Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Mediemålpris til journalistar i VGTV

    Alf Helleviks mediemålpris går i år til journalistane Stig Øystein Schmidt og Espen Moe Breivik i VGTV. Prisen vart delt ut på VGTV sin sommarfest i Oslo sentrum 18. juni 2020.
    Prisen skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrka eit normalisert nynorsk talemål. Men også den dialektfarga nynorsken, som kjenneteiknar begge av årets prisvinnarar sitt språk,

  • Fridthiov Oos’ legat til unge skrivetalent

    Dei tre beste nynorskeksamenane er kåra
    Fridthiov Oos’ legat går kvart år til dei tre beste hovudmålseksamenane på nynorsk i den vidaregåande skulen. I år er vinnarane Jenny Heggheim Myklebust (Hafstad vgs. i Sunnfjord), Herdis Auestad Nergaard (Sandnes vgs.) og Anna Standal Tangen (Volda vgs.).
    - Juryen har hatt tekstar frå 42 kandidatar til vurdering. Det har vore ei glede å lesa desse te

  • Pest-klassikaren "Dekameronen" i nytt utval

    Giovanni Boccaccios verdskjende klassikar Dekameronen kjem no i nytt utval. 
    Litteraturhuset i Oslo sender eit foredrag med Jon Rognlien om verket 9.6.: https://www.facebook.com/events/2630963420504739/
    Youtube-lenkje til arr: https://bit.ly/2MK9C0I
    Året er 1348. Ti ungdomar flyktar frå svartedauden som herjar i Firenze, og isolerer seg i ein villa på landet. Alle er friske, og i ti dagar

  • Sterkt om klassereise og utanforskap i ny bok; "Mjøsa rundt med mor. Ei livsreise" av Bjørn Hatterud

    Bjørn Hatterud er homofil, funksjonshemma og klassereisande. Som tenåring drøymde han seg vekk frå heimbygda Veldre, nord for Brumunddal. På ein trimma moped tok han sine fyrste turar bort frå bygda, inn i fridommen. Då han var 21 år gammal, flytta han til Oslo, der han har budd sidan. I tankar og samtaler reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til e

  • Diktartavla 2020 til Hilde Myklebust

    Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Hilde Myklebust med Diktartavla. Når Myklebust får si diktartavle på Diktarstien på Utne 12. september, går ho inn i rekkja av viktige poetar i vår tid. Etter at Olav H. Hauge mottok prisen i 1993, har sentrale norske lyrikarar kvart år blitt heidra på Diktarstien ved Hardangerfjorden.
    Hilde Myklebust (f. 1979) debuterte med diktsamli

  • Roman om Kielland-ulykka nominert til LOs litteraturpris

    Atle Berge er nominert til LOs litteraturpris for romnanen Puslingar. Prisen er nyoppretta og vert delt ut på Litteraturhuset i Oslo 26. august. Prisen skal auke statusen til arbeidarlitteraturen og løfte fram arbeidsfolks fortellingar. 
    Atle Berge er også nominert til EUs Litteraturpris for Puslingar.
    I Puslingar er Kielland-ulykka den historiske hendinga forteljinga kretsar rundt. Året er

  • Ny roman frå Elena Ferrante kjem 1. september

    Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv kjem på norsk 1. september. Det er nettopp klart at Netflix skal produsere ein tv-serie basert på boka i samarbeid med det italienske produksjonsselskapet Fandango. 
    Om Dei vaksnes løgnaktige liv: 
    I eit stort familieselskap oppdagar ungjenta og einebarnet Giovanna at den nære familievennen og faren til to av hennar beste venner beinflørta

  • Nynorsk litteraturpris til Jon Fosse for første band av Septologien

    Jon Fosse vert tildelt Nynorsk litteraturpris 2019 for boka Det andre namnet, første del av Septologien
    Prisen er på 30 000 kroner og den har blitt delt ut sidan 1982. Det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Samlaget som står bak prisen, og det er tredje gong Jon Fosse får denne prisen.
    Juryen skriv m.a. dette i grunngjevinga: "Vinnarromanen er dei to første bolkane av eit storverk. På

  • Særmerkte, leikande og opprørske dikt frå Björner Torsson i norsk gjendiktning

    Den svenske poeten Björner Torsson har gjennom 50 år stått støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Med dobbeltutgivinga av samlingane I skuggen av ein hare (2001) og Hüzun eller Den samanleggberre nasen (2012) blir han no gitt ut på norsk for første gong i samlinga Torsson x 2.
    Torssons dikt er i stadig rørsle, med høg energi og ein heilt eigen logikk og sans for absurditetar og det skapande po

