Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Martine Næss Johansen, Zezé Kolstad og Jae Nyamburah er det tre regi-spirene som skal løftast fram og få prøve seg gjennom Spire-prosjektet. Foto: Glenn Ruben Engen/Erika Hebbert/Michael Gauss.

    Satsing på kvinnelege regissørar

    Med Spire-prosjektet ønskjer Det Norske Teatret å løfte fram nye, kvinnelege regitalent.

    - Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn eksisterer omtrent ikkje i norsk teaterhistorie i det heile. Dette må vi gjere noko med, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.
    Våren 2022 kjem difor tre re

  • Christian Ruud Kallum som tredje generasjon Lehman, Bobbie Lehman. Foto: Erika Hebbert.

    Kritikarrost framsyning som direktestrøyming

    "En skuespillerfest" sa Aftenposten om Lehmantrilogien, da framsyninga hadde premiere i august, og både dei og Dagsavisen trilla fem på terningen. Så blei framsyninga brått roka av streik, og deretter av koronarestriksjonar. Difor har Det Norske Teatret no beslutta å direktestrøyme historia om familien som starta bedrifta som blei til storbanken Lehman Brothers.

  • Nynorskens far Ivar Aasen, språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås. Foto: Maiken Mathisen.

    Podkast om språk frå Det Norske Teatret

    Som det viktigaste språksenteret for nynorsken forvaltar Det Norske Teatret eit særskilt språkoppdrag. No har dette ansvaret kome til uttrykk gjennom podkasten Språkoppdraget, som er lansert i haust.
    Språket er ein del av grunnstammen i Det Norske Teatret. Da teateret blei stifta av Hulda Garborg og Det Norske Spellaget i 1913 var landsmålet ein av grunnene til å starte teatret. Språket var og

  • Det Norske Teatret spelar teater for 50 publikummarar

    Det Norske Teatret spelar teater for 50 publikummarar

    Det Norske Teatret held fram med å spele teater, trass dei nye restriksjonane som vil gjelde frå og med midnatt 14.12.2021.
    - Vi har sagt gjennom heile pandemien at teater er viktig og at så sant det er mogleg og lov, så spelar vi, seiere teatersjef Erik Ulfsby. 
    Dei nye innstrammingane rammar kulturlivet hardt, men det positive er at vi ikkje er stengt.
    - Glede og meining spreier seg le

  • Beatur har laga ei soloframsyning om ein annleis og vanskeleg oppvekst i Reykjavik på 90-talet.

    Hiphopteater rullar inn på Det Norske Teatret

    Beatur voks opp i ein alkoholisert party-heim i Reykjavik på 90-talet. Dette har beatboxaren no laga ein musikalsk performance om. Og dette er berre ei av framsyningane som blir viste når hiphopteater og SPKRBOX tek inn på Det Norske Teatret frå 11. - 18. desember.

    SPKRBOX PÅ DET NORSKE TEATRET:
    BEATUR - MASTER OF THE UNIVERSE
    Urpremiere laurdag 11. desember kl. 18.00.
    Blir også v

  • Catharina Vu, Kidane Gjølme Dalva og Christian Eidem spelar barna som må lære seg å passe på seg sjølve, men utan å bli vaksne. Foto: Magnus Skrede.

    Brutal forteljing frå barneøya

    Med referansar til Fluenes herre, Peter Pan og Robinson Crusoe, har regissør Mine Nilay Yalcin, dramatikar Toril Solvang og ensemblet jobba fram ei forteljing for ungdom om kva som hender når barn får vere barn, utan innblanding frå vaksne. 
    LEVE REPUBLIKKEN
    URPREMIERE LAURDAG 20. NOVEMBER KL. 18.00
    ROMMEN SCENE - DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALEN
    Eit fly styrtar på ei aude øy, og berre

