Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Elena Ferrantes nye roman rett inn på bestseljarlista

    Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv gjekk rett inn på andreplass på bestseljarlista denne veka. Boka hadde verdslansering i 28 land samstundes 1. september. Boka gjekk også rett inn på andreplassen på NY Times bestseljarliste denne veka. 
    Boka har fått formidable kritikkar både i Noreg og internasjonalt. Romanen er Ferrantes første etter den enorme suksessen Napoli-kvartetten s

  • Rage aktuell med roman om venskap og heimebrent

    God venskap, ei rifle og store mengder heimebrent.
    Tre vener skal preika skit og drikka sprit og spela Playstation for alltid, og det skal ingenting få øydeleggja. Men så skjer ein dum ting, nemleg at to av venene greier å skyta hovudet av den tredje og berre med eit naudskrik greier å lappa han saman att ved å ty til det dei har for handa, som er ein gammal båtradio. Dette fungerer fram til de

  • Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn

    Dypvik er historikar og kjem frå stilling som journalist i Nationen. Ho har brei redaksjonell erfaring frå mellom anna Dagbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Morgenbladet, i tillegg til eit prislønna forfattarskap som mellom anna omfattar sakprosabøkene Berlinhistorier – kald krig i den delte byen og Det var DDR – forteljingar om eit nedlagt land.
    - Syn og Segn er ein viktig arena å få nye stem

  • Juliane Rui klar med ny diktsamling

    Variasjonar over nærleik
    Juliane Rui skildrar dei skjøre kontaktpunkta mellom menneska, naturen og dei andre artane på jorda. Mennesket oppstår som ein del av ein samanheng, kopla til familien og til verda utanfor. Perspektiva endrar seg etter kvart som ein blir påverka av tid, minne og relasjonar. I poesien til Rui får vi sjå verda frå nye vinklar og nærme oss andre perspektiv og språk: det ti

  • Ny ungdomsbok om vald, stolthet og utanforskap

    ​Peter F. Strasegger ungdomsbokdebuterer med ein rå og brutal, men også varm ungdomsroman om å flytte til ein ny stad og sette seg i respekt i det nye miljøet.

  • Verdslansering av Elena Ferrantes nye roman i 28 land 1. september

    Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv kjem ut i 26 land samstundes 1. september. 
    Romanen er eit tett familiedrama om identitet, klasse og oppvekst, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn. Kristin Sørsdal er omsetjar.
    Deichmanske Bjørvika har lanseringsarr. for boka 1. september kl 19, som også vert strøyma: https://www.facebook.com/events/221017822666

  • Berit Rødstøl undersøker kollektiv sorg og nedarva skuld i ny roman

    Etter punktum er ein roman om ei bygd som ikkje gløymer.
    Ei ung jente døyr i ei tragisk bussulykke og fører ei lita vestlandsbygd inn i ei tåke av sorg og fordømming. Femten år seinare vender dottera til bussjåføren attende for å ta over garden og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt. Romanen handlar om det som skjer etter at punktum er sett. Om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro, om

  • LOs Litteraturpris til Atle Berge for roman om Kielland-ulykka

    Atle Berge får LOs Litteraturpris 2020  for romanen Puslingar. Det er første gong prisen blir delt ut og prissummen er på 100 000. Prisen skal auke statusen til arbeidarlitteraturen og løfte fram arbeidsfolks fortellingar. 
    Frå juryens grunngjeving: 
    "Puslingar løfter frem arbeiderne i den kanskje mest debatterte bransjen i Norge. En gruppe som sjeldent kommer til ordet mellom rapporter fra

  • Samlagets haustliste 2020

    Sentrale namn på Samlagets haustliste 2020 er mellom anna Elena Ferrante, Olaug Nilssen og Jon Fosse. Elena Ferrante kjem med sin første roman sidan Napolikvartetten, Dei vaksnes løgnaktige liv vert lansert i Noreg og 25 andre land 1. september. Olaug Nilssen kjem med ein oppfølgjar til den store romansuksessen Tung tids tale, som har rørt kritikarar og lesarar over heile landet, og som ho fekk Br

  • ​Tredje opplag og utanlandssal for "Ser du dette?" av Sigrid Agnethe Hansen

    Sigrid Agnethe Hansens debutroman Ser du dette? kjem no i tredje opplag, samtidig som rettane er seld til både Sør-Korea og Danmark.
    Ungdomsromanen Ser du dette? handlar om eit nakenbilde på avvege. Tematikken er svært aktuell, noko både sal, meldingar og interesse frå utanlandske forlag visar.
    No har det danske forlaget Straarup & Co og det koreanske forlaget Charliebook kjøpt rettane.<

  • Olga Ravn si nyaste diktsamling ute på norsk

    Den kvite rosa av den danske forfattaren og poeten Olga Ravn er ei diktsamling full av kraft. Kvart dikt får stå for seg sjølv på luftige sider, som høgreiste monument i ein nøye uttenkt konstruksjon. Dikta fortel ei historie om sjukdom, tap og kjærleik. Språket er minimalistisk, fargerikt og høgtideleg, det ber i seg ein kompleks bildekraft og ville metaforar som treffer lesaren.
    Boka er gjend

  • Ocean Vuong til Framtidsbiblioteket i 2021

    Ei pressemelding frå forlaga Samlaget og Pelikanen
    Den amerikansk-vietnamesiske litterære sensasjonen Ocean Vuong er plukka ut til det prestisjefulle prosjektet Framtidsbiblioteket. Han kjem til skogen i Nordmarka og Deichman Bjørvika våren 2021. Framtidsbiblioteket, Norsk litteraturfestival, Pelikanen forlag og Samlaget gler seg til å gjere denne særmerkte forfattaren kjent for eit større publ

Vis mer