Debuterer med feministisk diktsamling om einsemd og lausriving
Debutsamlinga Ho av Christine Kjellstrøm Melby skildrar einsemda etter eit brot, ein vinterdepresjon som veks ut av proporsjonar - for ikkje å snakke om klørne som veks ut av føtene og sprenger seg ut av joggeskoa. Ei kvinne blir forvandla frå menneske til dyr, frå dyr til jord - og frå jord til kvinne igjen.
Grensene blir uklare mellom natur og sivilisasjon, fortid og framtid og mellom det me