Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Terje Tørrisplass klar med ny diktsamling, "Vegemot"

    I diktsamlinga Vegemot får lesaren innblikk i endringar, i eit sjølv, i ei tid og i naturen som omgir oss, gjennom tilbakeskodande sveip. Her er livslinjer som kryssar kvarandre, men som ikkje alltid møtest, lik linjene i horisonten som heile tida peiker mot noko anna, fortidig eller framtidig.Dikta i Vegemot  handlar om å kjenne seg heime i eit landskap, utan at alt er falle på plass i livet. Om

  • Fredag kjem biografien om Liv Signe Navarsete; "Eg veit kva eg snakkar om!"

    I biografien som kjem fredag, Liv Signe Navarsete. Eg veit kva eg snakkar om! opnar den tidlegare Sp-leiaren opp om store gjennomslag og bitre nederlag. Og ho fortel om forholdet til Oslo-eliten og møta med maktarroganse og ufine mannfolk. Boka er skriven av Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende. Du hugsar kanskje den grisete tekstmeldinga ho fekk av partifellane, eller kritikken ho møtte et

  • Ny bok: "Sy & sy om: redesign gamle plagg og tekstilar" av Christine Fure Schwarz

    Klar for nye, kreative prosjekt? Med denne boka lærer du å sy trendy klede med det du har i skåpet frå før.Dei beste plagga er dei med ei historie, og den historia kan ein fortelje ved å sy sine eigne klede. Sy-entusiast Christine Schwarz er oppteken av miljø og av å sjå moglegheiter i plagg og tekstilar ein alt har kjøpt og belasta naturen med. For det er ikkje alltid så mykje som skal til før ei

  • Ny bok; "100 handlaga gåver", av Ingvild Grane, viser korleis du kan spare penger og miljøet

    I boka 100 handlaga gåver viser Ingvild Grane korleis du kan spare pengar og miljø med å lage gåvene dine sjølv. Året er fullt av dagar der du gir og får gåver. Di fleire gåver me kjøper, di meir belastar me både naturen og lommeboka. Med denne boka vil Ingvild Grane inspirere oss til å tenke nytt om kva ei gåve kan vere. Her finn du tips til 100 gåver ein enkelt kan lage sjølv gjennom heile året

  • Ny bok om takkebakst; "Takkefest. Jorda rundt med enkle flatbrød, lomper, lefser og pannekaker" av Aaste Kveseth

    I den nye boka Takkefest! har takkeentusiast Aaste Kveseth funne fram kjevlet og invitert nordmenn med røter frå ulike verdshjørne til å vise fram noko av variasjonsrikdomen som finst av takkebakst. Saman gjev dei deg eit rikt utval av gode oppskrifter og viser deg kor lett du kjem i gang.
    Flat mat er ein av våre eldste, enklaste og mest utbreidde mattradisjonar. I denne boka møter du menneske

  • Anders Totland klar med ny roman; "Til jord skal du bli"; ein tragikomisk noir frå Finnskogen

    I Anders Totlands nye roman blir det  mykje på ein gong for hovduperson Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Is

  • Ny roman frå Agnes Ravatn; "Gjestene"

    Agnes Ravatn er klar med den nye romanen Gjestene. Boka er eit skarpt og humoristisk kammerspel om hierarki, misunning og sjølvframstilling.Karin og Kai takkar motvillig ja til å låne ei luksuriøs hytte ved Oslofjorden. Men Karin er ikkje noko skjergardsmenneske, og det som kunne ha blitt eit fint avbrekk frå kvardagen, blir i staden ei påminning om alt det ho ikkje har. I møte med hyttenaboane, e

  • Inspirerande biografi om Erling Braut Haaland

    Det Norske Samlaget lanserer ein illustrert biografi om Erling Braut Haaland, ei gåvepakke til alle fotballinteresserte barn! Her får vi lese om fenomenet Haaland og om korleis han blei ein av dei beste i verdas største idrett.

