Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny aktuell bok om DDR

    Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik er aktuell med "Det var DDR - Forteljingar om eit nedlagt land". Dypvik har møtt ei rekkje menneske som på ulikt vis har merke etter landet som vart borte. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur.

  • Stor feiring av Ragnar Hovland 60 år på Oslo Bokfestival

    Ragnar Hovland fyller 60 år i år, og vart feira stort på ei festforestilling i Bergen i mars. No skal han også bli feira med ein eigen festkveld i Oslo. Knut Nærum, Erlend Loe, Lina U. Mariussen, og musikarane Polkabjørn og Annlaug Børsheim skal hylle han under Oslo Bokfestival laurdag 15.9. kl 18.30 på Victoria Jazzscene. Hovudpersonen sjølv vil også vere til stades.

  • Pressemelding: Eit billass med poetar til Ulvik poesifestival

    13.9. kl 8 stappar forlagsredaktør David Aasen bilen full av poetar, og dreg frå Det Norske Samlaget på Tøyen i Oslo mot Ulvik poesifestival. I Olav H. Hauges heimbygd skal poetane Rui, Ekrheim, Leganger Iversen og Aglen lese.Og undervegs stoppar dei også, mellom anna i Drammen der dei held ein 10 minuttars lanseringsfest for Juliane Ruis nye bok. Følg turen deira på poesitur.wordpress.com

  • Ny bok om Jakob og Neikob

    Kari Stais biletbok Jakob og Neikob har hatt suksess i både inn- og utland, på barne-tv og som app. No er dei populære karakterane tilbake i boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake som alt er selt til Tyskland. Den første boka om Jakob og Neikob er ute i Tyskland, Frankrike og Danmark.

  • Ny Dystopia-bok frå dobbel Upris-vinnar Terje Torkildsen

    Terje Torkildsen er no klar med Dystopia IV, den fjerde boka i spenningsserien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Torkildsen vann Uprisen for den den forrige boka i serien, Dystopia III. Han fekk også prisen for debutboka si Marki Marco.

  • Anne Viken debuterer med hestebok

    Anne Vikens debutbok Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 år og oppover.

  • Ny bok om norske kvardagsord - veit du eigentleg kva du snakkar om?

    I den nye boka "Norsk etymologisk oppkok - Du veit ikkje kva du snakkar om" herjar Kristin Fridtun med kvardagsdorda, spretter dei opp og ser kva som gøymer seg inni. Orda speglar måten me sansar og skjønar verda på, og Fridtun let dei ikkje få ha løyndomane sine i fred. Fridtun granskar heilt daglegdagse ord som hovud, sjel, hjarta, minne, dør, verd, fisk og utfordring.

  • Unni og Gunni - ny sprelsk peikebokserie for dei minste

    Unni og Gunni er ein ny sjarmerande peikebokserie av Anna R. Folkestad. Dei to løysningsorienterte pingvinane er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt. Her er kvardagssituasjonar og humor som passar for barn frå 2 år og oppover. Dei to første bøkene i serien kjem ut no Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar. Unni og Gunni kjem også ut som bok-appar i slutten av september.

Vis mer