Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Brageprisnominasjon til Jon Fosse for første band av "Septologien. Det andre namnet"

    Frå grunngjevinga til Brage-juryen: "Med et vakkert og strømmende språk maner Jon Fosse fram et mektig litterært univers... Det andre namnet. Septologien 1-2 er en fengslende og kraftfull roman som lever videre i leseren."
    Dei norske bokmeldarane tok svært godt imot første band av storverket Septologien som kom i september, og sa mellom anna; "Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boke

  • Ulf Karl Olov Nilsson, ein av Sveriges mest sentrale poetar, no endeleg på norsk

    For fyrste gong på norsk får vi med Forklaringsopplysningane presentert eit større utval dikt av den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson – også kalla UKON. UKON er ein av dei viktigaste poetane i Sverige på 2000-talet, hylla for sin unike stil.
    UKON syner at poesi kan vere eit vis å sjå verda på, gjennom ei ramme av ulike system og dikt som er både konseptuelle og politiske, realistiske og

  • Ny bok om Ottar Haugland sin kamp mot nazismen

    I Krig. Mor. Bror. Ottar Haugland sin kamp mot Nazismen fortel Svein Sæter historia til Ottar Haugland og familien hans, som vart ramma av nazismen og valte å ta opp kampen.
    Boka handlar om opplevingane til to brør, Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden og tungtvassabotør Knut på Kongsberg, som i same natta blir tekne og torturerte av Gestapo. Knut gjennomfører ei farefull flukt. Ottar sve

  • Ny bok: "Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk"

    Emil André Erstad var Hareides næraste medarbeidar gjennom Krfs skjebnehaust for eit år sidan. I Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk  som vert lansert i morgon 30.10., fortel han ope og brutalt ærleg om kva som skjedde bak kulissane, om striden mellom Knut Arild Hareide og nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og om kva vurderingar Hareide og hans næraste gjorde underve

  • Ungdomsbok om kjærleikssorg og omsorgssvikt

    Magnhild Bruheim utforskar i denne ungdomsromanen det store spekteret av kjensler som finst i ei kjærleikssorg. Ho stiller også spørsmål kring oppvekst, bakgrunn og kor ulike liv ein kan leve i Noreg i dag.

  • Leif Høghaug ute med ny roman - ælt skrivi på rein hadelansk

    Kælven er Leif Høghaug sin fyrste roman, og er skrive på klingande hadelandsk. I denne soga er Hadeland ein skuggeheim der skrømt, attergangarar, englar og robotliknande skapningar er like naturlege som dyr og menneske av kjøt og blod.
    «Dei siste daga har je tenkt og tenkt på ei seinsåmmårsnatt je lenge prøvde å glømme.» Romanen sin forteljar sit i eit underjordisk kontorlandskap og spissar bl

  • Litterær sensasjon på norsk; Ocean Vuongs "Natthimmel med kulehòl"

    Natthimmel med kulehòl har blitt ein litterær sensasjon i USA. Ocean Vuong blir samanlikna med dei verkeleg store i den engelskspråklege litteraturen, som Emily Dickinson og William Shakespeare.
    I dikta til Ocean Vuong blir det svært intime stadig sett opp imot historiske hendingar. I etterdønningane frå Vietnamkrigen skildrar Vuong sorg, vald, krig og overgrep med eit mjukt landskap av poeti

  • Ragnar Hovland feirar 40 år som forfattar med ny essaysamling

    I år er det 40 år sidan Ragnar Hovland debuterte med Alltid fleire dagar. Han markerer jubileet med essayboka Litt betyr det no likevel. Her plukkar han opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck,

  • Gaute M. Sortland aktuell med ny novellesamling om det såre og fine i å skilja seg ut

    Du er ikkje normal er ei novellesamling som handlar om det å stå på utkanten av det som skjer. Tekstane er humoristiske og leikne, men rommar ein melankoli knytt til det å stå utanfor og kikke inn.
    I novellesamlinga møter vi folk som av ulike grunnar tek val som er litt utanfor normalen: forfattarar som skriv kortprosa i staden for bestseljande romanar, eller foreldre som vil ha barna sine i ny

  • Bjarte Klakegg aktuell med roman om kjønnsidentitet og kjærleik

    Ninkolai er ein roman om kjønnsidentitet, avvising og kjærleik, om å miste – og finne – sine nære i leiten etter seg sjølv.
    Nina er ikkje lenger Nina, men er endå ikkje heilt blitt Nikolai. Tolv år gammal bur han på garden med besteforeldra Inger og Johannes. Mora har reist tilbake til byen dei to kom ifrå, utan Nikolai. Som ung vaksen flyttar han etter, mest for å finne fotfeste i seg sjølv, m

  • Aina Basso klar med historisk roman basert på barndrapssak i Kristiania på starten av 1900-talet

    Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn – mot rimeleg betaling. Men når

  • Nobelprisvinnar Peter Handke er omsett til norsk av Jon Fosse

    Jon Fosse har omsett to av skodespela til Nobelprisvinnar i litteratur Peter Handke til norsk. Stendig storm og Dei vakre dagane i Aranjuez er begge gitt ut i Samlagets dramatikkserie.
    Fosse seier dette om tildelinga: - Handke har vore min favoritt i mange år, og er er svært glad for at han får prisen i år! Det er ikkje utan grunn at eg har omsett to stykke av han.
    Dei vakre dagane i Aranjue

  • "Septologien" av Jon Fosse selt til 11 land

    Første band i Jon Fosses storverk Septologien, Det andre namnet er selt til elleve land; Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Storbritannia, USA, Spania, Ungarn, Frankrike, Slovakia og Italia.
    16. oktober blir Septologien lansert internasjonalt på bokmessa i Frankfurt, der Fosse er eit av hovudnamna.
    Dei norske bokmeldarane tok svært godt imot første band av storverket og sa mellom anna; "

  • Ny bok av Kristina Leganger Iversen om kva morskapet betyr - historisk, økonomisk og personleg

    Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av – for kven blir ein om ein blir mor?
    Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på f

Vis mer