Dramatisk avslutning på spenningsserie frå Tor Arve Røssland
Tor Arve Røssland set punktum for spenningsserien Overleve, ein framtidsdystopi der menneska er utryddingstruga.
Tor Arve Røssland set punktum for spenningsserien Overleve, ein framtidsdystopi der menneska er utryddingstruga.
Trollmoll er ein sjarmerande grøssar for mellomtrinnet om overtru, spøkelser og forelsking, skriven av Åshild Moldskred.
Ei dotter sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie.Dikta forsøker å halde fast på ein person, på tvers av grenser mellom død, liv, hav og tid. Det er ei familiehistorie som ikkje forsøker å forstå kvifor ting vart som dei vart, men som ser etter var
Alfred Fidjestøl får Samlagsprisen 2022 på kroner 50 000,– for forfattarskapen sin. Utdrag frå grunngivinga til juryen: "Alfred Fidjestøl er ein god forteljar som skriv forteljingar ein kan stole på. Han er systematisk og grundig, og han er solid og nyansert. Det er han anten han skriv om Per Sivle eller Georg Johannesen, anten han skriv om Det Norske Teatret eller apen Julius."
I Eg vil vere her. Dikt til trøyst har Olaug Nilssen samla dikt frå mellom andre Tor Jonsson, Karoline Brændjord, Gunvor Hofmo, Marie Takvam, Hans Sande, Åse- Marie Nesse, Kolbein Falkeid og Sigrid Moldestad.
Iblant tek livet vendingar som gjer at ein står der rådlaus og leiter etter ord. Då kan det bety mykje å finne dikt der andre har sett ord på det vanskelege, for gjenkjenning og eit nytt o
Ragnhild Koldens nye roman Krig viser korleis andre verdskrigen kunne bli opplevd av heilt vanlege menneske som måtte ta avgjerande val i ei kaotisk tid. Kolden skriv fram ei fiktiv bygd i boka, men ho bruker si eiga heimbygd Lom som eit bakteppe. Ei bygd med mange NS-sympatisørar under krigen, og der motstandsarbeid på lang veg må ha vore umogleg, og med ein nazi-ordførar som fekk ny tillit etter
Bomullsengelen av Susanna Alaskoski er første bok i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.
Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mora vert øydelagt av f
Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid, og har fått fleire prisar.Den nye samleboka;Gjendiktingar, inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og plater. Nokre teksta
Markus Lantto, Camilla Kuhn og Ida Eva Neverdahl er nominerte til Kritikarprisen 2022.
Peter F. Strassegger er tilbake med ein oppfølgjar til den kritikarroste og prisnominerte romanen Aleksander den store. Kvil i fred er bok nummer to i ein planlagt trilogi om dei mørke og antisosiale sidene ved det å vere ungdom.
På Samlagets vårliste finn du mellom anna Jon Fosses forteljing Kvitleik, som toppar bestseljarlista for skjønnlitteratur denne veka. I februar lanserer vi Susanna Alakoskis Bomullsengelen som er første bok ut i ein sterk kvartett om fire generasjonar kvinner, mødre og døtre, i Finland og Sverige på nittenhundretalet. I mars kjem dansknorske Maren Uthaugs roman 11 %, om eit framtids-Danmark styrt
Jon Fosse er aktuell med Kvitleik; ei lysande forteljing om grensa mellom liv og død.Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hj