  • Debutant Hege Blom aktuell med romanen «Eg reiser aleine»

    Debutant Hege Blom er aktuell med romanen «Eg reiser aleine» som handlar om minne og draumar, og at livet stadig kan by på nye sjansar.
    Mari blir invitert til Hawaii, der ungdomskjærasten Leo og vennen Todd busette seg i 1970-åra, og ho bestemmer seg for å ta reisa som ikkje blei noko av 42 år tidlegare. Ho har alltid hatt interessa for Hawaii med seg, for den særprega naturen og kulturen, sur

  • Hardtslåande diktsamling frå den prisvinnande amerikanske poeten Terrance Hayes ute på norsk

    Den prisvinnande amerikanske poeten Terrance Hayes er ute på norsk med diktsekvensen Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar.Som svart mann i dagens USA har Terrance Hayes inngåande kjennskap til det konstante trugsmålet om rasistisk vald. I denne diktsamlinga teiknar han det skjøre omrisset kring spørsmål om rase, kjønn og undertrykking med utgangspunkt i samtidas politisk

  • Karl Seglem ute med ny diktamling; "Djup redsle. Djup ro"

    Karl Seglem er aktuell med si femte diktsamling; Djup redsle. Djuk ro. Med utspring ein plass i det vestnorske landskapet sildrar dikta til Seglem som ei lita å ut i verda. Først lydleg og musikalsk, men med gradvis større vassføring utviklar den seg til ei vill og veldig elv som tek opp i seg personlege og globale drama som saman utgjer den verdsomspennande miljøkatastrofen me alle står i. Djup r

  • Olga Ravn nominert til National Book Award for "Dei tilsette"

    Olga Ravn er ein av ti nominerte til den amerikanske prestisjeprisen National Book Award. Ho er nominert i kategorien omsett skjønnlitteratur for romanen Dei tilsette.
    Dei tilsette vart lansert i USA hausten 2020 til svært gode meldingar. Boka vart også kortlista til Bookerprisen. 
    Utgåva på engelsk er gitt ut med tittelen The Employees, og Martin Aitken står bak omsettinga.
    Les meir om

  • Jon Fosse nominert til National Book Award

    Jon Fosse er ein av ti nominerte til den amerikanske prestisjeprisen National Book Award. Han er nominert i kategorien omsett skjønnlitteratur for tredje band av Septologien VI-VII; Det nye namnet.
    Romanen vart lansert i USA i fjor haust til svært gode meldingar. 
    Utgåva på engelsk er gitt ut med tittelen A New Name, og Damion Searls står bak omsettinga. 
    Les meir om nominasjonen her
    L

  • Litterær stjerne Warsan Shire til Noreg

    Warsan Shire er i desse dagar aktuell med lyrikksamlinga Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet, og besøker både Litteraturhuset i Oslo og Kapittelfestivalen i Stavanger neste veke.
    Shire er ein kritikarrost og prisvinnande britisk poet. Ho er Beyoncés favoritt-poet, og ho figurerer på albumet «Lemonade» og i filmen «Black Is King». I 2014 var ho første poet som fekk tittelen Young Po

  • Lansering av "Innerst i hjertet har jeg min forstand. Biografien om Georg Johannesen" av Alfred Fidjestøl

    Biografien om Georg Johannesen fortel historia om ein samansett mann på tvers av si samtid. Ved hjelp av ei rekkje nye kjelder skildrar Alfred Fidjestøl eit uvanleg og fascinerande livsløp.
    Arrangement på Nasjonalbiblioteket i Oslo 14.9.: https://www.facebook.com/event...
    Arrangement på Litteraturhuset i Bergen 15.9.: https://www.facebook.com/event...
    Lyrikar Georg Johannesen kunne vere e

  • Siri Helle er aktuell med boka "Trollefossvegen 23. Tilbake til heimbygda"

    Ei bygd, eit hus, ein mann og ein draum. Kva for nye sjansar kan opna seg om ein lukkar alle dører, bortsett frå ei?Siri Helle hadde lenge drøymt om eigne poteter og grønsaker, tuntre og dyr, men kjøpekontrakt, bustadlån og same utsikt kvar dag skremde henne. Som vaksen har ho flytta over tretti gonger. Ein dag tek Siri Helle det store steget og flyttar heim til Holmedal i Sunnfjord. Saman med sam

Vis mer