Prisvinnar Anja Dahle Øverbye er aktuell med teikneserie for unge
Prisvinnar Anja Dahle Øverbye er aktuell med sin første teikneserie for unge. Tarjei, 13 år er ei oppvekstskildring om forelsking, pubertet og skilsmisse.
Prisvinnar Anja Dahle Øverbye er aktuell med sin første teikneserie for unge. Tarjei, 13 år er ei oppvekstskildring om forelsking, pubertet og skilsmisse.
Therese Bakkevoll debuterer med Tallboy, ein sterk roman frå innsida av psykiatrien med lanseringsdato 14.3.
I Tallboy tek Bakkevoll oss med inn på eit psykiatrisk sjukehus der både tilsette og pasientar kjempar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den ti
I boka Eit større regn undersøker Kaisa Aglen dei eksistensielle konsekvensane av å leve med sjukdom og skade. Korleis det påverkar synet på verda og ein sjølv, korleis det grip inn i og endrar nære relasjonar, og kor sårbar ein kan vere ovanfor endringar i politikk og samfunn.
Tekstene strekk seg både mot det språket neppe kan gripe, og det som rådande samfunnssyn gjer stumt: Kva sanningar og
Tor Arve Røssland set punktum for spenningsserien Overleve, ein framtidsdystopi der menneska er utryddingstruga.
Trollmoll er ein sjarmerande grøssar for mellomtrinnet om overtru, spøkelser og forelsking, skriven av Åshild Moldskred.
Ei dotter sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie.
Dikta forsøker å halde fast på ein person, på tvers av grenser mellom død, liv, hav og tid. Det er ei familiehistorie som ikkje forsøker å forstå kvifor ting vart som dei vart, men som ser etter
Alfred Fidjestøl får Samlagsprisen 2022 på kroner 50 000,– for forfattarskapen sin. Utdrag frå grunngivinga til juryen: "Alfred Fidjestøl er ein god forteljar som skriv forteljingar ein kan stole på. Han er systematisk og grundig, og han er solid og nyansert. Det er han anten han skriv om Per Sivle eller Georg Johannesen, anten han skriv om Det Norske Teatret eller apen Julius."
I Eg vil vere her. Dikt til trøyst har Olaug Nilssen samla dikt frå mellom andre Tor Jonsson, Karoline Brændjord, Gunvor Hofmo, Marie Takvam, Hans Sande, Åse- Marie Nesse, Kolbein Falkeid og Sigrid Moldestad.
Iblant tek livet vendingar som gjer at ein står der rådlaus og leiter etter ord. Då kan det bety mykje å finne dikt der andre har sett ord på det vanskelege, for gjenkjenning og eit nytt o
Ragnhild Koldens nye roman Krig viser korleis andre verdskrigen kunne bli opplevd av heilt vanlege menneske som måtte ta avgjerande val i ei kaotisk tid. Kolden skriv fram ei fiktiv bygd i boka, men ho bruker si eiga heimbygd Lom som eit bakteppe. Ei bygd med mange NS-sympatisørar under krigen, og der motstandsarbeid på lang veg må ha vore umogleg, og med ein nazi-ordførar som fekk ny tillit etter
Bomullsengelen av Susanna Alaskoski er første bok i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.
Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mora vert øydelagt av f
Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid, og har fått fleire prisar.
Den nye samleboka; Gjendiktingar, inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og plater. Nokre t
Markus Lantto, Camilla Kuhn og Ida Eva Neverdahl er nominerte til Kritikarprisen 2022.