Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Frida Fliflet debuterer med novellesamlinga "Kan eg sjå på"

    Fliflets debut handlar om å unngå blikk og å fanga blikk. Det handlar om Kaisa i det forferdeleg varme kostymet og den jævla svikaren Linnea, om å bli invadert i eit dansestudio, om Laura som IKKJE må kasta opp marsipankake utover bunaden, og om Edvard sin framande farfar. Det handlar om å slå nokon eller springa frå nokon og å vera ein idiotisk (idiotisk!!!) turist, og om slektslinjer og sitrande

  • Anne Gunn Halvorsen kjem med bok om då internett kom til Noreg og kva det gjorde med oss

    Korleis vart internett ein del av oss? Dette spørsmålet utforskar Anne Gunn Halvorsen i boka Mitt internett. Då www kom til Noreg som tar utgangspunkt i hennar eigen oppvekst i ei bygd i nittiåra. Gjennom dagboknotat og intervju med gamle venner og kjærastar, fagfolk og programmerarar fortel ho historia om då internett kom til Noreg: ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet var

  • No kjem "Stille grender"; første bok ut i ny, norsk krimserie av Martin Baldysz

    Stille grender av Martin Baldysz er første bok i ny historisk krimserie med søskenparet Johan og Sonja Ryer som etterforskarar.Ryer-serien følgjer det umake etterforskarparet Johan og Sonja – han nøyaktig, mild og oppteken av detaljar, ho intuitiv, frittalande og med lite til overs for autoritetar. Eit klassisk mordmysterium i historisk drakt – med sterke karakterar, lun humor og den stille uhygga

  • Jon Fosse, Agnes Ravatn, Lothepus, Maria Parr, Patti Smith med fleire er klare med bøker på Samlaget denne hausten

    Jon Fosse er klar med sin første roman etter Nobelprisen og 5. september kjem Vaim. Boka vert lansert på opningsdagen for Den internasjonale Fossefestivalen som Samlaget arrangerer saman med Det Norske Teatret.
    Maria Parr kjem med ei ny bok i serien om Oskar og Ida. Oskar og eg. Alle tinga vi har kjem 8. august. 15. august kjem første bok ut i Ryer-serien, Stille grender. Martin Baldysz skriv

  • Jeswanthiny Mayooran aktuell med boka "Aldri god nok"

    I den nye boka Aldri god nok skriv Jeswanthiny Mayooran ærleg om eigne ønske og krava frå foreldra.
    Mayooran er overlege og spesialist i psykiatri ved Stavanger universitetssjukehus. I Aldri god nok tek ho oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva skjer når draumen ikkje er borna

  • Samlagsprisen for 2024 til Halvor Folgerø

    Han får prisen for dei tre bøkene om vegar og ferjer på vestlandet. Prisen vert delt ut på Fest i Fjaler 8. august.
    Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Dei siste åra har han begeistra lesarar over heile landet med bøkene Vestlandsvegar (2021), Fleire Vestlandsvegar (2022) og Ferjefolket. Storm og stille, fest

  • Bokhandelens hovudstipend 2025 til Thor Magnus Tangerås

    Bokhandelens hovudstipend 2025 går til Thor Magnus Tangerås, Stipendet vert delt ut under Litteraturfestivalen på Lillehammer tirsdag 4. juni kl. 14.00.
    Tangerås (f. 1972) er førsteamanuensis ved Westerdals og debuterte med diktsamlinga Ø i 2022. I fjor ga han ut Landskap med vindturbinar, ei bok som tek for seg konflikta mellom teknologi og natur.
    – Eg er veldig glad for å motta Bokhandelen

Vis mer