Humoristisk og frisk barnebok om å vere perfekt uperfekt signert Ingunn Thon
Den prisnominerte forfattaren Ingunn Thon er aktuell med ny barnebok. Full bajas er ei humoristisk og smart bok om å tore gjere feil, illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen.
Den prisnominerte forfattaren Ingunn Thon er aktuell med ny barnebok. Full bajas er ei humoristisk og smart bok om å tore gjere feil, illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen.
Brit Biløden er aktuell med den nye romanen Gult farevarsel; eit familiedrama om vår plass i naturen.Det bryggjer opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban.Allereie da ho kjem fram, angrar Do
3. september blir boka om Noregs musikkhøgskole lansert. Alfred Fidjestøl står bak jubileumsboka.
Lanseringsarr på NMH 3.9. kl 1630: https://nmh.no/arrangementer/b...
Hausten 1973 opna Noregs musikkhøgskole, i enkle og provisoriske lokale basert på det gamle Musikkonservatoriet i Oslo. I 2023 har denne høgskulen arbeidd seg fram til å bli ein av dei leiande musikkutdanningsinstitusjonane i
I Alle mot alle finn du eit rikt utval av Agnes Ravatns vittigaste og skarpaste tekstar. Vi får bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag, og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten.Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på bygda
"Det verste har allereie skjedd" av Marta Söderberg er ein intens og sår ungdomsroman om skuld, tap og det å vere adoptert.
Maren Barlien debuterer med Einbreid bru; ein roman om fluktinstinkt, naturkrefter og det å vere ein fange av eigne og andres forventningar. Astrid fortel familien sin at ho skal studere musikk i Reykjavík, men i staden reiser ho ut på bygda for å arbeide med hestar. Langt frå musikken, tett på naturen, på den avsidesliggande garden til den aldrande psykologen Gudmundur Gudmundsson. Sakte blir ho
Scenograf, kostymedesignar og forfattar Dordi Strøm er klar med sin andre roman Odel. På garden Stein bur Olov og Inga med dei vaksne ungane Ommund og Odel. Ommund har hunden Bowie. Odel har dottera Liv. Men kven er far til Liv?Det er haust, og dei velståande jegerane frå Austlandet har komme til garden for den årlege hjortejakta. Medan dei er ute i skogen, blir Bowie påkøyrd av ein bil, og like
Den snobbete og drikkfeldige forfattaren Hannah Krause-Bendix, som attpåtil har skrivesperre, inngår i ein svak augneblink eit veddemål om å skrive ein kriminalroman på tretti dagar.Redaktøren sender henne til Island for å finne inspirasjon og arbeidsro der, og ho installerer seg hjå gjestmilde Ella i den vesle, fredelege tettstaden Húsafjör.ur. Under den rolege overflata viser det seg snart å ver
15.august lanserer vi ei ny barnebok av Maria Parr. Parr er ein av dei fremste barnebokforfattarane i Norge, og er i haust aktuell med boka Oskar og eg, ein hyllest til søskenforhold og kvardagen.
Det er ei storhending når Maria Parr kjem med ny bok, og 15.8. lanserer Samlaget barneromanen Oskar og eg. Olaug Nilssen, Tore Kvæven og Brit Bildøen kjem alle med romaner i haust, og i slutten av august lanserer vi Agnes Ravatns nye essaysamling. Ståle Eskeland, kjent som Sinnamekkern, kjem med boka Bilalbum. Bilar med sjel og i oktober lanserer vi biografien om Arvid Mæland, kjent frå NRK-serie
Ny ungdomsroman frå Sigrid Agnethe Hansen. Du veit ingenting er ein varm roman om søskenkjærleik og om å stå opp for nokon andre når det verkeleg trengst. Rettane til boka er selt til Danmark.
Kåre og Marimba hjelper til er av juryen for Nynorsk barnelitteraturpris kåra til den beste nynorske barneboka i 2022. Boka er skriven av Markus Lantto og illustrert av Camilla Kuhn.
Det er Noregs Mållag som står bak prisen, og den er på 50 000 kroner.
Frå grunngjevinga til juryen: "Dette er ei bok som viser barn si ukompliserte oppfatning og tiltru til medmenneske. Hovudpersonane i boka er