Ida Hove Solberg debuterer med lyrikksamlinga "Var det grønt"; ei oppløysingssoge, ein sørgesong og ein protest
Kven skal gråte for den siste haren?I Var det grønt har Hove Solberg skrive ei oppløysingssoge, ein sørgesong og ein protest, som spring ut av ein klar augeblink i ei elles mørklagd verd. I den stunda da tilværet tar slutt, grip dikta etter det som var, glimt frå ein morgon ved frukostbordet, lydane frå ein radio, ein platespelar eller ein trikk, ei gryande kjensle av at noko er i endring: minne s