Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Jon Fosse er årets namn i Nettavisen

    Nobelprisvinnar Jon Fosse er kåra til årets namn i Nettavisen. I intervjuet med avisa seier han muntert at prisen heller burde gått til Erling Braut Haaland. 5. oktober vart Fosse utropt til vinnar av Nobelprisen i litteratur, og 10.12. tok han imot prisen i Stockholm. Det er gått ut 80 000 Fosse-bøker til bokhandel sidan annonseringa av prisen 5.10.
    "– Jeg ville gitt prisen til Haaland, ler ha

  • Nobelprisvinnar Jon Fosse vert feira over heile landet

    10. desember får Jon Fosse Nobels litteraturpris. Feiringa byrjar allereie torsdag 7. desember. Då skal Jon Fosse halde det tradisjonsrike nobelforedraget.
    Foredraget, som Fosse held på norsk, vert strøymt frå heimesidene til Nobelprisen, kl. 17.00. Men foredraget kan ein også sjå saman med andre på storskjerm, mellom anna på Litteraturhuset i Oslo, der Olaug Nilssen held innleiing, og på Litt

  • Stor Fosse-fest 7.-10. desember

    Litteraturhuset og Det Norske Samlaget inviterer til folkefest for å feire Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med nobelprismarkeringa i Stockholm 7.–10. desember.
    – Nobelprisen til Jon Fosse er rett og slett eit eventyr. For første gong på nesten hundre år har ein norsk forfattar fått den gjævaste litteraturprisen – for ei anerkjenning av Fosse, norsk litteratur og det nynorske språket

  • Kven er den rikaste tjuven i landet?

    Marianne Gretteberg Engedal, kjend som Skinkeape, er aktuell med ny bildebok i den populære serien om Kjell. I Verdas rikaste tjuv blir Kjell sitt moralske kompass sett på prøve når han vil bli venn med den flinkaste guten i korpset.

  • Lansering av Juleroser 2023 med Herborg Kråkevik som redaktør og bidrag frå H.M. Dronning Margrethe II av Danmark, Sissel Kyrkjebø, Hanna og Linn Ullmann, Daniel Kvammen, Christer Karlstad og fleire

    3. november kjem Juleroser 2023 som er det niande i rekka. Juleheftet har bidrag frå mellom andre Sissel Kyrkjebø, Jane Kenyon i Hanna og Linn Ullmann si gjendikting, Kjersti Annesdatter Skomsvold, Gaute Heivoll, Roar Kjærnstad, Dag O. Hessen, Helene Knoop, Kjartan Fløgstad, Randi Fuglehaug, Anne Marit Austbø, Jacob Gløersen, Einar Økland, Danny Larsen, Marianne Heske og Alf C. Hvaring. Kvart år

  • Øystein Orten klar med ny roman om lærarens utsette rolle

    Den erfarne forfattaren Øystein Orten er klar med den nye romanen Den bortkomne; ein klaustrofobisk og fleirtydig roman om minne, skuldingar og lærarens utsette rolle.Ein lærar vender uventa tilbake til heimbygda, og gamle venner og naboar byrjar å stusse: Kva gjer den dedikerte undervisaren heime no, midt i skuleåret? Og kvifor har den elles så opne og omgjengelege karen slått av ljosa og trekt f

  • Tore Kvæven klar med ny roman; "Raudt støv"

    Tore Kvæven fekk sitt store gjennombrot med romanen Når landet mørknar i 2018 som kom ut til strålande kritikkar, og fekk Brageprisen for beste skjønnlitterære bok. No er han endeleg klar med ny roman; Raudt støv. Bok 1. Boka blir lansert 13. oktober.
    Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens ha

  • Ny biografi om cowboyen, bonden og Farmen-deltakar Arvid Mæland

    Fredag 13. oktober kjem boka om cowboyen, bonden, jærbuen og no også Farmen-deltakar Arvid Mæland. Han kom inn i realityserien som utfordrar førre søndag. Iboka Mitt liv som comboy byr forfattar og journalist Håvard Ovesen på Mælands røverhistorier og livsalvor.
    Mange har blitt kjende med Arvid Mæland gjennom NRK-serien Cowboyen og Kongen. Men kven er han eigentleg? Eit ekte mannfolk? Ein vil

  • Ny bok om drapsforsøket på William Nygaard med kritikk mot politiet, politikarane og pressa.


    30 år har gått sidan drapsforsøket på forlagssjef William Nygaard. I boka Blodspora frå Dagaliveien. Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard som kjem 10. oktober, tek gravejournalisten Odd Isungset oss med på ei reise til Iran, Libanon, Tyskland, Frankrike, USA, Italia og Storbritannia i jakta på å forstå og analysere det som har hendt sidan ayatolla Khomeini kunngjorde dødsdommen over

  • Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur

    English version below.
    Jon Fosse seier dette om tildelinga av Nobelprisen i litteratur:
    - Eg er overvelda, og svært glad og takksam. Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, m

  • Ståle Eskeland kjem med "Sinnamekker`ns bilalbum" for alle bilglade folk

    Ståle Eskeland er kjent som Sinnamekkern, og denne veka kjem han med si første bok; Sinnamekker`ns bilalbum. Bilar med sjel. Den aller første bilen Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota ruter. Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og køyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gong har Eskeland hatt nærare 500

  • Bibliotekets litteraturpris til Bjørn Hatterud for "Mjøsa rundt med mor"

    Bjørn Hatterud får Bibliotekets litteraturpris for Mjøsa rundt med mor (2020). Prisen er stemt fram av bibliotekstilsette og lesarar over heile landet og går til den beste boka gitt ut dei siste fem åra. Prisen vart delt ut på Kapittel-festivalen i Stavanger i kveld.
    I memoarboka reiser Bjørn Hatterud heim for å kjøre rundt Mjøsa med mor. Men kva er eigentleg heim, etter eit halvt liv i Oslo?Kø

  • Gaute M. Sortland aktuell med ny novellesamling; "Sanne historier"

    Menneska i den nye novellesamlinga til Gaute M. Sortland, strevar alle med sitt. Dei er gjerne på veg ein plass, over i ein ny livsfase, til dømes, eller meir bokstaveleg, om bord i eit framkomstmiddel, gjerne ein buss. Hadde det gått eit tog, kunne nokon tatt det. For andre skjer forflyttinga gjennom kjærleikssorg eller sjukdom. Jamvel ved hjelp av fleinsopp eller ei mongolsk badstove. Vel framme

Vis mer