Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Nyhendebrev: Billettsalet startar for Hans og Grete

    Opera Nordfjord har i 20 år gledd sitt publikum med operaer, operetter, musikalar og konsertar. I jubileumsåret 2018 har distriktsoperaen på Nordfjordeid bydd på dataspelmusikk gjennom det spennande orkesterprosjektet SCORE, operaen La Bohème og familiemusikalen Annie, som fekk avrunde året med fulle hus og begeistringsrekord! I dag startar billettsalet for operaen Hans & Grete.

  • Musikalen Annie med ekstraframsyning

    Billettsalet til musikalen Annie går så det susar; tre framsyningar er nesten utselde, og no er billettar til ekstraframsyning søndag kveld den 25. november lagt ut for sal. Dei 18 barneheimsjentene kjem frå heile Nordfjord, og dei sju namngjevne rollene vert spelte av jenter frå Hornindal, Gloppen og Eid. I tillegg kjem vaksenroller, dansarar og koristar - i alt 54 medverkande på scena!

  • Opera Nordfjord innbyr til Fargespel Nordfjord

    Fargespill vart etablert i Bergen i 2004 og har i åra sidan hatt stor suksess med sine fantastiske sceneshow, der born og ungdommar frå heile verda møtast til kulturutveksling og samarbeid. No er Fargespel Nordfjord etablert under Opera Nordfjord si fane og med tett samarbeid med alle Nordfjord-kommunane. Dei neste åtte månadane vert det intens jakt på og deling av kulturskattar frå andre land.

  • Nyhendebrev - Opera Nordfjord feirar 20 år

    I år er det 20 år sidan Opera Nordfjord inviterte til premieren på Flaggermusen i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid. Operahuset Nordfjord er arena på 10. året, når teppet går for La Bohème onsdag 3. oktober. Nokre veker seinare er det endå meir å gle seg til, når den kjende og kjære musikalen Annie står på plakaten i operahuset 23. - 25. november. Bli med på 20-årsfeiringa!

  • ​Kulturministeren kjem til Opera Nordfjord

    Opera Nordfjord feirar 20 år med operaframsyningar i år, og endeleg får distriktsoperaen på Nordfjordeid for første gong besøk av ein kulturminister. Vakre La Bohème er jubileumsframsyninga som står på plakaten når kulturminister Trine Skei Grande kjem til Nordfjodeid laurdag 6. oktober.

  • Urpremiere på operaen Kimen av Magnar Åm

    Komponist Magnar Åm og librettist Oda Radoor har skrive operaen Kimen, basert på romanen Kimen av Tarjei Vesaas. Det har blitt eit omfattande dugnadsprosjekt mellom profesjonelle aktørar i det kunstnariske teamet, profesjonelle solistar og musikarar og spennande samarbeid mellom fleire lokale kor og mange frivillige. Opera Nordfjord har bidrege med kulissearbeid, kostyme og produsenttenester.

  • Solistlaget klart for musikalen Annie

    Den kjende musikalen Annie får premiere i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid fredag 23. november med påfølgande framsyningar 24. og 25. november. Det er venta storinnrykk av born, ungdommar, foreldre, beste foreldre og oldeforeldre på dei tre framsyningane, og billettsalet er allereie i gong. Unge, lovande solistar frå heile Nordfjord er plukka ut til rollene som Annie og vennene hennar.

  • Sjarmtrollet Annie til Opera Nordfjord - billettsalet er i gang!

    Fredag 23. november vert det premiere i Operahuset Nordfjord på den kjende og kjære musikalen Annie, om den raudhåra barneheimsjenta, som meir enn noko anna ønskjer seg ein far og ei mor og å vere ein del av ein heilt vanleg familie. Vi møter rampungar, svindlarar, den gode og rike Daddy Warbucks, den onde barneheimsstyraren Miss Hannigan, den snille sekretæren Grace - og President Roosevelt!

  • Opera Nordfjord inviterer til ANNIE-audition

    Opera Nordfjord feirar i år 20 år med opera, musikkteater og konsertar. Jubileumsåret vert avslutta den siste helga i november med den folkekjære familiemusikalen Annie av Charles Strouse. No sender operaen ut innbyding til jenter frå Nordfjord i alderen 8 år og oppover som kan vere interesserte i ei av dei mange rollene.

  • Ønskjer herrestemmer til La Bohème

    Operakoret til Opera Nordfjord er snart klart for første korøving til operaen La Bohème søndag 15. april, men kvar er alle mennene? Det er god dekking av både damestemmer og barnekor, men mennene er vanskelege å få tak i. Nokre få tenorar og ein baryton har meldt seg, men det trengs framleis fleire menn på begge herrestemmene.

  • ​Dataspelmusikk på operaturné

    Dataspel er dei unge sin scenekunst, slik opera er scenekunst for det klassiske publikumet. Det tek Opera Nordfjord på alvor i presentasjonen av spelmusikk-konseptet SCORE frå Sverige, der den akustiske orkester- og kormusikken står i sentrum. Sogndal Kulturhus, Operahuset Nordfjord og Parken Kulturhus i Ålesund vert konsertarenaer for SCORE og Opera Nordfjord 2., 3. og 4. mars.

  • Billettsalet til La bohème opnar 1. desember

    I 2018 feirar Opera Nordfjord 20 år med fleire større produksjonar. Hovudproduksjonen vert vakre og tidlause La bohème av Giacomo Puccini, som har rørt publikum sidan premieren i 1896. No kan publikum sikre seg billettar til ei av dei åtte framsyningane i Operahuset Nordfjord allereie frå fredag 1. desember.

Vis mer