Gå videre til innhold

Emner: Teater

  • Sagprosa på Hovudscenen

    Det er eit stort eksperiment som går føre seg på Hovudscenen. Kan skogens ro få ei scenisk form?
    HEIL VEDinspirert av boka til Lars Mytting. Musikk av og med Stein Torleif BjellaURPREMIERE SØNDAG 12. NOVEMBER KL. 18.00PÅ HOVUDSCENENPREMIERESAMTALEFØR PREMIEREN KL. 17.00Lars Mytting og Erik Ulfsby i samtale med Kari Toft
    - Det er ei hyllest til arbeidet i skogen. Det fysiske arbeidet er i sen

  • Ungdom frå Groruddalen med ei viktig melding

    "Er mikrofonen min på?" referer til ei fråsegn frå den unge miljøaktivisten Greta Tunberg, og er eit akutt naudskrik frå ein generasjon som har arva ei brennande verd. Canadiske Jordan Tannahills tekst frå 2021 er skrive for å bli framført av unge menneske, og denne gongen er det ungdomar frå Groruddalen som står på scenen. Og dei har ei viktig melding til foreldregenerasjonen.ER MIKROFONEN MIN PÅ

  • Prisras på Scene 3! Alt skal vekk!!

    Kva om all kunst var gratis? Ville kunsten vore annleis? Ville andre oppsøkt han, eller ville publikum forblitt det same? Kjem det fleire? Dette og meire til vil teateret undersøke gjennom Alt er gratis*-perioden på Scene 3, som blir sparka i gang med ei komedie om kjerringer som ikkje vil betale for seg i butikken.ALT ER GRATIS* frå 19. oktober og ut åretPREMIERE PÅ VI BETALER IKKJE! VI BETALER I

  • Bjarte Tjøstheim ber om tilgiving

    Bjarte Tjøstheim har mykje dårleg samvit. Overfor Gud, overfor kona og overfor andre medmenneske. Men han har skjønt at han ikkje er aleine.TILGI MEGav og med Bjarte TjøstheimURPREMIERE FREDAG 13. OKTOBER KL. 19.30SCENE 2Bjarte Tjøstheim er tyngd av dårleg samvit. Ikkje berre for alt det dumme han har sagt og gjort, men også for det han ikkje har gjort. Som å støvsuge og klippe plenen. Bjarte hata

  • Iskald magi og varm søskenkjærleik på Hovudscenen

    Frost er snart premiereklar på Det Norske Teatret.
    DISNEYS FROST: MUSIKALENPREMIERE 14. OKTOBER KL. 18.00HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET
    Det må ut, syng Elsa av Arendelle og slepper kreftene laus. Over scenen virvlar snø, is og kulde. Ho er endeleg fri og treng ikkje halde tilbake kjenslene sine. No kan ho omfamne den ho eigentleg er.
    Under det nordiske lyset er eventyret om Elsa og Anna

  • «Bed-in mot apokalypsen» med Vegard Vinge

    Til framsyninga Byggmeister Solness har regissøren Vegard Vinge skapt ein heilt særeigen «programkatalog» - ein labyrint av eit kunstverk. Fredag blir publikum inviterte til sengs med regissøren og dramaturg Julian Blaue for å snakke om kunsten.«Bed-in mot apokalypsen»Utstillingsopning og samtaleFredag 15. september kl. 17.00Foajeen ved Scene 2I foajeen på Det Norske Teatret står det ei utstilling

  • Kjersti Horn er ny teatersjef ved Det Norske Teatret

    Endeleg er det klart kven som skal ta over stafettpinnen som ny teatersjef ved Det Norske Teatret. Det Norske Teatret har vakse til i bli ein av dei viktigaste scenekunstinstitusjonane i Norden. Kjersti Horn har sett markante kunstnarlege avtrykk i nordisk scenekunst. Dei siste åra har ho opplevd eventyrleg kunstnarleg suksess. Horn har synt seg som ein uredd regissør som med sine eksperimentelle

  • Vinge og Müller tilbake med Ibsen

    Det tysk-norske teaterparet Vegard Vinge og Ida Müller held fram med sitt revolusjonerande Ibsen-prosjekt under Den internasjonale Fossefestivalen.BYGGMEISTER SOLNESSav Henrik Ibseni ein versjon av Vegard Vinge og Ida MüllerPREMIERE 9. SEPTEMBER KL. 14.00SCENE 2Regi- og scenograf-duoen har dei siste to tiåra rysta, utfordra, provosert og begeistra eit stort og internasjonalt publikum. Frå sin base

  • Teppet går opp for den tredje internasjonale Fossefestivalen

    For tredje gong skal vi feire forfattarskapen til vår tids største norske dramatikar, Jon Fosse. Årets festival kan skilte med solide gjestespel frå det store utland, i tillegg til urpremiere på ei ny gjendikting av Jon Fosse sjølv, Oslo-premiere på ein ny Fosse-tittel, eit breitt sideprogram - og ikkje minst ei spennande premiere på nytt stykke frå teaterduoen Vinge/Müller.DEN INTERNASJONALE FOSS

  • Har rettsstaten vunne over blodhemnen?

    Oresteia av Aiskylos frå år 458 f.kr. handlar om demokratiets og rettsstatens fødsel. Oresteia blir gjerne lese som eit oppgjer med blodhemnen, men det ligg ein ambivalens mellom linjene som òg opnar for ei djupare meining. Kanskje er den evige spiralen av blodhemn noko vi framleis ikkje har greidd å fri oss heilt frå?ORESTEIAav Aiskylos. I ein versjon av Jon FosseURPREMIERE 1. SEPTEMBER KL. 19.00

  • Vil den nye språklova redde nynorsken?

