Villanda blir strøyma på nytt
Heddaprisvinnaren Villanda får to nye strøymedatoar i januar.
Heddaprisvinnaren Villanda får to nye strøymedatoar i januar.
Det blir ikkje jul utan musikken. Alle har ein favoritt dei berre må høyre for å få den endelege julestemninga. Det Norske Teatret har utfordra nokre av dei sterkaste songkreftene i ensemblet til å hente fram sine private juleskattar. I lag med bandet frå Vikla inn i blått har dei pakka desse songane inn i raudt.
Det Norske Teatret har vore ambisiøse i satsinga på direktestrøyming av teater. No blir tilbodet utvida med ein strøymeversjon av den prisvinnande framsyninga Villanda.
I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Julie Moe Sandø og Preben Hodneland.
Våren kjem til å bli travel på Det Norske Teatret!
Kva gjer det med oss menneske når alt er til sals, korleis ser vi på vår neste? Som ein... ting? Og kva om denne neste faktisk ER ein ting?
Ved hjelp av OBOS billettfond får nærare 4000 elevar frå 10. klasse og oppover moglegheit til å sjå teaterversjonen av Maja Lundes Bienes historie strøyma rett til klasserommet.
I Linje 5 går T-banen og liva til Groruddølane i parallelle spor. Rappar Don Martin og forfattar Zeshan Shakar er vokst opp her. I framsyninga dei har skrive i lag, strør dei ut eit knippe skjebnar som går på skjener, står på perrongen eller har spora av, nett som T-banen som går som ei livslinje gjennom dalen.
Regissør Peer Perez Øian, skodespelar Ane Dahl Torp, musikar Sjur Miljeteig og lysdesignar Kyrre Heldal Karlsen samarbeidde om den kritikarroste framsyninga Solaris korrigert i 2016. No skal dei igjen ta for seg ein framtidsfabel om mennesket i møtet med framand intelligens når kultklassikaren Solaris skal til scenen.
I midten av 1970-åra hadde nær ein tredjedel av alle yrkesaktive norske menn arbeidd til sjøs i kortare eller lengre periodar. Skodespelar Lasse Kolsrud var ein av dei.
Bob Dylan blir hylla av artistar og forfattarar verda over. I 2016 blei han tildelt Nobelprisen i litteratur og i 2020 set Det Norske Teatret opp ei konsertframsyning med fleire nye norske omsetjingar for å opne nye dører til det dylanske universet.
Goksøyr & Martens har gjort det til sitt varemerke å lage dokumentariske teaterframsyningar med nære og gjenkjennelege tema frå kvardagen. Denne gongen undesøker dei korleis smittevernet har utfordra forholdet til våre næraste, korleis fråværet av ritual påverkar oss og om vi er forplika til å ta vare på foreldra våre når dei blir gamle og treng hjelp.