Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Generasjonsrop frå Danmark; fire sentrale, danske poetar på norsk

    No kjem fire av dei fremste unge, danske poetane i norsk gjendiktning. 11. januar lanserer Samlaget bøkene til Asta Olivia Nordenhof, Amalie Smith, Olga Ravn og Theis Ørntoft. 2.2. kjem forfattarane til Noreg og blir introdusert av Vigdis Hjorth på Litteraturhuset i Oslo. 
    [...]
    og tru meg når eg seier
    eg skal røykast ut av vekstideologien
    ja eg skal røykast ut av vekstideologien
    eg

  • ​Jon Fosse flyttar rettar til ny, norsk agent

    Jon Fosse har overført agentrettar for sal til utlandet frå tyske Rowohlt til nye Winje Agency, etablert av Gina Winje i 2016. På kort tid har Winje forhandla meir enn femten kontraktar for ulike verk av Jon Fosse. 
    – Interessa for Fosse er svært stor i utlandet, seier Winje.
    Til no er Fosse omsett til over førti språk, og nye kjem stadig til. - Det er spesielt gledeleg at dikt, essays og sk

  • Den engelske utgåva av "Fugletribunalet" haustar strålande kritikk og blir opplesningsserie på BBC Radio!

    Agnes Ravatn sin gjennombrotsroman Fugletribunalet (2013) vart i haust lansert i England og har motteke gode skussmål frå det engelske publikumet.
    Nettstaden Crimefictionlover.com har utropa The Bird Tribunal til årets beste ”Nordic Noir Novel” framfor mellom anna Jo Nesbø og avisa The Irish Times skriv at romanen er ”a chilly psychological thriller / domestic noir that unfolds in an austere st

  • Asbjørn Rydland med ny fantasyserie

    Første bok i spennande fantasyserie om dataspelaren Eirik
    Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol på brystet. Korleis har dette skjedd, og kvifor finn Eirik det same symbolet i dataspelet han og kompisen Khalid speler?
    Vegandi-ser

  • Willy Brandt-prisen 2016 til Jon Fosse

    Willy Brandt-prisen 2016 går til Jon Fosse og Julia Stöber.
    I grunngjevinga skriv stiftinga at "Jon Fosse regnes som en av Europas viktigste samtidsforfattere. Han begeistrer særlig det tyske publikumet med sine litterære verker og over 30 teaterstykker. Det tysk-norske litteraturmiljøet lever med Jon Fosse". 
    Prisen vart delt ut på Stortinget i dag og Anna Fosse var tilstades for å ta i mot

  • Tre nye romanar av Elena Ferrante på norsk

    Napoli-kvartetten av Elena Ferrante har slått stort an i Noreg, både blant kritikarane og boklesarane. Eit unisont kritikarkorps har trilla seksarar og kallar verket eit av dei største romanverka i vår tid. Bøkene har snart runda eit sal på 300 000. Samlaget kjem no med dei tre romanane Ferrante skreiv før Napoli-kvartetten. Svikne dagar kjem 8. mars 2017, Den dunkle dottera i september 2017 og Kv

  • Nytt Syn og Segn ute: om bunad og Jesus, Erna og Finnmark

    Bunad og Jesus, Erna og Finnmark
    Syn og Segn har levert sakprosa i 123 år, og fornyar seg stadig. I siste utgåve er det temanummer om bunad og folkedrakt, stor samtale med forfattar Thorvald Steen, tekstar om Jesus og Finnmark, statsminister Solbergs tre nyårstalar og korleis det er å vere sensitiv. 
    BUNAD: Dei norske bunadane har ein særskild posisjon i medvitet åt nordmenn. Kva slags rom f

  • Federico García Lorca i ny gjendiktning ved Ragnar Hovland og Tove Bakke

    Grøn eg vil ha deg grøn er ein ny gjendiktning av ein av dei viktigaste poetane i verda, Federico García Lorca.
    Lorca reknast blant verdas viktigaste diktarar i det 20. hundreåret, og er elska av stadig nye generasjonar, ei sjeldan ære. Han blei fødd i 1898 nær Granada og myrda av Francos politi i 1936. Uvanleg musikalitet, sensualitet og bildeskapande evner kjenneteikner alt han gjorde. Lorcas

