Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Catherine Blaavinge Bjørnevog debuterer med diktsamlinga "Um sakne springe blome"

    Blaavinge Bjørnevogs debutbok er ein mørk og mytisk sørgjesong fortald i eit heilt særeige lyrisk språk
    Boka vert lansert på Ulvik Poesifestival på Hauge-senteret 9.9. 
    I Um sakne springe blome ventar ei kvinne på ein mann. Er det ho sjølv som er skuld i fråværet hans, i at ho sit åleine med barna, og at ho også mistar dei, eitt etter eitt? Kva har ho gjort for å fortene denne straffa? Kvinn

  • Ny ungdomsroman frå Ragnar Hovland

    Hovland er endeleg aktuell med ny ungdomsroman, "Om noko skulle skje". Boka er ei eventyrleg forteljing  om Reiner og ferda hans gjennom dødsriket for å finne den tapte kjærleiken
    BOKLANSERING HOS SAMLAGET: i Mariboes gate 13, 21.09. kl. 19. Opplesing og samtale. Dei nye kapellanane spelar. For informasjon og påmelding: m.aas@samlaget.no - sjå også Facebook-hending på Samlagets side.
    Kjæra

  • Unica Zürn endeleg på norsk med romanen "Mørk vår"

    Unica Zürn (1916–1970) var tysk forfattar og biletkunstnar. Ho høyrde til dei avantgardistiske kretsane i Paris og hadde nære band til mange av surrealistane, som Max Ernst, Henri Michaux og særleg Hans Bellmer, som ho både arbeidde og budde saman med. Ho er mest kjend for anagrampoesien sin og automatteikninga – og for kortromanen Mørk vår (1969) som no kjem på norsk i Runa Kvalsunds omsetjing. <

  • Slik funkar det!

    Kan du forklare korleis lyspæra kan lyse?
    Slik funkar det! gir basiskunnskap og aha-opplevingar for nysgjerrige i alle aldrar – les og forstå korleis ting heng saman!
    Kan du forklare korleis vatnet kan vere reint i alle kranene våre, korleis jordvarme fungerer, eller korleis ein oppbevarte mat før frysen fanst? Om du allereie veit det, finst det mykje anna ein kan suge til seg i denne faktab

  • Ny roman frå lesarfavoritt Anna Gavalda

    Lesarfavoritt Anna Gavalda som har begeistra lesarar gjennom fleire år, er klar med ny roman på norsk, "Livet, til det betre", omsett av Tove Bakke. 
    Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge.
    Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. T

  • Landslagskeeper Ørjan H. Nyland aktuell med "Ørjans Keeperskole"

    Ørjan Håskjold Nyland (f. 1990) er aktuell med boka «Ørjans Keeperskole» der han gir unge spelarar dei beste triksa og tipsa for å bli ein god keeper. Nyland blei cupfinalehelt då Hødd vann NM-gull på straffesparkkonkurranse mot Tromsø i 2012. Så gjekk han til Molde og vann cupfinalegull der både i 2013 og 2014. No spelar han på det norske landslaget og i Ingolstadt i Bundesligaen.
    Hovuddelen

  • Ruth Lillegravens første barnediktbok begeistrar kritikarane

    Ruth Lillegraven får kritikarros for si første barnebok Eg er eg er eg er.
    Boka skildrar korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.
    Samlinga er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.
    Ruth Lillegraven har leita i eigen barndom i arbeidet med dikta: 

  • Fugletribunalet av Agnes Ravatn vert lansert i Storbritannia

    Fugletribunalet av Agnes Ravatn vert lansert i Storbritannia i september. Forlaget Orenda Books, med m.a. Gunnar Staalesen i stallen satsar stort på utgjevinga, og Ravatn skal delta på festivalar og arrangement i Storbritannia i løpet av hausten. Boka er før utgjeving valt ut i ein omfattande "Fresh Talent"-profilering gjennom den store bokhandlarkjeden WHSmith. Boka er også tildelt den ekslusive

  • Jan Roar Leikvolls minnepris til Kjersti Rorgemoen

    Jan Roar Lekovolls minnepris går i år til Kjersti Rorgemoen. Prisen er på 50 000,-
    Frå juryens grunngjeving: Dette er ein forfattarskap som utmerkjer seg ved språkleg finesse, evne til å syne samanhengar der ingen ser ut til å finnast, og vilje til å sjå kvar ein situasjon frå alle andre synsvinklar enn den opplagde. Bøkene er stramme og presise, ville og fabulerande, komiske og alvorlege, absu

  • Samlagets haustliste 2016

    Bla i heile katalogen HER
    Elena Ferrantes Napoli-kvartett vert avslutta i oktober med band fire, Historia om det tapte barnet (omsett av Kristin Sørsdal). Anna Gavaldas nye bok kjem denne veka, Livet,til det betre (omsett av Tove Bakke). Unika Zürn kjem også endeleg på norsk med "Mørk vår" (omsett ar Runa Kvalsund). Norske romanforfattarar i haust inkluderer m.a. Jørgen Norheim, Mette Karlsvik

  • Gullfalken - ni nye eventyr

    - Barn vil trenge eventyr som ender godt når dei skal gå laus på dei trollstore utfordringane vi har gitt dei, seier Osland om den splitter nye eventyrboka ”Gullfalken”.
    For i desse eventyra er trolla bytte ut med stigande hav og manglande frisk luft. Vår tids Oskeladden er ny i landet, og heltane i alle desse eventyra er barn og ungdommar. Dei unge heltane vinn, fordi dei er omsorgsfulle, ell

  • Terje Tørrisplass med ny diktsamling, "Lomen svarar meg i blanke timar"

    Terje Tørrisplass’ nye diktbok handlar om mellomtilstandar og overgangar i livet. Når dikta tematiserer bortgang og død, er det med forsoning: Naturen ber i seg spor av menneske som har levd, og varsel om tider som skal komme. Eg-et er nært knytt til naturen, som igjen er nær og samanvevd med mennesket og dagleglivet, og dette bandet viskar ut skiljet mellom notid og fortid.
    I forfattarska

  • Tor Jonsson 100 år

    14. mai er hundreårsdagen for Tor Jonssons fødsel. Samlaget har trykka nye opplag av Dikt i samling og Ingar Sletten Kolloens biografi Berre kjærleik og død. I tillegg kjem det no også ebøker av Dikt i samling og Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller.
    Tor Jonsson-selskapet arrangerer festkveld for forfattaren 21.5. i Lom. meir på www.torjonsson.no
    Litteraturfestivalen på Lillehammer vil også

  • "På liv og død": Imponerande verk om distriktsjordmødrenes historie

    Boka ”På liv og død. Distriktsjordmødrenes historie” er den første samla framstillinga av distriktsjordmødrene si historie i Noreg, frå amtmannen i dagens Møre og Romsdal i 1784 fekk i stand eit ordna jordmorvesen på landsbygda, og til kommunehelselova i 1984 ikkje lenger kravde at kommunane skulle tilsetje jordmor.
    Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner i Noreg, jor

Vis mer