  • Sterk tilstandsrapport frå Svalbard: "Verda mi smeltar" av Line Nagell Ylvisåker

    Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard av Line Nagell Ylvisåker er ei forteljing om stigande uro og om å leva midt i klimaendringane.
    I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp

  • Eksklusiv digital samtale med Jon Fosse om storverket Septologien

    Kl 20 den 9. mai (2 pm NY-tid) kan du oppleve Jon Fosse i ein eksklusiv live-samtale med sin amerikanske omsetjar Damion Searls og kritikar og skribent Dustin Illingworth, om første band av Septologien, Det andre namnet I-II. Den anerkjende bokhandelen Community Bookstore i Brooklyn, N.Y. er arrangør. Her kan ein delta på arr: https://www.crowdcast.io/e/jon-fosse/register
    No får lesarane ein sj

  • Roman om Kielland-ulykka nominert til EUs Litteraturpris

    Atle Berge er nominert til EUs litteraturpris med romanen Puslingar (2019). EUs litteraturpris(European Union Prize for Literature) går til forfattarar som har gitt ut to–fire prosaverk for vaksne og som er i ferd med å nå eit større publikum. Prisen har ein ambisjon om å spreie god litteratur ut over nasjonale grenser og språkbarrierar. Utdrag frå årets vinnarbøker blir samla i antologien Europea

  • Eili Harboe debuterer med ungdomsroman

    Eili Harboe debuterer med "Tre meter med kniv" – ein ungdomsroman om å vere kjærast, dotter og syster. Boka vert lansert 29.4. Lykke vil bli halden rundt av Simeon i symjehallen. Ho ønskjer å bli sett av ei sjuk mor. Ho prøver å vere grei med fostersystera Lena. Men Simeon, som kan vere så snill, kan også vere slem. Og mor, som kan vere så morosam, kan også vere langt borte. Og kva er det med

  • Nynorsk barnelitteraturpris til Marianne Gretteberg Engedal

    Marianne Gretteberg Engedal er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2019 for debutboka Pølsetjuven.
           
    I juryens grunngjeving står det mellom anna: 
         
    "Vinnaren av Noregs Mållag sin nynorske barnelitteraturpris 2019 har vist gjennomført kunstnarisk kvalitet i debutboka si. Fronten skapar forventning om ei historie som handlar om ein gut som har gjort noko gale. Juryen var eini

  • Olaug Nilssen klar med ny roman til hausten "Yt etter evne, få etter behov"

    Olaug Nilssen er klar med ein ny roman i oktober. Den har fått tittelen Yt etter evne, få etter behov. Nilssen hadde ein formidabel suksess med Tung tids tale (2017) som vann Brageprisen og no har eit samla  opplag på 40 000. Nilssen traff lesarane med si unike og sterke forteljing om å vere mor til eit funksjonshemma barn. Riksteatret turnerte også med ei populær og kritikarrost framsyning basert

  • Ny novellesamling med sterke forfattarnamn; "Ingenmannsland"

    Eit elskande par hamnar på sjøen, ei kvinne tar seg av den aldrande mor si og prøver å finne kjærleiken samstundes, ein gut er redd for å bli eit monster i løpet av natta, ei kvinne ber den døde hunden sin gjennom skogen for å finne ein gravstad. Novellene i Ingenmannsland handlar om utroskap, angst, kjærleik og lengt, men òg om kampen for tilværet, utanforskap og radikalisering. Her er realistisk

  • Siri Helle aktuell med bok om praktisk arbeid

    ​25.3. lanserer Samlaget Med berre nevane av Siri Helle. Boka er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede over å gjere ting sjølv. Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne.
    Siri H

  • Mørk familiekrønike frå dansknorsk stjerneskot

    Maren Uthaug er aktuell med romanen Der det finst fuglar. Boka er eit utradisjonelt slektsdrama frå Trøndelagskysten i mellomkrigstida. I boka fortel dansk-norske Maren Uthaug, som har basert forteljinga på historier om si eiga slekt ho sjølv høyrde i barndommen, om kva isolasjon, sterke drifter, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere.​
    For å redde mor si må Johan gifte seg med M

Vis mer