Passe happy er seld til Danmark
Barneboka Passe happy av Kari Stai er seld til det danske forlaget Straarup & Co.
Barneboka Passe happy av Kari Stai er seld til det danske forlaget Straarup & Co.
Laura Djupvik og Øyvind Torseter er aktuelle med ei poetisk biletbok om sorg og håp, og om dei heilande kreftene som vi alle ber på.
Debutsamlinga Ho av Christine Kjellstrøm Melby skildrar einsemda etter eit brot, ein vinterdepresjon som veks ut av proporsjonar - for ikkje å snakke om klørne som veks ut av føtene og sprenger seg ut av joggeskoa. Ei kvinne blir forvandla frå menneske til dyr, frå dyr til jord - og frå jord til kvinne igjen.
Grensene blir uklare mellom natur og sivilisasjon, fortid og framtid og mellom det me
Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt.
Rapportar om mangel på vatn, avskoging, etnisk utreinsking og konkrete følgjer for menneska som blir ramma, er dikta inn.
Ei kvinne finn ein baby forlaten i ein park, ein skog blir invadert, ei bestemor med to barneba
Tone E. Solheim debuterer med ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta, ei historie om indre stormar og store sakn.
Romanen handlar om Edith, som hatar alt og alle. Ho blir kviskra om i klasserommet, og ønsker mest av alt å kunne forsvinne heilt og fullt. Det er Edith mot verda. Parallelt med Edith si historie møter vi Martha. Jenta som elskar Beatles og saknar far sin, og prøver å sjå det best
I den nye boka Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør som kjem 24.2. undersøker forfattar Anders Totland kvifor motstanden mot vindkraft har eksplodert i Noreg.
Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssak
I sin nye roman Ein lykkeleg slutt fortel Maren Uthaug med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke.
Nicolas er konsulen
I debutromanen Flog stiller Dordi Strøm spørsmål om kva det er som bind foreldre og barn saman. Er det gjeve at ei mor skal elske sin eigen son? Og kan ei dotter nokon gong slutte å drøyme om å bli elska av far sin? Ramma for handlinga i boka er dei store endringane som skjedde med familar på bygda i Noreg i etterkrigstida med industrialiseringa og utdanningsrevolusjonen, ikkje minst i landbruket.
Det Norske Teatret og Samlaget inviterer til skrivekonkurranse i samband med Fossefestivalen 2021 i september. Juryen er på jakt etter historier, erfaringar og forteljingar som kan bli til bok eller framsyning på scenen.
Utgangspunktet for konkurransen er at norsk litteratur og scenekunst må spegle samtida vår. Kunsten skal vere relevant for alle, uavhengig av kulturell bakgrunn. No ønskjer vi
Samlaget har heile tre nominerte til Kritikarprisen i år. Helene Guåker som også var nominert til Brageprisen er nominert i kategorien for beste barne- og ungdomsbok med Høgspenning. Livsfare. Juryen seier: "Det er rørende å lese om Leas kamp mot psykisk sykdom og den tyngende taushetskulturen som omgir henne. Boka kjennes betydningsfull, ikke minst fordi mentale lidelser fremdeles er stigmatisert
Då Kristin Storrusten og Ingunn Hamran vart mødre mangla dei ord for den store og overveldande opplevinga. I den nye diktantologien Det største i livet. Dikt til deg som har fått barn har dei samla dikt som set ord på dei nye kjenslene og oppdagingane.
Det er ei forunderleg oppdaging: å finne ut at det ikkje lenger berre er eitt hjarte som bankar i kroppen. Å bringe eit barn til verda kan vere
Alice Oswald blir rekna som ein av dei aller viktigaste nolevande poetane i Storbritannia. Nylig vart ho utnemnd til Oxford Professor of Poetry. No vert Oswald for første gong gitt ut på norsk i Paal Helge Haugens gjendiktning. Ingen (Nobody, 2019) er den åttande diktsamlinga hennar.
Ingen er ei havbok, der tid og lagnader og menneskeliv speglar seg i denne alltid omskiftelege materien som vi k
I debutboka Flør av Krista Lien Indrehus reiser eit barnebarn til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt.
Lyden av to hender er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val - og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne.
Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle p
Med Berre hopp! har Åshild Moldskred skrive ei barnebok om mobbing, utanforskap og det å leve med eit handikap.
Ingeborg er van med å ha Pernille der heile tida. Ei kul og sterk bestevenninne som veit kva ho skal seie viss nokon prøver å erte Ingeborg for høyreapparata. Men no er dei blitt uvenner, og Ingeborg blir stadig mint på at ho er annleis.
Ein dag då alt er ekstra kudrit, gir storebr
14. januar er det 70 år sidan Tor Jonsson tok livet sitt. No kjem Nærast er du når du er borte. Dikt i samling som er den mest komplette diktantologien frå ein av våre mest folkekjære og markante lyrikarar.
Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. «Eg åtte ikkje kjæ
Jakob og Neikob-forfattar Kari Stai er aktuell med ein illustrert barneroman om dei store tankane og funderingane mange unge balar med i overgangen mellom barn og ungdom.
Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste.
For Sofi er så fin at Juri mistar pus
Ny bildebok om utanforskap og mot av illustratør og animatør Martine Grande.
Olaug Nilssens roman Yt etter evne, få etter behov er nominert til P2-lytteranes romanpris. Frå før er boka nominert til Brageprisen, Bokhandlarprisen og Ungdommens Kritikapris. Boka kom ut i oktober til strålande kritikk.
Nilssen hadde også ein formidabel suksess med sin førre roman Tung tids tale (2017) som vann Brageprisen og no har eit samla opplag på over 40 000. Nilssen traff lesarane me
Aldri før har ei nynorskbok blitt superfinalist i Bokslukerprisen. I år er heile to av fem finalebøker utgitt av Samlaget.
Alfred Fidjestøl er nominert for sakprosaboka Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius, som òg var hans barnebokdebut, medan Harald Nortun går til finalen med si femte bok for barn og ungdom, Brageprisnominerte Blå flaggermus.
I haust har omlag 120.000 barn på mellom