Stein Versto aktuell med roman; "Nidaros" - lansering med Odd Nordstoga
Stein Versto er ute med sin første roman, "Nidaros" og lanserer boka på Litteraturhuset i Oslo 12.11. (med Odd Nordstoga) og i Trondheim Kunstmuseum 19.11.
Stein Versto er ute med sin første roman, "Nidaros" og lanserer boka på Litteraturhuset i Oslo 12.11. (med Odd Nordstoga) og i Trondheim Kunstmuseum 19.11.
Blixprisen for 2013 går til Teresa Grøtan frå Stokmarknes, busett i
Bergen.
Nemnda grunngir tildelinga av prisen slik:
"Årets Blixpris-vinnar er ein kunnskapsrik forfattar, som på ein
framifrå måte nyttar journalistisk erfaring og metode i forfattarskapen sin for
barn og unge, kombinert med eit godt auge for den unge lesaren og litterær teft.
Det er med glede nemnda i år kan gi prisen ti
"Farleg kreditt" er ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske familieløyndommar.
Jens K. Styve (f. 1972) fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si Eg, Ove Kvamme, no tek han forfattarskapet vidare i romanen Friedland, ei dramatisk og fengjande historie frå Nord-Noreg. Det føregår i eit mørkt og småkorrupt bygdeunivers som er ispedd solide dosar med humor og menneskeleg varme. Odd Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane.
Ida Skivenes deler matglede og kreative frukostar med over 170 000 følgarar frå heile verda på Instagram under namnet idafrosk. Boka basert på frukostane hennar, "Leik med maten", er no selt til forlag i Tyskland, Frankrike, Nederland og Belgia.
I sin nye roman "Lucida" skildrar Flornes Skaret kjærleiksbrotets brutale etterdønningar med språkleg sikkerheit, særmerkt observasjonsevne, og varleik for omgivnadene.
Språkforskar ved Universitetet i Tromsø, Øystein A. Vangsnes, har i fleire år engasjert seg i spørsmål om språkleg toleranse og mangfald. No er han aktuell med ei debattboka om emnet, "Språkleg toleranse i Noreg-Norge, for faen!"
Forfattar og journalist Sigrun Slapgard er klar med ny roman, "Englestien", delvis basert på hennar eige liv.
Linda Eide får årets Melsompris for "Oppdrag mottro - jakta på gamle dagar". Prisen er på 40 000 og vert delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget
Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588–1666) folket til kamp mot overmakta.
7.10. lanserer Ottar Grepstad ei ny språkbok som tek for seg språksituasjonen i verda. Han gjer historiske- og geografiske dykk, rissar opp dei viktigaste språkfakta, siterer forfattarar og språkforskerar. 270 språk er nemnde i kalenderboka, likeså 366 forfattarar (ein for kvar dag i året). Ei bok med brei kunnskap og glede for språk i sjølvaste språkåret.
Kjærasteparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland debuterer med romanen "& me skal bli omskapte". Det er ei forteljing om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv.