Tredje opplag og utanlandssal for "Ser du dette?" av Sigrid Agnethe Hansen
Sigrid Agnethe Hansens debutroman Ser du dette? kjem no i tredje opplag, samtidig som rettane er seld til både Sør-Korea og Danmark.
Ungdomsromanen Ser du dette? handlar om eit nakenbilde på avvege. Tematikken er svært aktuell, noko både sal, meldingar og interesse frå utanlandske forlag visar.
No har det danske forlaget Straarup & Co og det koreanske forlaget Charliebook kjøpt rettane.<