Gå videre til innhold

Kategorier: jon fosse

  • Jon Fosse. Foto: Agnete Brun

    Jon Fosse på kortlista til National Book Award

    Jon Fosse er ein av fem på kortlista til den amerikanske prestisjeprisen National Book Award i kategorien omsett skjønnlitteratur. Fosse er nominert for tredje band av Septologien VI-VII; Det nye namnet.
    Romanen vart lansert i USA i fjor haust til svært gode meldingar.
    Utgåva på engelsk er gitt ut med tittelen A New Name, og Damion Searls står bak omsettinga.
    Les meir om nominasjonen he

  • Foto: Tom A. Kolstad

    Jon Fosse kan vinne Den internasjonale Booker-prisen

    Jon Fosse er nominert til Den internasjonale Man Booker-prisen for første band i Septologien, Det andre namnet som kom ut i fjor haust. Prisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk i fjor. Vinnaren vert kåra 19.5. Prisen er på 60 000 pund. Tidlegare har berre ein annan norsk forfattar vore nominert til denne pris

  • Doublougprisen 2019 til Olaug Nilssen

    Doublougprisen 2019 til Olaug Nilssen

    Olaug Nilssen har fått Dobloug-prisen 2019 saman med Johan Harstad.  Prisen er på 200 000. Nilssen takka velferdsstaten i talen sin og gir bort ein tredjedel av prispengane øyremerka trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlastning. Prisen vart delt ut på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer tysdag kveld.
    Dobloug-prisen vart oppretta i 1938

  • Lanseringsarrangement om Jon Fosses "Poesiar. Etter Henrik Wergeland"

    Lanseringsarrangement om Jon Fosses "Poesiar. Etter Henrik Wergeland"

    Samlaget og Nynorskens hus inviterer til lanseringsarrangement for Jon Fosses nye diktsamling "Poesiar. Etter Henrik Wergeland" på Nynorskens hus i Rosenkrantzs gt 8 onsdag 3.2. kl 19.
    Med Morten Espeland, Ola E. Bø, Anders Nordhammer, Camara Joof og barn frå Den mangfaldige scenen.
    Musikk ved KRANTZ
    Opplegg ved Morten Espeland, Kai Johnsen, Cecilie Seiness og Liv Hege Skagestad i sama

  • Patti Smith, Jon Fosse og Elena Ferrante på Samlagets vårliste

    Patti Smith, Jon Fosse og Elena Ferrante på Samlagets vårliste

    Jon Fosse er klar med ny diktsamling 22.1. "Poesiar. Etter Henrik Wergeland", der han går i dialog med den tidlegare Grotte-buaren Wergeland sine dikt. Patti Smiths oppfølgjar til memoarboka "Just kids", "M Train", er klar på norsk 20.2., i Brit Bildøens omsetjing. 
    1.3. kjem Elena Ferrantes tredje bok i Napoli-kvartetten på norsk, "Dei som flyktar og dei som blir igjen". Ferrante har tatt nor

  • Nordisk Råds Litteraturpris til Jon Fosse

    Nordisk Råds Litteraturpris til Jon Fosse

    Fosse fekk i kveld den prestisjefulle prisen for første gong, for Trilogien (Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd). Han tok sjølv imot prisen i Reykjavik.
    Fosse seier dette om tildelinga: 
    -Eg er svært takksam for å få Nordisk råds litteraturpris. Eg har fått mange prisar, men dei fleste for dramatikken eller for ålment forfattarskap. Sjølv meiner eg at eg er like mykje prosaist som dramatik

  • Ny samtalebok: Eskil Skjeldal og Jon Fosse om mysteriet i trua

    Ny samtalebok: Eskil Skjeldal og Jon Fosse om mysteriet i trua

    I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse melde seg i protest ut av Den norske statskyrkja som 16-åring, men fann seinare attende til ei religiøs livsforståing gjennom skrivinga. Han har vore oppteken av gnostisisme, kristen mystikk og har kjent seg nær kvekarrørsla, men er no altså katolikk. Kva har skjedd?

  • Jon Fosse nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien

    Jon Fosse nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien

    Juryen kallar trilogien "et høydepunkt i nyere norsk romanlitteratur."
    Andvake-trilogien er ei intens forteljing om to elskande, Asle og Alida, som prøver å finne sin stad i verda.
    Dei tre delane i trilogien, Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) har blitt hylla av kritikarane for å vere eit meisterverk, og noko av det finaste og vakraste Fosse har skrive. Forteljingane

  • Kjærleikstrilogien til Jon Fosse samla i eitt band

    Kjærleikstrilogien til Jon Fosse samla i eitt band

    I vår kom den siste romanen i i kjærleikstrilogien til Jon Fosse. No er dei samla i eitt band. I "Andvake" "Olavs draumar" og "Kveldsvævd" følgjer vi spelemannen Asle og kjærasten Alida, to elskande som prøver å finne sin stad i verda.

  • Ny diktsamling frå Jon Fosse

    Ny diktsamling frå Jon Fosse

    Jon Fosse er ute med diktsamlinga "Stein til Stein. 39 dikt og 1 salme".Det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ei salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka.

  • Vårlista 2013 frå Det Norske Samlaget

    Vårlista 2013 frå Det Norske Samlaget

    Are Kalvø, Jon Fosse og Patti Smith kjem alle med nye bøker på Samlaget i vår. Kalvø har ved hjelp av folket skrive ei ny grunnlov. Boka er basert på serien Riksforsamlinga som startar på NRK i februar. Fosse og Smith kjem med dikt. Samlaget har tre debutantar i vår, to som skriv for vaksne; Erica Löfström og Odd Eirik Færevåg og Marit Lajord som skriv for barn.