Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Athena Farrokhzad klar med "Anno asen" på norsk

    Lansering på Rosa Bøker i Oslo laurdag 18.1. kl 15:
    https://fb.me/e/1VlHKjubn
    I diktsamlinga Anno asen vender Athena Farrokhzad tilbake til sentrale tema i forfattarskapen sin, denne gongen via eselet. Denne dyreverdas proletar som vi har fordumma for å kunne utnytte, denne migranten som aldri får lagt frå seg børa si. Dikta rører seg frå forteljarens kvardag til ville fantasiar om eselets u

  • Dronning Maud får sin første biografi

    Maud, den første dronninga i det sjølvstendige Norge, var Dronning Victorias barnebarn og dotter av Kong Edward 7. av Storbritannia. No får ho for første gong sin eigen biografi, ført i pennen av historikar og forfattar Arnhild Skre.
    Fødd i 1869 var Maud oppdregen til å synast, ikkje skilje seg ut. 36 år gamal snudde ho livet sitt tvert om. 7. juni 1905 vedtok Stortinget å oppløyse unionen med

  • Herborg Kråkeviks Juleroser snart utselt i bokhandel

    Herborg Kråkeviks julehefte Juleroser har toppa besteljarlista for skjønnlitteratur dei siste vekene, og er utselt frå lager. Fleire bokhandlarar er tome, så kundar blir bedt om å bruke klikk og hent i nettbokhandel. Heftet finns også igjen i kiosk og daglegvarehandel nokre stader.

    Juleroser med Kråkevik som redaktør har vore ein stor suksess sidan det kom ut for første gong i 2015. Årets

  • Halvor Folgerøs bok "Ferjefolket" tek lesarane med storm

    Halvor Folgerøs nye bok Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø kom ut i oktober, og nådde denne veka andreplass på bestseljarlista. Folgerø har samla spennande historier om folkelivet på ferjene langs heile kysten. Du får møte sjåføren frå Vinmonopolet som mista lastebilen med polvarer til ein million kroner på sjøen da han gløymde å setja på handbrekken – så folk stimla r

  • Juleroser toppar bestseljarlista

    Herborg Kråkeviks julehefte Juleroser har vore på bestseljarlista dei siste vekene og kapra denne veka førsteplassen. Juleroser har vore ein stor suksess sidan det kom ut for første gong i 2015. Årets jubileumsnummer har med bidrag frå Paul Auster, Sondre Lerche, Jon Fosse, HKH Kronprinsesse Mette Marit, Sara Stridsberg, Ocean Vuong, Jo Nesbø, og mange fleire. Sondre Lerche har komponert årets ju

  • Hildegunn Dale er klar med lyrikksamlinga "Huset jorda i vatn"

    Hildegunn Dale er klar med si åttande diktsamling, Huset jorda i vatn, som er eit forsøk på å skrive eit hus før det blir selt og overteke av nokon andre.
    Om boka:
    Eg blir skild og må flytte frå huset ho er så glad i, til ein mellombels heim, ei rorbu på ei øy lenger ut i havgapet. Der må ho venne seg til eit nytt landskap, til å vere aleine i naturen som omgjev henne.Kan huset ho forlet, li

  • Tiårsjubileum for Juleroser med bidrag frå Paul Auster, Sondre Lerche, Jon Fosse, HKH Kronprinsesse Mette Marit, Sara Stridsberg, Ocean Vuong, Jo Nesbø, og mange fleire

    Juleroser, landets mest populære litterære julehefte med Herborg Kråvevik som redaktør, kjem i år for ut for tiande gong. Årets hefte har julekula og jordkloden som tema og har bidrag frå mange internasjonale forfattarnamn; som Paul Auster, Haruki Murakami, Ocean Vuong, Lola Shoneyin m.fl.
    Sondre Lerche har komponert årets julesong til heftet, Den sanne jul. Andre bidragsytarar er Jo Nesbø, J

  • Ingvild Holvik klar med romanen "Reiret (arbeidstittel)"

    I romanen Reiret (arbeidstittel) av ingvild Holvikmøter vi Gry gjennom dagboknotat og hennar skjønnlitterære forsøk i søknadsteksten til forfattarstudiet. Det er ein roman om oppvekst og bustad og om korleis kristen forkynning kan prege eit barn.
    Gry jobbar i kantine, men har ein draum om å komme inn på Forfattarstudiet i Tromsø. Målet er å skrive noko meir meiningsfullt enn dagboknotat frå eit

  • Forfattar Kristina Leganger Iversen utforskar kvinners daglege ubehag i ny bok

    Forfattar Kristina Leganger Iversen utforskar i si nye bok Det sanne og det synlege ubehaget i situasjonar kvinner opplever kvar einaste dag, anten det er i familien, blant venner, mellom kunstnarar eller på arbeidsplassen.
    «Menn ser, kvinner blir sett», skriv kunsthistorikaren John Berger.Med utgangspunkt i forteljingar frå eige liv diskuterer tre kvinner på kva måte blikket til menn påverkar

  • Rønnaug Kleiva klar med ny bok som tek for seg kunsten å venne seg til døden; "Tilvenningsøvingar"

    I si nye bok Tilvenningsøvingar viser Rønnaug Kleiva korleis det å venne seg til døden er ein jobb i seg sjølv. Det er ein sorteringsjobb. Og ein minnejobb. Å venne seg til døden er å skilje mellom det som er viktig og uviktig. Heilt til denne skilnaden ikkje lenger finst.
    Ei dødskiste begynner å bli full. Lofts- og kjellarbuer blir tømde. Ein må lære barna sine dei siste tinga: å luke, å steng

  • Tore Kvæven klar med del to av romanen "Raudt støv"

    Forfattaren bak Hard er mitt lands lov og Når landet mørknar er klar med bok 2 av framtidsdystopien Raudt støv.Året er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut iTanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet han ein

  • Ny bok; "Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø" av Halvor Folgerø

    Halvor Folgerø, forfattaren bak suksessbøkene Vestlandsvegar (2021) og Fleire Vestlandsvegar (2022), har begeistra lesarar over heile landet. No er han tilbake med ny bok, Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø som blir lansert 24.10. Folgerø har samla spennande historier om folkelivet på ferjene langs heile kysten. Du får møte sjåføren frå Vinmonopolet som mista lastebilen

Vis mer