  • Finnegans Wake på norsk

    Eit av litteraturhistorias mest særeigne verk, James Joyces Finnegans Wake kjem på norsk, på Samlaget. Leif Høghaug står bak det ambisiøse ometjararbeidet.
    Finnegans Wake kom ut i 1939 og blir framleis rekna som eit av dei mest særeigne verka frå det 20. hundreåret. Det blei James Joyces siste verk, han brukte 17 år på det, og han rekna det sjølv som hovudverket sitt. Finnegans Wake er skrive p

  • "Advent" - Islandsk klassikar endeleg på norsk

    Advent er ei lita forteljing om eit stort menneske, ein variant av legenda om den gode hyrden. Den islandske klassikaren er basert på ei faktisk hending, om Benedikt Sigurjónsson som kvar førjulstid i tjueseks år har vandra opp i fjella med hunden og bukken sin for å finne bortkomne sauar. I 1925, det tjuesjuande året, blir det hardare enn nokon gong. Benedikt har følgje av nokre menn som gir opp

  • Mette Karlsvik klar med ny roman frå Island, "Varmá"

    Karlsvik har vunne m.a. Sæterbakkens minnepris og Vesaas-prisen og var nominert til Brageprisen for romanen Bli Björk. Ho har lengre tid vore opptatt av, budd på, og skrive om Island. No er ho igjen klar med ei bok som kretsar om Island, Varmá.
    Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med dei varme kjeldene sine legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, rein

  • Ruth Lillegraven nominert til Brageprisen for barneboka "Eg er eg er eg er"

    Ruth Lillegraven er nominert til Brageprisen for barneboka "Eg er eg er eg er". 
    Eg er eg er eg er skildrar korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.
    Samlinga er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.
    Ruth Lillegraven har leita i eigen barndom i arbei

  • Are Kalvø med ny bok

    LANSERING: BIKUBEN PÅ DET NORSKE TEATRET 13.10. KL 17.30
    Are Kalvø er ein av dei største komikarane her i landet. I løpet av dei siste tjue åra har meir enn ein halv million nordmenn sett framsyningar han har vore involvert i. Kalvø har blitt nominert til fleire komiprisar og til Hedda-prisen.
    I den nye boka "Are Kalvø på scenen" kan du lese om Kalvøs sceneliv, frå den første blasfemianklage

  • Siste band i Napoli-kvartetten på norsk

    Denne veka kjem den fjerde og siste romanen i Napoli-kvartetten, "Historia om det tapte barnet", omsett av Kristin Sørsdal. Boka markerer ei kraftfull avslutning på historia som fengslar lesarar verda over. Serien har vore i toppen av den norske bestseljarlista sidan første band, "Mi briljante venninne", kom ut våren 2015. Kvartetten er ein stor suksess verda rundt, men Ferrante har ikkje opplevd

  • Ny biografi om "Hestehandlaren" Kjell Opseth

    Dag Nestegard er aktuell med ein ny biografi om Kjell Opseth. Lansering 5.10. 
    Samferdselsminister Kjell Opseth (f. 1936) var mannen som etter fleire tiår med prat fekk Stortinget til å vedta ein flyplass på Gardermoen med eit toppmoderne flytog på den første høgfartsbanen her i landet. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd den lengste vegtunnelen i verda på 24 kilometer g

  • Ny bok: "Livet etterpå. Om vegen vidare etter alvorlege kriser" av Gro Skartveit

    I løpet av livet opplever dei fleste kriser og hendingar som gjer dagane krevjande og vonde. Gro Skartveit har møtt folk som har vore ute ei vinternatt, men som har klart å finne tilbake til eit leveleg liv. Her får du historier om folk som har opplevd drap, sjølvmord, sjukdom, angst og mobbing. Dette er historier om kriser, men først og fremst om korleis det er mogleg å gjere livet betre sjølv et

Vis mer