Ny fargerik bildebok frå Martine Grande
Ei forteljing om å sjå verda med nye auge.
Ei forteljing om å sjå verda med nye auge.
Hilde K. Kvalvaag vann Brageprisen for si førre roman, ungdomsboka Fengsla. No er ho klar med si andre roman for vaksne, Lev vel, alle. Der møter vi aleinemora Gunhild som tek med den voldsdømte tenåringssonen Knut på roadtur til Canada for å reparere seg sjølv og forholdet mellom dei.
Meir om boka: Motvillig blir den seksten år gamle Knut med mora Gunhild til Canada. Dei skal følgje fotspora
Synnøve Macody Lund debuterer med romanen Personar du kanskje kjenner 26.9.
Lanseringsarr:
OSLO: Ingensteds mandag 28.9. kl 19.
BERGEN: Litteraturhuset onsdag 30.9. kl 19
HAUGESUND: Litterær salong, biblioteket torsdag 1.10. kl 20
Om boka: Synnøve skriv på ein roman om faren, men klarer ikkje å halde fram når ho må reise heim for å halde han med selskap i jula. Ho saknar de
Lanseringsarrangement på Mono i Oslo, torsdag 17.9. kl 20.
Kristin Fridtun opnar ein ny inngang til kjønnsdebatten ved å gjere arveordet kjønn til granskingsobjekt og springbrett for vidare drøftingar av kjønn, kjønnsnormer og kjønnsidentitet. Boka gir oss verdfull kunnskap om tydings- og brukshistoria til ordet kjønn og røskar i den automatiserte og tidvis krenkjande språkbruken vår.
K
Forteljaren i den nye romanen til Grete Kleppen, skal overvintre på eit fråflytta fiskevær på norskekysten, ein stad mellom Hustadvika og Ona fyr, for å skrive. Ein russar blir skylt i land og bryt inn i forfattarens sjølvpålagde isolasjon – og i forteljinga.
Grete Kleppen er kjend som ein leikande og fantasifull forteljar. I Uventa vendingar møter du mange fargerike karakterar, som dei to
Forfattaren bak den Upris-nominerte "Svarte-Mathilda" er tilbake med øygrøssar.
I siste nr av Syn og segn forklarer Midtausten-forskar Cecilie Hellestveit bagrunnen for krigen i Syria og kva som gjekk gale for landet i den arabiske våren. Du finn også fleire artiklar om kva slags skule vi bør bygge for framtida. Det kommunale sjølvstyret er ikkje grunnlovsfesta i Noreg og kommunane kan ikkje gå til søksmål mot staten. Dette meiner forskar Sigrid Stokstad bryt med folkeretten.
Ingunn Røyset er tilbake med eit frittståande framhald til "Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen". Det er ei spennande forteljing som tematiserer krigen, søskenkjærleik og vennskap på tvers av generasjonar.
Lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo 9.9. kl 19.
Arne Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa), det første store nynorske dramaet (Læraren) og nokre av dei beste essaya i norsk litteratur (Hanna Winsnes Kogebog).
Denne eineståande innsatsen hadde ein mørk bakgrunn. Faren va
Atle Berge går hardt ut mot det han meiner er ei kommersialisering av bokbransjen i sin ny satire "Superpularen". Her gir han lesarane det dei tilsynelatande vil ha: sex, mord og cliffhangers.
Samlaget ved forlagssjef Håkon Kolmannskog presenterer haustlista frå Samlaget med vekt på bøkene som kjem frå forfattarar busett i og rundt Bergen denne hausten.
I Olav H. Hauge 31.8. kl 19. Med forfattarane: Jon Hjørnevik, Marit Eikemo, Erna Osland, Hilde K. Kvalvaag, Tor Arve Røssland, Kristin Fridtun, Erlend Kaasa og Solveig Tjeltveit. I tillegg fortel Pedro Carmona Alvarez og Gunhild
I sin nye roman, Alt inkludert, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - nedlest av ting, på evig jakt etter meir.
Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor følgjer vi Agnes og dottera Maja på 6 år som flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag. Dei er utan nettverk, ve
Solveig M. Tjeltveit debuterer med ei original diktsamling der Gnu er den sentrale gjennomgangsfiguren.
Noo er swahili for gnu. Noo er Gnu sin lyd. Stemma i boka endrar seg mellom dikta, den er rytmisk og syngande og kan ta bustad i kva og kven som helst. I denne ville skogen bur både Gnu, Gud og jente – og over himmelen fyk ein gut.
Her eksisterer ulike mytologiar side om side, figurar
Bla i Samlagets katalog HER
Elena Ferrantes band 2 i Napoli-kvartetten, Historia om det nye namnet (omsett av Kristin Sørsdal), vert lansert 10. oktober. Ferrante har vore på første- og andreplass på den norske bestseljarlista sidan bok ein i serien, Mi briljante venninne, kom ut i mars. I oktober kjem også PJ Harveys nye bok Den opne handa (omsett av Pedro Carmona Alvarez og Gunhild Øyehaug).
Falle av Rakel Solstad er ni noveller om det å miste; om ikkje å vite om ein sørgjer rett, om å erkjenne at ein ikkje sørgjer, om sjølv å ville følgje etter, om å hegne om sorga, om å sørgje ein levande, om forboden sorg.
Vi møter mellon anna mora som skal skru av respiratoren til den vaksne dottera si, sonen som har mista ei dominerande mor, dei vaksne brørne som har vakse frå kvarandre, k
Erlend Kaasa debuterte med romanen Thunder road i 2009. No er han klar med krigsromanen Livius som får strålande kritikkar.
«Livius er rett og slett en genuint medrivende roman der ingenting er avgjort før siste side.»Olaf Haagensen, Morgenbladet
"Det er brutalt og skremmende, og et godt driv i fortellingen."
Stian Johansen , Varden
"[...] ein drivande god roma
Vi har nok alle vore der. Tvilen kjem snikande. Er det greitt med smilefjes i offentlege brev? Punktum i strekpunkt? Korleis finn du tankestrek utan å setje inn kodar på ein pc? På ein mac?
Hjelpa har kome. For Aud Søyland og Jan Olav Fretland presenterer no boka Norske skrivereglar/Norske skriveregler, og legg samtidig fram reglar for skriving på skjerm – både i form av e-post og nettekstar. <
Jan Roar Leikvoll (1974-2014) etterlét seg ei stor mengd ufullenda tekstar. Ein av desse var "Forkynnaren".
27.9. er det regionval i Catalonia. Nokre lokale parti ønskjer ein sterkare lausrivingsprosess frå Spania, og valet kan få store konsekvensar for regionen. Johannes Nymark gir i den nye boka "Draumen om Catalonia" eit kunnskaps- og perspektivrikt innsyn i det særeigne språklege, kulturelle, økonomiske og industrielle utviklinga som ligg bak den katalanske sjølvstendekampen.
Maria Parr har omsett "Barnas store eventyrbok" med klassiske eventyr henta frå Asbjørnsen & Moe, H.C. Andersen og Grimm-brørne.