Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • 1900-talet fortalt på ein ny måte

    I boka 1900-talet. Forteljingar frå eit hundreår skriv Ottar Grepstad fram verdshistoria på ein original måte. Gjennom meir enn åtti forteljingar frå nærmare femti land skriv Grepstad om folk som forma vår tid frå 1900 og frametter. Politikarar og forfattarar, offiserar og musikarar dukkar opp, side om side med legar og romfararar, forskarar og vaktmeistrar.
    Forteljingane er ordna etter klokkes

  • Einar Økland fyller 80 år 17. januar

    Einar Økland fyller 80 år 17. januar! I samband med jubileet lanserer vi Økland si essaysamling Oss imellom?.
    - Einar Økland er den mest allsidige og originale forfattaren i norsk etterkrigstid. Som forlaget hans gjennom over 50 år er vi takksame og audmjuke for den enorme innsatsen han har lagt ned for norsk litteratur og nynorsken. Som den nye boka hans, Oss imellom?, vitnar om,

  • Samlagsprisen til Marit Eikemo

    Samlagsprisen går annakvart år til forfattarar av sakprosa eller skjønnlitteratur. I år går den til Marit Eikemo for hennar skjønnlitterære forfattarskap. Prisen er på kr 50.000.
    Frå grunngjevinga til juryen:
    "Eikemo har også skrive essays og reportasjebok, men får prisen først og fremst for dei særmerkte romanane, Mellom oss sagt (2006), Arbeid pågår (2009), Samtale ventar (2011), Alt inklu

  • Ein årslang segltur inspirerte Hildegunn Dales nye diktsamling «Rapportar frå havet»

    Rapportar frå havet er poetiske omarbeidingar av notat frå ei årslang reise på havet. Hildegunn Dale legg ut på ei reise i eitt år saman med mannen sin og dottera deira Olina. I seglbåten "Elle Melle" dreg dei jorda rundt, og med seg har dei loggbøker, notatbøker og eit skipsbibliotek.
    Tekstene tematiserer kva som skjer når ein legg det vanlege livet bak seg og gir slepp på tid og stad. Det duk

  • Femårsjubileum for Herborg Kråkeviks Juleroser med bidrag frå Siri Hustvedt, Lars Saabye Christensen, Sumaya Jirde Ali m.fl.

    Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I år er det femårsjubileum for heftet. I tillegg vart Barnas Juleroser lansert i fjor og kjem no i si andre utgåve. Utgjevingane er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont.
    Juleroser og Barnas Juleroser er litterære julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnaran

  • Ny bok: "Norwegerstrasse" av Jørgen Norheim og Alexander Häusser. Ei reiseskildring med utgangspunkt i gatenamn i Berlin

    På ein rusletur gjennom Berlin går Jørgen Norheim og Alexander Häusser og undrar seg over alle dei norske gatenamna i byen. Gudvanger Straße, Nansenstraße og Frithjofstraße, dei finn namn henta frå historiske personar og stader så vel som frå mytar. Dei to kameratane bestemmer seg like godt for å dra til stadene i Noreg der namna kjem frå.
    På turen følgjer dei Ivar Aasens metode ved å ta inn ho

  • Agnes Ravatn nominert til Bokhandlarprisen

    Agnes Ravatn er nominert til Bokhandlarprisen for romanen Dei sju dørene som kom ut i september. Boka fekk svært gode meldingar og har vore på bestseljarlista i fleire veker. Dei sju dørene er den første romanen til Ravatn etter storsuksessen Fugletribunalet som har selt nærmare 40 000 eksemplar.
    Meir om Dei sju dørene: Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjenn

  • Mette Karlsvik aktuell med ny roman om lengsel etter nærleik og behovet for sjølvstende

