Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Humoristisk roman om ihuga nynorskingar

    Kom ikkje inn i mitt hus av Arnfinn Kolerud handlar om den uendelege språkstriden mellom nynorsk og bokmål. Innbyggarane i den siste, trassige nynorske landsbyen Vassbygda står steilt i mot presset frå bokmål og engelsk. Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort.

  • Olaug Nilssen med ny bok - "Kjøkenbenkrealisme"

    Olaug Nilssens nye bok "Kjøkenbenkrealisme" er full av ærlege historier om familieliv i dag. Du møter heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Her vert ikkje småbarnstida idyllisert, men både søvnmangel, frustrasjonar, samanbrot og gleder kjem fram. Lanseringsdato fredag 28.9.

  • Ny aktuell bok om DDR

    Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik er aktuell med "Det var DDR - Forteljingar om eit nedlagt land". Dypvik har møtt ei rekkje menneske som på ulikt vis har merke etter landet som vart borte. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur.

  • Stor feiring av Ragnar Hovland 60 år på Oslo Bokfestival

    Ragnar Hovland fyller 60 år i år, og vart feira stort på ei festforestilling i Bergen i mars. No skal han også bli feira med ein eigen festkveld i Oslo. Knut Nærum, Erlend Loe, Lina U. Mariussen, og musikarane Polkabjørn og Annlaug Børsheim skal hylle han under Oslo Bokfestival laurdag 15.9. kl 18.30 på Victoria Jazzscene. Hovudpersonen sjølv vil også vere til stades.

  • Pressemelding: Eit billass med poetar til Ulvik poesifestival

    13.9. kl 8 stappar forlagsredaktør David Aasen bilen full av poetar, og dreg frå Det Norske Samlaget på Tøyen i Oslo mot Ulvik poesifestival. I Olav H. Hauges heimbygd skal poetane Rui, Ekrheim, Leganger Iversen og Aglen lese.Og undervegs stoppar dei også, mellom anna i Drammen der dei held ein 10 minuttars lanseringsfest for Juliane Ruis nye bok. Følg turen deira på poesitur.wordpress.com

  • Ny bok om Jakob og Neikob

    Kari Stais biletbok Jakob og Neikob har hatt suksess i både inn- og utland, på barne-tv og som app. No er dei populære karakterane tilbake i boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake som alt er selt til Tyskland. Den første boka om Jakob og Neikob er ute i Tyskland, Frankrike og Danmark.

  • Ny Dystopia-bok frå dobbel Upris-vinnar Terje Torkildsen

    Terje Torkildsen er no klar med Dystopia IV, den fjerde boka i spenningsserien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Torkildsen vann Uprisen for den den forrige boka i serien, Dystopia III. Han fekk også prisen for debutboka si Marki Marco.

  • Anne Viken debuterer med hestebok

    Anne Vikens debutbok Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 år og oppover.

Vis mer