Marit Kaldhol ute med ny roman
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold, og om det å vere pårørande til ein rusmisbrukar.
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold, og om det å vere pårørande til ein rusmisbrukar.
"Vaffelhjarte" er nylig selt til India (på hindi) og til Georgia, og "Tonje Glimmerdal" til Spania. Parr er blant dei mest omsette norske barnebokforfattarane dei siste åra, og fleire land kjem stadig til. Parrs agent Eirin Hagen forhandlar med fleire andre land om utgjevingar av bøkene til Maria Parr framover
Agnes Ravatn har stor suksess med sin siste roman, Fugletribunalet. Før i år vann ho P2 Lytternes Romanpris og i dag valde ungdommane henne til vinnar av Ungdommens Kritikarpris. Boka som kom i september i fjor er også selt til Tyskland, til det anerkjente forlaget Random House Germany.
Brageprisvinnar Ruth Lillegraven og illustratør Inger Landsem er klar med si fjerde bok i serien om Mari og Magnus; "Mari og Magnus hos bestemor".
Jon Hjørnevik har gått på ein smell. No har han samla sitt bitre tankegods mellom to svarte permar i "Heimekontor i gravferda".
Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møklebys (ill.) biletbok Førstemamma på Mars fekk to prestisjeprisar i dag; Kulturdepartementets biletbokpris og Kritikarprisen. Førstemamma på Mars er forteljinga om ei lita jente som nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege versjonar av kvar mor har tatt vegen. Kanskje er ho på handletur? På røvarjakt? Eller rett og slett på
"Lånt stas" (Borrowed Finery, 1999) er ei gripande forteljing om Paula Fox sin høgst uvanlege, omskiftelege og fargerike oppvekst. Ein klassikar elska av både lesarar og kritikarar over heile verda.
Møt Lasse Skjønning Andersen i Mathallen i Oslo 6. mars kl 12-13 og 16-19. Kl 12 demonstrerer han baby- og barnegrautar og mellom 16-19 viser han sine beste grautoppskrifter med smaksprøvar. Stikk innom for å smake på herleg graut.
Velkomen til lansering av ny utgåve i Oslo bispegard – midt i Gamlebyen tysdag 4. mars, kl. 1900—2100
Boka blir lansert på kvinnedagen 8. mars, i samarbeid med Den mangfaldige Scenen og Det Norske Teatret. Vi får høyre utdrag av fem ulike forteljingar, og forfattar Solveig Aareskjold vil sjølv introdusere.
Odd Nordstoga er aktuell med songbok for barn, "Song for deg og meg". Han reiser på miniturné og held gratiskonsertar på litteraturhusa i Oslo, Fredrikstad og Bergen dei kommande vekene.
Gunnar Danbolt er aktuell med ny bok om den norske kontemporære kunsten, "Frå modernisme til det kontemporære. Tendensar i norsk samtidskunst etter 1990". I boka gir han oversikt over trendar og utviklingstrekk i den norske kunstverda dei siste tjue åra. Lansering på Nasjonalgalleriet 4. mars kl 17. Danbolt i samtale med Alf van der Hagen.
Den nye samlinga dikt og prosa frå Eva Jensen, "Vidareutdanning i lys og skugge" inneheld nærbilete frå kvardagen til ein diktar, observasjonar av nærmiljø, arbeidsliv, reiser og natur.
Forfattaren bak Stavanger-trilogien er klar med hardkokt spøkelsesforteljing, "St Olav-komplekset".
Tora Seljebøs debutbok er ei poetisk forteljing om å miste nokon og om å leite etter seg sjølv. Dikt om det som endrar seg og det som forsvinn, både menneske og natur.
Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møklebys bok "Førstemamma på Mars" er nominert til to prestisjeprisar.
Laurdag gjekk P2-lyttaranes romanpris for 2013 til "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn.
Fosses nye oman får svært god mottaking av kritikarane. "Kveldsvævd" er siste band i "Andvake-trilogien" om Asle og Alida.
Jon Fosse, Einar Økland, Odd Nordstoga, Marit Kaldhol, Ruth Lillegraven, Lars Mæhle, Anne Viken, Jon Hjørnevik og Gunnar Danbolt er blant namna på Samlagets vårliste. Forlaget har tre debutantar på vårlista.
Einar Økland markerer 50 år som forfattar med "Statsminister-boka". Han er også aktuell med essaysamlinga "Fotgjengar med fotnotar".