Alf Helleviks mediemålpris 2013 til Håkon Haugsbø
NRK-journalist Haugsbø får prisen for ein konsekvent, stringent og presis bruk av nynorsk
NRK-journalist Haugsbø får prisen for ein konsekvent, stringent og presis bruk av nynorsk
Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Forfattaren bak den nye biografien om Qvam, Magnhild Folkvord held føredrag på Litteraturhuset i Oslo (Kjellaren) 2.5. kl 19. Velkomen!
Nynorsk barnelitteraturpris 2012 vert tildelt Anna R. Folkestad for boka "Unni og Gunni reiser". Prisen er på 30 000 kroner og vert delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag i dag.
Magnhild Folkvord har skrive biografi om Fredrikke Marie Qvam, ein av dei leiande strategane for kvinneleg stemmerett.
Sigrid Merethe Hanssen har skrive kritikarroste noveller og ei barnebok. No er ho klar med sin første roman. "Sofia" handlar om flukt på ulike plan, om galskap og om grensene mellom fiksjon og verkelegheit.
Vårsesongens siste bøker frå Samlaget: Patti Smiths minnebok "Sanka ull", nye romanar frå Karin Moe og Sigrid Merethe Hanssen, biografi om stemmerettsforkjemparen Fredrikke Marie Qvam, jubileumsbok om BUL, ny ungdomsbok frå Sunniva Relling Berg, ny gjendikting av "Sonettane til Orfeus" og Kristin Fridtun viser kor morosamt og enkelt nynorsk kan vere i "Nynorsk for dummies."
I romanane "Mellom oss sagt", "Arbeid pågår" og "Samtale ventar" ser Marit Eikemo samtida gjennom outsiderens skarpe briller. Sosialkomedie eller sosialtragedie? Eller svart humor? Både kritikarar og lesarar reagerer ulikt. Nokre græt, andre ler, alle kjenner vi oss igjen. Kaja Schjerven Mollerin samtaler med forfattaren. Marit Eikemo les frå eit nytt manus. Litteraturhuset i Oslo 17.4. kl 18.
Kenneth Steven og Øyvind Torseter har fått Kulturdepartementets pris for beste biletbok for barn i 2012 for boka "Historia om korleis hunden fekk vår snute". Guri Vesaas fekk omsettarprisen for boka "Rosas buss" som ho har omsett frå italiensk.
Deutscher Jugendliteraturpreis er Tysklands største litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur. Kaldhol vann prisen i 1986 for debutboka si "Farvel, Rune" ( i kategorien beste biletbok. Ho delte prisen med illustratør Wenche Øyen).
Olava er sju år. Ho er oppkalla etter bestefar Olav, som er meir enn sytti. Han kan køyre traktor, reparere skistavar og levde under krigen. Bestefar har lært Olava mange ting. At havet er salt, at traktoren har hestekrefter, og at namnet hennar tyder etterkommar. Men når vinteren kjem, blir bestefar sjuk. Historia om Olava og bestefar fangar samspelet mellom barn og besteforeldre på ein varm og
"Ny grunnlov" av Are Kalvø vart lansert 28.2. og kom denne veka rett inn på bestseljarlista for generell litteratur.
Kari Stai har fått Kritikarprisen 2012 i klassen beste barnebok for "Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake."
Lars Mæhles første krimbok, "Den mørke porten", er selt til Tyskland, til det prestisjetunge forlaget Ullstein Buchverlag som frå før har krimnamn som Jo Nesbø og John le Carre i stallen.
Ingen har spurt Are Kalvø om han har lyst å lage ei ny grunnlov. Men det har han. Og no har han gjort det. Boka "Ny grunnlov" vert lansert 28.2. Ein kongekledd Kalvø og 15 andre kongar deler ut den nye grunnloven til folket på Løvebakken og i sentrum av Oslo mellom 7-9 torsdag morgon.
Jon Fosse får strålande kritikk for si nye diktsamling, Stein til Stein. Fleire meldarar utropar han til den nye folkediktaren. Diktsamlinga kjem no i nytt opplag.
Ingen har spurt Are Kalvø om han har lyst å lage ei ny grunnlov. Men det har han. Og no har han gjort det.
Når Kunnskapsdepartementet no har varsla omfattande endringar i læreplanen i norskfaget, er sidemålet i hardt vêr. Janne Nygård og Vebjørn Sture er aktuelle med pamfletten "Kva skal vi med sidemål?" der dei gjer skikkelege svar, og argumenterer for kvifor det å kunne både nynorsk og bokmål er viktig for elevane. Boka blir lansert med debatt på Litteraturhuset i Bergen torsdag 7.2. kl 20.
Jon Fosse er ute med diktsamlinga "Stein til Stein. 39 dikt og 1 salme".Det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ei salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka.
Are Kalvø, Jon Fosse og Patti Smith kjem alle med nye bøker på Samlaget i vår. Kalvø har ved hjelp av folket skrive ei ny grunnlov. Boka er basert på serien Riksforsamlinga som startar på NRK i februar. Fosse og Smith kjem med dikt. Samlaget har tre debutantar i vår, to som skriv for vaksne; Erica Löfström og Odd Eirik Færevåg og Marit Lajord som skriv for barn.
Erna Osland og Inger Lise Belsvik står bak boka "Venner med venger" som inspirerer barn til å utforske, observere og lære om fuglar.