Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Stine Hanssen Brattland aktuell med sterk og personleg bok om å leve med autisme; "Innanfor.Utanfor. Men alltid autist".

    Stine Hanssen Brattland aktuell med sterk og personleg bok om å leve med autisme; "Innanfor.Utanfor. Men alltid autist".

    I boka Innanfor. Utanfor. Men alltid autist fortel Stine Hanssen Brattland korleis autisme vert opplevd innanfrå. Det har blitt ei sterk og ærleg forteljing om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis. Boka kjem ut på Verdas autismedag onsdag 2. april
    Hanssen Brattland mislykkast i utdanning og arbeid utan å forstå kvifor. Trass i at ho var gåverik og motivert, opple

  • Maren Uthaug klar med ny roman, "88%"

    Maren Uthaug klar med ny roman, "88%"

    I romanen 88 % er det matriarkatets tidsalder som rår, og det er lenge sidan det fanst frittgåande menn. Mennene blir trygt forvarte i avlssenter på avsidesliggande plassar som Lolland heilt sør i Danmark og Fanasgieddi langt nord i Noreg. Problemet er berre at den kollektive forståinga av kvifor det var så viktig å sperre mennene inne, er i ferd med å gå tapt, og tryggleiken på sentera er derfor

  • Ny roman i Bomullskvartetten frå "nordisk Elena Ferrante"; Susanna Alakoski

    Ny roman i Bomullskvartetten frå "nordisk Elena Ferrante"; Susanna Alakoski

    Barnebarnet av Susanna Alakoski er den tredje boka i den kritikarroste Bomullskvartetten som har blitt samanlikna med Elena Ferrantes Napolikvartetten.
    Alakoski skriv om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven. Alakoski har eit brennande engasjement for k

  • Sterk debut frå Anne-Lise Frøland; "Tynne rivner av lys"

    Sterk debut frå Anne-Lise Frøland; "Tynne rivner av lys"

    Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.
    Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg

  • Foto: Oda Berby

    Helga Songøygard Battin klar med romanen "Terskel"; om bygdeliv, kjæledyr og kunsten å stå opp for seg sjølv.

    I den nye romanen Terskel fortel Helga Songøygard Battin om Kjerstin som ikkje klarar å setje grenser for seg sjølv. Dette leiar ho ut i både krevjande, rare og komiske situasjonar.
    Kjerstin bestemmer seg for å ta grep om eige liv og kjøper seg eit hus i skogkanten. Ho flyttar inn med katten Bolleris, og sjølv om det vel eigentleg er banken som eig huset, byrjar det sakte, men sikkert å kjenn

  • Foto: Gry Traaen

    Ingvill Kjærstein nominert til Vesaas-prisen for "Austvestpassasjen"

    Ingvill Kjærstein er nominert til Vesaas-prisen for romanen Austvestpassasjen som kom ut våren 2024.
    Frå grunngjeving til juryen:
    Ingvill Kjærsteins debutroman Austvestpassasjen har eksiltilværelsen som psykologisk grunnmodus. Hovedpersonen har reist fra Vestlandet til Østen, fra revefarmen hun vokste opp på i Sykkylven til Kyoto der hun jobber som engelsklærer. Valget hennes framstår like

  • Foto: Janne Amalie Svit

    Ny barnebok om å finne flokken sin signert Kari Stai

    Forfattar og illustratør Kari Stai er tilbake med frittståande oppfølgjar til suksessen Passe happy frå 2021. I Flokken møter vi 10 år gamle Juri som leiter etter flokken sin. Og kva er eigentleg ein flokk?

  • Gerald Murnanes klassikar "Slettene" endeleg på norsk, omsett av Jon Fosse

    Gerald Murnanes klassikar "Slettene" endeleg på norsk, omsett av Jon Fosse

    Australske Gerald Murnane (f. 1939) debuterte i 1974 og er mest kjend for romanen Slettene frå 1982 som no kjem på norsk omsett av Jon fosse. Murnane var i mange år ein løyndom blant litteraturkjennarar, men blir i dag sett på som ein av vår tids store forfattarar. Han har i fleire år vorte nemnd i samband med nobelprisen i litteratur. Slettene er den fyrste boka av Murnane på norsk.
    Fosse har

  • Oddmund Hagen aktuell med boka "Forklaring"

    Oddmund Hagen aktuell med boka "Forklaring"

    I langnovella Forklaring av Oddmund Hagen møter vi ein førtidspensjonert lærar mistenkt for å ha stifta fleire brannar, men som aldri blei tiltalt for dette. Da han nokre år seinare skal køyre over fjellet for å hente tinga sine der han arbeidde som lærar, blir han stansa av same politimannen som prøvde å få han fast for brannane. Det kan sjå ut som politimannen endeleg har fått eit høve til å hem

Vis mer