Ny roman om då kongen gjekk over til nynorsk
Gamle menn i syningom av Arnfinn Kolerud er ein roman som går all in i den norske språkstriden. Vi er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Ungdomen i Vassbygda tar likevel high five når dei møtest , og dei har ingenting i mot å chille med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovuds