Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Foto: Tom Haga

    Tore Kvæven klar med del to av romanen "Raudt støv"

    Forfattaren bak Hard er mitt lands lov og Når landet mørknar er klar med bok 2 av framtidsdystopien Raudt støv.
    Året er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut i
    Tanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet

  • Ny bok; "Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø" av Halvor Folgerø

    Ny bok; "Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø" av Halvor Folgerø

    Halvor Folgerø, forfattaren bak suksessbøkene Vestlandsvegar (2021) og Fleire Vestlandsvegar (2022), har begeistra lesarar over heile landet. No er han tilbake med ny bok, Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø som blir lansert 24.10. Folgerø har samla spennande historier om folkelivet på ferjene langs heile kysten. Du får møte sjåføren frå Vinmonopolet som mista lastebilen

  • Foto: Odd E. Nerbø

    Jon Fosse og Olav H. Hauges dikt i praktboka "Lauvhytter i skogen: dikt i utval"

    Lauvhytter i skogen: dikt i utval er ei praktbok med dikt av både Jon Fosse og Olav H. Hauge og rikt illustrert med vakre foto av mellom anna Signe Fuglesteg Luksengard.
    Jon Fosse og Olav H. Hauge kjem frå kvar si bygd i Hardanger; Strandebarm og Ulvik. Dei kjem frå kvar sin gard ved fjorden, og er begge uløyseleg knytte til eit landskap, til Vestlandet og det nynorske språket. Hauge, som er f

  • Foto: Agnete Brun

    Jon Fosse kjem med ny roman hausten 2025

    Fjorårets Nobelpris-vinnar i litteratur, Jon Fosse, kjem ut med romanen Vaim neste haust. Boka kjem ut samstundes som Den internasjonale Fosse-festivalen opnar.
    Den nye Nobelserien som starta opp rett etter at Fosse vart utropt til vinnar, har selt over 100 000 eksemplar siste året. Strøyminga av Fosses bøker på lyd ligg på over 50 000 sidan oktober i fjor. Winje agency melder om stor interesse

  • Foto: Sara Galbiati

    Olga Ravn klar med romanen "Voksbarnet"; litterær true crime om hekseprosessane

    Den danske forfattarstjerna Olga Ravn er klar med romanen Voksbarnet, ein slags litterær true crime om 1600-talets hekseprosessar. Forfattaren, som vart kortlista til Bookerprisen for Dei tilsette, besøker litteraturhusa i Oslo og Trondheim 23. og 24.10.
    Den ugifte adelskvinna Christenze Kruckow blir skulda for trolldom og må flykta frå Fyn til Nordjylland. I Ålborg finn ho seg til rette i k

  • Foto: Marthe Mølstre

    Morosam og spennande skattejakt for mellomtrinnet

    Thoralf Fagertun gjorde stor suksess med debutboka Familien Gnork i 2022, i haust er han aktuell med si andre barnebok; Kobbs hus. Dette er ei eventyrleg og spennande bok om skattejakt og om å trasse frykta.

  • Foto: Sara Sanderud

    Sjarmerande og hjartevarm barnebokdebut

    Marthe Holien Bø debuterer som barnebokforfattar med den sjarmerande og hjartevarme boka Ni løgner og jakta på eit smil. Boka handlar om sorg og venskap, og er illustrert av Tiril Valeur.

  • Arill Riise klar med boka om klyngetunet der han vaks opp; "Der ingen var einsam"

    Arill Riise klar med boka om klyngetunet der han vaks opp; "Der ingen var einsam"

    3.10. kjem boka Der ingen var einsam. Om klyngetunet som forsvann. Lansering på Sæbø i Møre og Romsdal:
    https://www.facebook.com/event...
    Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Iva

  • Ny roman frå kritikarroste Gaute M. Sortland; "Tid og rom"

    Ny roman frå kritikarroste Gaute M. Sortland; "Tid og rom"

    Gaute M. Sortlands nye roman Tid og rom rommar ei kjærleikshistorie og fleire vennskap, skriven med språkleg overskot og leiken humor. Gløym alt du trur du veit om tid og rom, len deg tilbake og bli med på turen.
    Ein forfattar vil sette spor etter seg og drøymer om å skyte den neste romanen sin ut i bane kring jorda. Samstundes er kjærasten Gerti på jobbseminar på Gardermoen og kjem i skade for

  • Odd Nordstoga fortel si eiga historie i den nye boka "Spelemann"

    Odd Nordstoga fortel si eiga historie i den nye boka "Spelemann"

    Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære og populære artistar. I den nye boka Spelemann fortel han si eiga historie.
    Lanseringsarr. på Tronsmo 5.9. 16.30: https://www.facebook.com/event...
    Odd Nordstoga legg ut på ein bokturné med Mona B. Riise rett etter lansering. Meir under.
    Spelemann er ei personleg forteljing om å vekse opp på gard, om å vera betre til å spela trekkspel enn fot

  • Maria Lavik klar med boka "Odelsskam. Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar"

    Maria Lavik klar med boka "Odelsskam. Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar"

    «I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»
    I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei liv

Vis mer