Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Born og familiar i sorg - korleis komme seg vidare når sorga råkar?


    I samband med at Opera Nordfjord i samarbeid med Malmö Opera set opp familieoperaen Snøsystera den første helga i desember, har operasjef Kari Standal Pavelich invitert Nordfjord Familiekontor til eit fagleg samarbeid kring det å miste nokon i nær familie.
    Onsdag 29. november innbyr Familiekontoret i Nordfjord og Opera Nordfjord i samarbeid med Operahuset Nordfjord til eit ope samtalemøte

  • Lytt ikkje til velmeinte råd – det kan hende dei er dårlege!


    Då eg starta med blogg i vinter, var planen at eg skulle gå gjennom HEILE livshistoria til Opera Nordfjord – i kronolgisk rekkefølge – i løpet av året, men då var ikkje planen at det skulle gå eit halv år til neste innlegg… Så no skriv vi altså allereie 4. september, og eg har berre komme så langt at eg grein i bilen heim etter eit styremøte 11. mai 1998. For ein slutt å dvele ved i eit heilt

  • Utvandrarmusikal inspirert av eventyraren Emil frå Nordfjord

    Det er duka for ekte Broadway-stemning når utvandrarmusikalen Soga om Sol har urpremiere i Operahuset Nordfjord med H.M. Dronning Sonja til stades i salen. Med spesielt fokus på å nytte lokale, profesjonelle krefter både i det kunstnariske teamet og i alle roller, i tillegg til dyktige. lokale amatørar, vert urpremieren ei feiring av lokalt kulturliv, frå kulturskule til profesjonelt kunstnarliv.

  • Opera Nordfjord med noregspremiere på familieoperaen Snøsystera

    I operaen Snøsystera møter vi Julian, som sørger over tapet av si kjære storesyster Juni. Foreldra kjem seg knapt gjennom kvardagen og har ikkje ork til å tenke på julepynt og julefeiring midt i sorga. Den nye, blide og morosamme venninna Hedvig gir Julian nytt håp og ei ny glede i kvardagen og hjelper han og lillesystera Augusta til å ta jula tilbake. Men kven er eigentleg Hedvig?

  • Draumen om opera - del 2: Søknadsskriving og pengejakt

    1997 vart det store året for søknadsskriving og jakten på pengane for å få Opera Nordfjord levedyktig. 1998 starta med studietur til Operaen i Kristiansund for å lære av dei som hadde gått vegen før oss og etablering av sjølve hjartet i Opera Nordfjord: Dugnadsapparatet.

  • Draumen om opera på Nordfjordeid vert fødd

    Då draumen om opera på Nordfjordeid vart fødd ein gong vinteren 1996, var eg på speleoppdrag hos Operaen i Kristiansund. Operasjef Olav Grytnes og hans gode medarbeidarar skal ha stor takk for inspirasjon og hjelp då eg i løpet av dei neste to åra skulle etablere Opera Nordfjord saman med min mann Michael og gode hjelparar. Distriktsoperamodellen passa som hand i hanske for Opera Nordfjord.

  • Opera Nordfjord feirar 25 år med nyskriven utvandrarmusikal

    Opera Nordfjord feirar 25 år i 2023 med nyskriven musikal av Øystein Wiik og komponist Gisle Kverndokk. Handlinga er lagt til om lag 1915, då mange nordfjordingar utvandra frå Nordfjord til Amerika. Dei aller fleste rollene vert fylte av lokale, profesjonelle musikalartistar og skodespelarar og eit utval av dyktige, lokale amatørar. Premieren vert onsdag 4. oktober i Operahuset Nordfjord.

  • 120 ungdommar syng Verdis Requiem med Opera Nordfjord

    Helga etter påske er det duka for ei sjeldan storsatsing, når Opera Nordfjord reiser på turné med fantastiske Requiem av Verdi, eit av dei aller største meisterverka for kor, solistar og orkester.

  • Konsert for TV-Aksjonen med operasolistar

    Opera Nordfjord tjuvstartar årets TV-Aksjon til inntekt for Leger uten grenser og innbyr til konsert i Eid Kyrkje måndag 3. oktober kl. 19.00. Operasolistar, songarar og musikarar frå La Traviata-produksjonen deltek.

  • Trio no Treble i Kulturhuset Gamlebanken

    Kammerkonsert med Trio no Treble byr på både humor, kvalitetsspel og sjangeroverskridingar i alle retningar. Det er all grunn til å gle seg til ein uformell konsert med dyktige musikarar, der det er lov til å le høgt og nyte musikken samstundes - velkomen!

  • Tinder-operaen TREFFET på turné til Opera Nordfjord

    Sveip til venstre. Sveip til venstre. SVEIP TIL VENSTRE. Så plutseleg dukkar det opp noko meir interessant. Eit bilete av nokon som skil seg litt ut her inne på denne appen...? Kanskje ein ikkje berre skal sveipe til høgre, er dette kanskje verdt ein SUPERLIKE? Og så kjem spenninga. Vil plinget komme? Vart det match? Blir det ein samtale som kan bli til ein date som kan bli til...?
    Vi k

Vis mer