  • På Hovudscenen på Det Norske Teatret i 2022

    På Hovudscenen på Det Norske Teatret i 2022

    I dag la Det Norske Teatret fram dei nye produksjonane på Hovudscenen i 2022:
    Tid for glede
    av Arne Lygre
    Urpremiere laurdag 22. januar
    Fuglane
    av Tarjei Vesaas
    Premiere laurdag 26. februar

    Into the Woods
    Musikk og songar av Stephen Sondheim, manus av James Lapine
    Noregspremiere laurdag 2. april
    Kristin Lavransdotter (Kransen, Husfrue og Korset)
    av Sigrid Undse

  • Noregspremiere på Nobelprisvinnar Jelineks Vinterreise

    Noregspremiere på Nobelprisvinnar Jelineks Vinterreise

    Jonas Corell Petersen er ein regissør med godt handlag med dei meir underfundige og skrudde teatertekstane. No har han tatt for seg den austerrikske Nobelprisvinnaren Elfriede Jelineks tekst Vinterreise, som for første gong blir sett opp i Noreg. Her blandar regissøren moderne teateruttrykk og absurde utfall med Franz Schuberts romantiske songsyklus med same namn.

    VINTERREISE
    av Elfriede

  • Eit filmlerret og videoprojeksjonar er sentralt i scenebildet i Om mus og menn. Foto: Erik Berg

    Endeleg premiere på Om mus og menn

    Endeleg kan teppet gå opp for Om mus og menn i Eirik Stubøs regi på Hovudscenen. I nobelprisvinnar John Steinbecks forteljng om nedgangstider og marginaliserte menn på jakt etter jobb handlar det først og fremst om å overleve. Og i det fjerne lyser den amerikanske draumen.
    OM MUS OG MENN
    av John Steinbeck
    PREMIERE FREDAG 19. NOVEMBER KL. 20.00
    HOVUDSCENEN

    Trettiåra var eit dyste

  • Svein Tindberg held fram med å gruble på dei store spørsmåla. Kan han tru både på vitskapen - og på Gud? Foto: Magnus Skrede.

    Tindberg og Bang-Hansen med ny framsyning: Må ein velje mellom tru og vitskap?


    Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med nok ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større. Denne gongen er dei ute etter å finne ut av om det faktisk går an å tru - ja, tru - på vitskapen og på Gud?
    GUDSPARTIKKELEN
    av Svein tindberg og Kjetil Bang-Hansen
    URPREMIERE ONSDAG 10. NOVEMBER
    PÅ SCENE 2
    Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen har teke for seg Mark

  • Øyvind Rimbereid debuterer som dramatikar

    Øyvind Rimbereid debuterer som dramatikar

    Øyvind Rimbereid skriv for scenen for første gong, sterkt oppfordra etter suksessen langdiktet Solaris korrigert gjorde i sceneversjon i 2015. Den umoglege valmuehagen er tittelen på dramatikardebuten som også er ein dyster framtidsvisjon - men finst det håp?

    DEN UMOGLEGE VALMUEHAGEN
    av Øyvind Rimbereid
    URPREMIERE TORSDAG 4. NOVEMBER KL. 20.30
    UTSTILLINGSOPNING KL. 20.00
    SCENE 3

  • Kjersti Horns familiemusikal får premiere på Rommen Scene laurdag 16.oktober kl. 15.00.

    Premierer denne veka: Lund og Lorca på Scene 3 og Min venn, romvesenet på Rommen Scene

    MIN VENN, ROMVESENET
    PREMIERE 16. OKTOBER KL. 15.00
    ROMMEN SCENE

    Min venn, romvesenet er ein leiken familiemusikal med eit alvorleg tema. Kjersti Horn har skrive manus og har regien på ei av dei mange satsingane på barn og unge på Rommen Scene i haust. Emilie Christiensen og gruppa No. 4 står for musikken. Vi møter seks år gamle Ellie (Catharina Vu) som bur i ei utriveleg leiligheit m

Vis mer