    Meieriet er ein roman om det å leva som kunstnar og forelder. Kan ein kombinera dei to? På eit kunstnaropphald i eit ombygd meieri på Island møter Beate Kjell, som ho blir gravid med. Kva slags livsendringar vil det å bli mor innebere, og kva slags mor kan ho greie å vere? 
    Meieriet er ei lågmælt og kjenslevar forteljing om å slitast mellom lengsel etter nærleik og behovet for å vere åleine, om

  • Brageprisnominasjon til Jon Fosse for første band av "Septologien. Det andre namnet"

    Frå grunngjevinga til Brage-juryen: "Med et vakkert og strømmende språk maner Jon Fosse fram et mektig litterært univers... Det andre namnet. Septologien 1-2 er en fengslende og kraftfull roman som lever videre i leseren."
    Dei norske bokmeldarane tok svært godt imot første band av storverket Septologien som kom i september, og sa mellom anna; "Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boke

  • Ulf Karl Olov Nilsson, ein av Sveriges mest sentrale poetar, no endeleg på norsk

    For fyrste gong på norsk får vi med Forklaringsopplysningane presentert eit større utval dikt av den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson – også kalla UKON. UKON er ein av dei viktigaste poetane i Sverige på 2000-talet, hylla for sin unike stil.
    UKON syner at poesi kan vere eit vis å sjå verda på, gjennom ei ramme av ulike system og dikt som er både konseptuelle og politiske, realistiske og

  • Ny bok om Ottar Haugland sin kamp mot nazismen

    I Krig. Mor. Bror. Ottar Haugland sin kamp mot Nazismen fortel Svein Sæter historia til Ottar Haugland og familien hans, som vart ramma av nazismen og valte å ta opp kampen.
    Boka handlar om opplevingane til to brør, Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden og tungtvassabotør Knut på Kongsberg, som i same natta blir tekne og torturerte av Gestapo. Knut gjennomfører ei farefull flukt. Ottar sve

  • Ny bok: "Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk"

    Emil André Erstad var Hareides næraste medarbeidar gjennom Krfs skjebnehaust for eit år sidan. I Hareides fall. 36 dagar som endra norsk politikk  som vert lansert i morgon 30.10., fortel han ope og brutalt ærleg om kva som skjedde bak kulissane, om striden mellom Knut Arild Hareide og nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og om kva vurderingar Hareide og hans næraste gjorde underve

  • Ungdomsbok om kjærleikssorg og omsorgssvikt

    Magnhild Bruheim utforskar i denne ungdomsromanen det store spekteret av kjensler som finst i ei kjærleikssorg. Ho stiller også spørsmål kring oppvekst, bakgrunn og kor ulike liv ein kan leve i Noreg i dag.

  • Leif Høghaug ute med ny roman - ælt skrivi på rein hadelansk

    Kælven er Leif Høghaug sin fyrste roman, og er skrive på klingande hadelandsk. I denne soga er Hadeland ein skuggeheim der skrømt, attergangarar, englar og robotliknande skapningar er like naturlege som dyr og menneske av kjøt og blod.
    «Dei siste daga har je tenkt og tenkt på ei seinsåmmårsnatt je lenge prøvde å glømme.» Romanen sin forteljar sit i eit underjordisk kontorlandskap og spissar bl

  • Litterær sensasjon på norsk; Ocean Vuongs "Natthimmel med kulehòl"

    Natthimmel med kulehòl har blitt ein litterær sensasjon i USA. Ocean Vuong blir samanlikna med dei verkeleg store i den engelskspråklege litteraturen, som Emily Dickinson og William Shakespeare.
    I dikta til Ocean Vuong blir det svært intime stadig sett opp imot historiske hendingar. I etterdønningane frå Vietnamkrigen skildrar Vuong sorg, vald, krig og overgrep med eit mjukt landskap av poeti

  • Ragnar Hovland feirar 40 år som forfattar med ny essaysamling

    I år er det 40 år sidan Ragnar Hovland debuterte med Alltid fleire dagar. Han markerer jubileet med essayboka Litt betyr det no likevel. Her plukkar han opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck,

Vis mer