Ingelin Røssland med kjærleiksroman frå Hardanger
Ingelin Røssland er klar med si første bok for vaksne, Kirsebærsnø, ein kjærleiksroman med handling frå Hardanger.
Ingelin Røssland er klar med si første bok for vaksne, Kirsebærsnø, ein kjærleiksroman med handling frå Hardanger.
Ragnar Hovland fyller 60 år i år, og vart feira stort på ei festforestilling i Bergen i mars. No skal han også bli feira med ein eigen festkveld i Oslo. Knut Nærum, Erlend Loe, Lina U. Mariussen, og musikarane Polkabjørn og Annlaug Børsheim skal hylle han under Oslo Bokfestival laurdag 15.9. kl 18.30 på Victoria Jazzscene. Hovudpersonen sjølv vil også vere til stades.
13.9. kl 8 stappar forlagsredaktør David Aasen bilen full av poetar, og dreg frå Det Norske Samlaget på Tøyen i Oslo mot Ulvik poesifestival. I Olav H. Hauges heimbygd skal poetane Rui, Ekrheim, Leganger Iversen og Aglen lese.Og undervegs stoppar dei også, mellom anna i Drammen der dei held ein 10 minuttars lanseringsfest for Juliane Ruis nye bok. Følg turen deira på poesitur.wordpress.com
Kari Stais biletbok Jakob og Neikob har hatt suksess i både inn- og utland, på barne-tv og som app. No er dei populære karakterane tilbake i boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake som alt er selt til Tyskland. Den første boka om Jakob og Neikob er ute i Tyskland, Frankrike og Danmark.
Terje Torkildsen er no klar med Dystopia IV, den fjerde boka i spenningsserien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Torkildsen vann Uprisen for den den forrige boka i serien, Dystopia III. Han fekk også prisen for debutboka si Marki Marco.
Mette Karlsvik er tildelt Stig Sæterbakkens Minnepris 2012. Prisen vart delt ut hos Cappelen Damm i dag 5.9.
Ragnar Hovland fekk i dag Aschehougprisen 2012. Prisen vart delt ut under Hagefesten.
Anne Vikens debutbok Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 år og oppover.
I den nye boka "Norsk etymologisk oppkok - Du veit ikkje kva du snakkar om" herjar Kristin Fridtun med kvardagsdorda, spretter dei opp og ser kva som gøymer seg inni. Orda speglar måten me sansar og skjønar verda på, og Fridtun let dei ikkje få ha løyndomane sine i fred. Fridtun granskar heilt daglegdagse ord som hovud, sjel, hjarta, minne, dør, verd, fisk og utfordring.
Unni og Gunni er ein ny sjarmerande peikebokserie av Anna R. Folkestad. Dei to løysningsorienterte pingvinane er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt. Her er kvardagssituasjonar og humor som passar for barn frå 2 år og oppover. Dei to første bøkene i serien kjem ut no Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar. Unni og Gunni kjem også ut som bok-appar i slutten av september.
Rønnaug Kleiva har reist mykje heile livet, helst aleine og ofte i Aust Europa og på Balkan. I den sjølvbiografiske reiseromanen Armenia, Albania, Argentina følgjer vi Rønnaug gjennom både vanlege feriebyar og farlege utkantområde. Det handlar om å reise åleine i verda som vestleg kvinne. Rønnaug treffer gamle vennar og elskarar undervegs, og boka tematiserer det å bli eldre.
Klara kan mykje rart om mat er Teresa Grøtans andre bok i serien Klara kan. Serien appellerer til barn i alderen 6-9 år som gjerne vil vite alt om korleis ting i kvardagen eigentleg heng saman. Bøkene er illustrerte av Ella Okstad, og eignar seg både for høgtlesing og å lese sjølv. Dette er den andre boka i serien. Den første boka, Klara kan mykje rart om klede, kjem snart ut i Danmark.
Lars Mæhle er ute med ungdomsromanen Fuck Off I Love You. Det er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over? Boka tar opp tema som snikande rasisme innafor ungdomsgjengar, gruppepress og vegval. Har vi verkeleg har fridom til å velje, når alt kjem til alt.
Ny forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog la i dag fram forlagets 145. haustliste. Samlaget har ti debutantar i år, sju av dei skjønnlitterære. Olaug Nilssen, Per Inge Torkelsen, Jan Roar Leikvoll, Rønnaug Kleiva, Ingelin Røssland og Anne Viken er blant namna på forlagets haustliste.
Denne veka vart forfattar Sunniva Relling Berg tildelt Stiftelsen Kjell Holms kulturpris på 300 000
Jan Roar Leikvoll er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny, norsk litteratur. No er den kritikarroste forfattaren klar med ein ny roman, Bovara. Bovara er ein eventyrleg roman om makt, svik og kjærleik. Nok ein gong foreinar Leikvoll det vakre og det grusame i ein særeigen skrivestil.
Patti Smiths bok Just Kids debuterer denne veka på andreplass på bestseljarlista for generell litteratur. Smith har nylig avslutta ein svært vellukka signeringsrunde i norske bokhandlarar.
Journalist og forfattar Arnhild Skre har gjort avtale med Det Norske Samlaget om å skal skrive biografi om kunstnaren Theodor Kittelsen. Boka kjem til Grunnlovsjubileet i 2014.
Ny forlagssjef i Det Norske Samlaget, Håkon Kolmannskog, presenterer haustlista 16.8. torsdag kl 11 på Amalie Skram, Litteraturhuset i Oslo. Fest i Gøteborgsgt på Rodeløkka kl 16 same dag. Opplesing frå fleire av haustens forfattarar, musikalsk innslag og lett servering. Påmelding til m.hvamstad@samlaget.no innan 14.8. (skriv om du kjem på festen, pressekonferansen eller begge delar).
Den svenskfinske kultforfattaren Willy Kyrklund (1921 – 2009) er blitt kalla det vesle formatets store meister. Med Polyfem forvandla (1964) og Meisteren Ma (1953) står Kyrklund på si høgd som forfattar, og med denne dobbeltutgivinga blir desse bøkene for første gong tilgjenglege på norsk. Omsette av Gunstein Bakke.