Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Lasse Kolsrud har sjølv vore på sjøen, lik karakteren han skal spele; Lauritz Moe. Foto: Magnus Skrede.

    Teater om ein generasjon sjømenn

    I midten av 1970-åra hadde nær ein tredjedel av alle yrkesaktive norske menn arbeidd til sjøs i kortare eller lengre periodar. Skodespelar Lasse Kolsrud var ein av dei.

  • Opnar nye dører i Dylans univers

    Opnar nye dører i Dylans univers

    Bob Dylan blir hylla av artistar og forfattarar verda over. I 2016 blei han tildelt Nobelprisen i litteratur og i 2020 set Det Norske Teatret opp ei konsertframsyning med fleire nye norske omsetjingar for å opne nye dører til det dylanske universet.

  • Illustrasjon: Kim Hiorthøy.

    Er vi forplikta til å ta vare på foreldra våre?

    ​Goksøyr & Martens har gjort det til sitt varemerke å lage dokumentariske teaterframsyningar med nære og gjenkjennelege tema frå kvardagen. Denne gongen undesøker dei korleis smittevernet har utfordra forholdet til våre næraste, korleis fråværet av ritual påverkar oss og om vi er forplika til å ta vare på foreldra våre når dei blir gamle og treng hjelp.

  • Gjertrud Jynge som den tause skodespelarinna Elisabeth, Kjersti Dalseide som sjukepleiaren Alma. Foto: Dag Jenssen.

    Bergmans Persona i klaustrofobisk sceneversjon

    Gjertrud Jynge i rolla som den sjølvvalde tause skodespelarinna og Kjersti Dalseide som sjukepleiaren er plasserte i ein smal, kvit boks når Ingmar Bergmans meisterverk Persona blir teater.

  • 10 skodespelarar, 7 dansarar og 26 barn fordelte på 2 lag står saman på scenen i Bienes historie. Foto: Erik Berg.

    Bienes historie - tilgjengeleg for alle

    Det Norske Teatret i samarbeid med Nasjonalballetten gjer eit kjempeløft når Bienes historie blir musikal på Hovudscenen 11. september. Over 70 personar er i sving på og bak scenen, og for første gong inviterer Det Norske Teatret til den mest tilgjengelege urpremieren i norsk teaterhistorie.

  • Kvifor er menneska så vonde og bestialske? Dette undersøker gjengen som skal spele Bestialitetens historie på Scene 2. Oddgeir Thune som Protokollføraren. Foto: Magnus Skrede.

    Bestialitetens historie som punkrock-teater

    I høve Jens Bjørneboe sitt 100-årsjubileum set Det Norske Teatret opp den omdiskuterte forfattarens hovudverk i ein ukonvensjonell versjon på Scene 2.

  • Peter Andreas Hjellnes Moseng i rolla som Charlie i Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken, ei av framsyningane som sette sitt preg på 2019. Foto: Erik Berg.

    Årsmøte i Det Norske Teatret

    Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 20. juni, om lag 2 månader etter opphavleg dato.

  • Ny haust på Det Norske Teatret

    Ny haust på Det Norske Teatret

    I dag legg Det Norske Teatret fram heile programmet for hausten 2020. Etter ein annleis vår, satsar Det Norske Teatret på ein sterkt musikalsk sesong med heile tre musikkteaterframsyningar på Hovudscenen.

  • Pål Christian Eggen som Tevje i Spelemann på taket. Foto: Erik Aavatsmark.

    Det beste frå dei beste musikalane

    I 2013 blei Det Norske Teatret 100 år, og Musikalar i 100 er ei festframsyning med smakebitar frå dei mange musikalsuksessane ved teateret.

  • Her på Det Norske Teatrets fortau, kan ein høyre teatrets stemme kvar kveld. Foto: Siren Høyland Sæter.

    Tale frå eit tomt teater

    På fortauet utanfor Det Norske Teatret kan ein kvar kveld høyre Roland Schimmelpfennigs essay om teateret i krisetid.

Vis mer