Nynorsk barnelitteraturpris til Tone E. Solheim
Tone E. Solheim er årets vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2021 for debutromanen Svarttrasta syng om natta.
Tone E. Solheim er årets vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2021 for debutromanen Svarttrasta syng om natta.
Den kritikarroste og prisvinnande forfattaren Mette Karlsvik er klar med romanen Surtsey der ho tek for seg kreftene i naturen og i menneska.
Det er jonsok på den islandske øya Heimaey, og ungdommane feirar på Tollbua. Soley kjem i prat med Vidar, og i hamna finn dei ein båt som dei seglar ut på havet med. Å vere to i same båt er nytt og rart, men når sterke naturkrefter blir sleppte laus unde
Maren Uthaugs roman Og sånn blei det er ei barndomserindring om å bli trekt opp med rota. Med sitt sedvanlege skråblikk og glimt i auget fortel Uthaug om familieløyndommar, overtru og forboden kjærleik. Romanen er Uthaugs debut frå 2013. Uthaug er basert i København, og har trøndersk og samisk familiebakgrunn. Frå før har Samlaget gitt ut to andre romaner av Uthaug, Der det finst fuglar og Ein l
I sin første roman, Schonung, stiller Mathias Samulsen spørsmålet; Kan ein fri seg frå eit familietraume ved å fortelje ein gong til?Då Kaare R. Samuelsen hamna på sjukehus i 1946 etter fangenskap i konsentrasjonsleiren Natzweiler, fekk han ei skrivemaskin for å skrive ned erfaringane sine. Barnebarnet hans les vitnesbyrdet og reflekterer over kva overlevinga har betydd for slekta og han sjølv. Ha
Elena Ferrante er ein av dei mest lesne og kritikarroste forfattarane på 2000-talet. I den nye essaysamlinga som ho skreiv medan korona-pandemien herja i Italia, fortel ho meir om kva som ligg bak skrivinga av Napoli-kvartetten og hennar siste roman, Dei vaksnes løgnaktige liv. Ferrante forklarer dei ulike tekstlaga i romanane og korleis dei inneber eit skifte frå den tidlege forfattarskapen hen
I Sigrid Merethe Hanssens nye roman Kom ei jente gåande besøker ei jente mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste om barndommen sin. Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida. Vi blir tatt med til ei lita nordnorsk bygd på 1960-talet, der eit barn bur saman med Molle, ei eldre kvinne. Grytidleg ein sommarmorgon står barnet opp og går ut. Ho vandrar åle
Lanseringsarrangement i Geilo Kulturkyrkje 19.3. kl 19. Meir om arrangementet her: https://bit.ly/3taCe9v
15. mars 2017 går det eit enormt snøras nær fjellet Gråskallen på Haugastøl. Eit tysk turfølgje på seks er på skitur i området i eit forrykande uvêr. 23 år gamle Adina Lange blir nedgraven i snømassane. Ho ligg fanga halvannan meter under snøen og kan berre røre eit par fingrar i eine votte
Kari Stai er aktuell med den sjuande, og aller siste boka om Jakob og Neikob, Jakob og Neikob og tidsmaskinen.
Jon Fosse er nominert til Den internasjonale Bookerprisen for det tredje og avsluttande bandet i Septologien, Eit nytt namn som kom ut i fjor haust. Den internasjonale Bookerprisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk. Prisen er på 60 000 pund. Fosse var også nominert for den gjeve prisen for band ein av Septolo
Skap & Sørg av Arne Hennings Årskaug er ei maksimalistisk, syngjande og laussleppt prosasamling med stort språkleg register, ublyg energi og faretruande humor. Her møter du ein forderva og ufjelg ranglebande som du slett ikkje vil ha på besøk, eit stormforelska par som rømmer heilt ut i verdsrommet for å sleppe unna seg sjølve, kvardagen og den ulmande undergangen, ein bortkomen gud som motvil
«Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith sagt om Leonora Carringtons meisterverk Høyreluren frå 1974. Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng ei
Band to av Septologien III-V Eg er ein annan er på langlista til prestisjeprisen Dublin Literary Award. Prisen er på 100 000 euro og går til ei bok skriven på engelsk eller omsett til engelsk. Blant tidlegare vinnarar finn ein Orhan Pamuk, Per Petterson og Michel Houllebecq. Tredje og avsluttande band i storverket, Septologien VI-VII Eit nytt namn, er i tillegg nominert til Kritikarprisen.
Sep
I Atle Berges nye romanen Diskursteori for barn og fulle folk tek jordmor Arne Fjørtoft eit oppgjer med konkurranse- og effektiviseringssamfunnet. Arne meiner sjølv han lever eit godt liv. Han elskar kona si, Hulda, og han har ein meiningsfull jobb og tre konkurransedyktige avkom. På fritida har han gleda av å vere del av eit større fellesskap som omreisande Brannsupportarar. Det irriterer han der
Therese Garshol Syversen (f.1988) debuterer med ein modig og utfordrande roman for ungdom om ein familietragedie og vegen ut av mørkeret.
På vårlista til Samlaget finn du bøker om bokbål, eit dramatisk skred, Jakob og Neikob, sledehunden Foxi, habituell abort, og omsette bøker av m.a. Elena Ferrante. Olga Ravn og Maren Uthaug. Lista tel fem skjønnlitterære debutantar; Stine Fuglaas Bonsaksen, Thor Magnus Tangerås, Ingelin Westeren, Hege Blom og Therese G. Syversen. Forlaget kjem med fem nyutgivingar av Ragnar Hovlands bøker i høve 7
I debutboka Habituell abort skriv Stine Fuglaas Bonsaksen opprivande og oppriktig om spontanbort. For eget i denne diktsamlinga er det ikkje noko problem å bli gravid - utfordringa er å halde på barnet. For barnet blir verkeleg, nesten med det same eget ser dei to strekane på graviditetstesten. Eit liv og ei framtid ho mister gong etter gong. Kvifor er det så vanskeleg å bli mor når det er så
Septologien av Jon Fosse er no ute på tjue språk. Storverket har fått meldarar verda over til å ta fram superlativa. Eit kjenneteikn ved meldingane er vekta dei legg på kor intens og annleis lesaroppleving dette er. The New York Review of Books kallar lesinga "ei meditasjonshandling" og for The Guardian er dette "eit nådelaust oppslukande verk". Weekendavisen seier "Dei sju bøkene reiser seg som
«Jeg fatter ikke at vi kunne gjøre noe så dumt. Det er jo å gi alle argumentene til motparten. Den som har tent det første bokbålet, er for alltid skjendet.» Ole Paus I Europa har bøker brunne i minst 800 år. Makthavarar og opprørarar har brent skrifter for å fjerne tru og meiningar, kunnskap og kultur. I Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912-2005 avslører Ottar Grepstad at det brann fleire bok
I diktsamlinga Ø skildar debutant Thor Magnus Tangerås sorga over eit barn som er borte.
Lansering på St Hanshaugen i Oslo 7. januar kl 18: https://www.facebook.com/event...
Ø startar på ein kyrkjegard ein dag i februar: Eit barn vert gravlagt. Snøen fell over grava og dei som står rundt, over ord og minne om Øyvor, som var sjuk heile sitt korte liv.Ø er ein song om sorg og omsorg, om ho som
Tor Arve Røssland startar det nye året med første bok i Overleve, ein ny dystopisk spenningsserie for barn og unge, om ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Bok to kjem hausten 2022, og band tre kjem i 2023.