men kven er det som står bak omsetjingane? Og kor frie har omsetjarane tillate seg å vera, til dømes i framstillinga av kvinnefigurar?

Vis mer