    Det Norske Teatret tar turen til Arendalsveka for første gong. Her vil vi kaste lys over den nye språklova som tredde i kraft frå 2022. Vi inviterer til ei samling som tar opp korleis språklovas krav om at nynorsken skal «fremjast og styrkast» blir levd opp til i praktisk politikk. Men før vi fyrer opp samtalen om den nye språklova, får du oppleva ei urpremiere. Mimmi Tamba kjem! Og ho syng den kj

  • Tindbergs siste Abrahams barn-framsyning som direktestrøyming

    Abrahams barn er den vesle framsyninga som blei ein av teaterets største suksessar. Fredag framfører Svein Tindberg soloframsyninga for 350. og aller siste gong, og publikum kan oppleve hendinga over heile landet.
    Direktestrøyming av ABRAHAMS BARNav Svein TindbergFREDAG 9. JUNI KL. 19.30I STOVA DI

    Abrahams barn har hatt ei lang reise sidan premieren i 2011. Det byrja med eit oppriktig ø

  • Fem nominasjonar og Heddadagar på Det Norske Teatret

    I dag blei nominasjonane til årets Heddaprisar lagde fram, og tre av Det Norske Teatrets framsyningar har blitt heidra med nominasjonar. Alle tre blir det mogleg å sjå under teaterfestivalen Heddadagane 9. - 18. juni, da heile byen vil koke over av teateropplevingar frå heile landet. Det Norske Teatret har også seks gjestespel frå andre teater på gjesting.Ikkje overraskande, kanskje, så er Sara Kh

  • Solid søkjarliste til stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret

    Stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret er ledig frå 2025. No er lista over søkjarar klar. – Vi er svært nøgde med at vi har fått så mange kvalifiserte søkjarar til teatersjefstillinga, seier Hilde Barstad, styreleiar ved Det Norske Teatret.Teatersjef Erik Ulfsbys periode ved Det Norske Teatret går mot slutten. Etter 14 år i stillinga er det no andre som skal ta over eit teater som på mang

  • Utstillingsopning, Aksel Waldemar Johannessen

    Tre nye måleri av Aksel Waldemar Johannessen blir stilte ut permanent i foajeområda på Det Norske Teatret.VERNISSAGE/OPNING ONSDAG 31. MAI KL. 12.00 UTSTILLING AV AKSEL WALDEMAR JOHANNESSENDET NORSKE TEATRET
    Frå før har det Norske Teatret stilt ut måleriet Kirkegårdsgravere i foajeen. Dette bildet får no selskap av tre andre måleri av den omstridde kunstnaren, mellom dei måleriet Kortspillere,

  • Er ei god historie betre enn ei sann historie?

    Når sanninga bit deg i halen.SUDDEN DEATHav Petter S. RosenlundURPREMIERE 25. MAI kl. 20.00SCENE 3Ein mann har - mest sannsynleg - kanskje - ganske sikkert, køyrt over ein katt. Det set i gang ein spiral av dekkhistorier, spinn og utgreing av alternative fakta, som sjølvsagt blir meir infløkte når kattens svært så single eigar dukkar opp. Eit bilde av ei trist dame blir lagd ut på sosiale media -

  • Teaterungdom frå heile landet til Det Norske Teatret

    For tiande gong skal ungdom frå heile landet møtast på Det Norske Teatret for å spele og sjå teater for og med ungdom under den landsdekkande DUS-festivalen.
    DUS - FESTIVALENDEN UNGE SCENENLANDSDEKKANDE TEATERFESTIVAL FOR UNGDOM11. - 13. MAIDET NORSKE TEATRET
    Annankvart årt blir det arrangert DUS-festival ved Det Norske Teatret. Her viser ungdom i alderen 13 - 19 år framsyningar baserte på n

  • Årsmøte i Det Norske Teatret


    Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 29. april.

    Året i tal Kort oppsummert viser tala for 2022 eit besøkstal på 182 092 (73 385 for 2021). Samla billettinntekter var på 49,9 millionar kroner ( 11 i 2021).

    Grunna høge straumprisar og ei generell kostnadsauke fekk teateret eit negativt årsresultat på 7,7 millionar kroner (1,4 millionar kroner i 2021).- Det er imponera

  • Audition til barneutgåva av Elsa og Anna frå Disneys Frost - musikalen

    Da blockbustaren Frost nådde kinolerretet for 10 år sidan var det som eit snøras feide over verdas småjenter. Ei strofe frå Let it go, og ungane forvandla seg til små isdronninger med magiske krefter. No jaktar Det Norske Teatret på dei ungane som skal gi liv til eit av verdas mest kjente søskenpar i Disneys Frost - musikalen, og søker jenter i alderen 8-12 år til audition i slutten av april.
    F

  • Hausten 2023 på Det Norske Teatret

    Dei fleste har kanskje allereie fått med seg at Det Norske Teatret inngår i eit stort samarbeid om å lage ei heilt ny nordisk iscenesetjing av musikalen Frost. Men hausten byr på mykje meir. Det blir også sagprosateater med Lars Myttings Heil ved, Fossefestival, ny framsyning frå Bjarte Tjøstheim og ny produksjon med kunstnarduoen Vinge/Müller i tillegg til ein periode med gratis teater på Scene 3

Vis mer