Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • 120 ungdommar syng Verdis Requiem med Opera Nordfjord

    Helga etter påske er det duka for ei sjeldan storsatsing, når Opera Nordfjord reiser på turné med fantastiske Requiem av Verdi, eit av dei aller største meisterverka for kor, solistar og orkester.

  • Konsert for TV-Aksjonen med operasolistar

    Opera Nordfjord tjuvstartar årets TV-Aksjon til inntekt for Leger uten grenser og innbyr til konsert i Eid Kyrkje måndag 3. oktober kl. 19.00. Operasolistar, songarar og musikarar frå La Traviata-produksjonen deltek.

  • Trio no Treble i Kulturhuset Gamlebanken

    Kammerkonsert med Trio no Treble byr på både humor, kvalitetsspel og sjangeroverskridingar i alle retningar. Det er all grunn til å gle seg til ein uformell konsert med dyktige musikarar, der det er lov til å le høgt og nyte musikken samstundes - velkomen!

  • Tinder-operaen TREFFET på turné til Opera Nordfjord

    Sveip til venstre. Sveip til venstre. SVEIP TIL VENSTRE. Så plutseleg dukkar det opp noko meir interessant. Eit bilete av nokon som skil seg litt ut her inne på denne appen...? Kanskje ein ikkje berre skal sveipe til høgre, er dette kanskje verdt ein SUPERLIKE? Og så kjem spenninga. Vil plinget komme? Vart det match? Blir det ein samtale som kan bli til ein date som kan bli til...?
    Vi k

  • Klassisk operagalla på vårturné

    Opera Nordfjord kan skilte med store stemmer i internasjonal klasse, når sopranen Margrethe Strømmen Fredheim og tenoren Bror Magnus Tødenes gjestar distriktsoperaen på Nordfjordeid i april.

  • La Traviata til Opera Nordfjord

    Etter 23 år står La Traviata igjen på plakaten når Opera Nordfjord opnar dørene for sesongstart 28. september 2021 i Operahuset Nordfjord, med 8 framsyningar i perioden 28.09.-08.10..

  • Den store julekonserten i Operahuset Nordfjord

    Opera Nordfjord inviterer til stemningsfull julekonsert med høg gåsehudfaktor når fullt operaorkester, kor og solistane Beate Mordal og Alexander Standal Pavelich framfører dei vakraste julesongane, leia av dirigent Michael Pavelich. Det skjer i Operahuset Nordfjord 3. og 4. desember - velkomen til heile familien!

  • Opera Nordfjord på turné med filmmusikk frå fantasy-universet

    Det vert garantert magisk stemning når 65 korsongarar, 53 musikarar, sopransolist Sabina Zweiacker, konferansier Orvar Säfström og dirigent Michael Pavelich sameinar musikalsk krefter og talent når SAGAS drar ut på turné 11.-14. november med fantasy filmmusikk som hovudtema. Konsertstader er Sandane, Sogndal, Nordfjordeid og Førde.

  • Opera Nordfjord med episk filmmusikk på fylkesturné

    Endeleg er Opera Nordfjord tilbake med nytt samarbeid med Score Productions, med fantasy filmmusikk på repertoaret! Etter stor suksess våren 2018 med dataspelmusikk, innbyr distriktsoperaen i samarbeid med Firda vidaregåande skule til eit nytt, magisk, musikalsk eventyr når SAGAS skal på turné til Trivselshagen, Sogndal Kulturhus, Operahuset Nordfjord og Førdehuset dagane 11.-14. november.

  • Nyutdanna, lokale musikalartistar på operascena i noregspremiere

    Opera Nordfjord innbyr til noregspremiere på musikalen Jorden rundt på 80 dager i Operahuset Nordfjord onsdag 29. september og til saman 8 framsyningar fram til og med 10. oktober. I tillegg til eit førsteklasses solistlag har distriktsoperaen engasjert eit ensemble med nyutdanna musikalartistar, som nettopp har "vakse opp" i distriktsoperaen på Nordfjordeid frå dei song i barnekoret i Carmen.

  • Solistlaget klart for Jorden Rundt på 80 dager

    Solistlaget er klart og billettsalet er opna for «Jorden rundt på 80 dager» av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk. Ein kan kanskje like godt kalle forestillinga «Kor mange operaer passar inn i éin musikal?». Det kan bli ein fin gjetteleik for publikum når musikken frå denne leikne musikalen fyller operahuset til hausten; kva for ein opera skal vi innom no, på veg jorda rundt?

Vis mer