Det Norske Teatret med rekordår – igjen!
Det Norske Teatret hadde årsmøte laurdag 27. april og det var eit synleg stolt styre som presenterte eit år som nok ein gong er det beste året i Det Norske Teatrets over hundreårige historie. Ikkje berre har teateret hatt rekordhøg publikumstilstrøyming, teateret har aldri hatt høgare inntekter eller hatt større internasjonal merksemd. 281 726 publikummarar (267 297 i 2017) besøkte framsyningane